Lågintensitetskrig
Verda ser ut til å ha fått ein ny type krig.
I desember 2016 fekk Israel det fyrste F-35-flyet frå USA. No vert flya nytta til løynd bombing i grannelanda.
Foto: Ariel Schalit / AP Photo / NTB scanpix
I slutten av juli gjekk brått eit stort iransk våpenlager i lufta i Nord-Irak. Førre veke ramla det dronar over Hizbollahs hovudkvarter i Libanon. I Syria er det stadig eksplosjonar på basar som vert kontrollerte av Iran-venlege styrkar. Ingen tek på seg ansvaret for desse hendingane. Men «alle» veit at det er Israel som står attom. Fenomenet vert kalla lågintensitetskrig. Sverre Diesen er sivilingeniør og tilknytt Forsvarets forskingsinstitutt på Kjeller. Ei tid var han òg forsvarssjef.
– Det Israel gjer, er eit typisk fenomen for vår tid. Ein går frå høg intensitet og bruk av stor og overveldande styrke til låg intensitet med bruk av relativt lite makt, men over lang tid. Særleg typisk er dette i Midtausten. Ein «vanleg» konvensjonell krig er særs risikabel og kostar mykje. Sjølv om ein vinn ein kort og intensiv krig, veit ein ofte ikkje kva ein får, og kva krefter ein slepper laus. Resultatet av konvensjonell krig har vorte mykje meir usikkert.
– Men låg intensitet mot til dømes Iran fører vel ikkje til at Israel får eit meir venleg regime der?
– Nei, låg intensitet er på ingen måte like eigna til å skapa eit klart resultat på slagmarka som ein tradisjonell krig. Ein må opp på eit visst nivå for til dømes å få til regimeendring. Problemet med låg intensitet er at tida går, og tida er ikkje nøytral. Vi veit ikkje kven tida er til fordel for. Men målet med lågintensitetskrig er å endra åtferd og politiske posisjonar. Vi ser altså ei endring i krigskarakteren. Vi får fleire konfliktar enn før, men på eit mykje lægre nivå. Vi kan ikkje lenger tenkja anten krig eller fred. Vi har i staden glidande overgangar. Det er òg vanskeleg å skilja klart mellom ven eller fiende. I den eine dimensjonen er det sjia mot sunni, i ein annan arabarar mot persar, i ein tredje Israel mot presteregimet. I éin dimensjon samarbeider vi, i ein annan drep vi kvarandre. Men for Israel er det liten tvil om at Iran no har passert dei arabiske regima som hovudfiende.
– Men det er vel òg teknologi? Israel har no både F-35 og dronar. Båe kan operere nesten utan geografiske avgrensingar.
– Det er klart at teknologi speler ei særs viktig rolle. Våpenplattformene, til dømes F-35, er mykje mindre sårbare enn tidlegare plattformer. Éin ting er det at plattformene har fått så lang rekkjevidd, men sjølve våpena gjer at plattformene ikkje treng å utsetja seg for stor risiko. Nokre av kryssarmissila Russland nytta i Syria, har ei rekkjevidd på 2000 kilometer og treffer innanfor ein diameter på fem meter. Du treng ikkje ein F-35 for å fyra av eit slikt missil, du treng berre ein lastebil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.