Lågintensitetskrig
Verda ser ut til å ha fått ein ny type krig.
I desember 2016 fekk Israel det fyrste F-35-flyet frå USA. No vert flya nytta til løynd bombing i grannelanda.
Foto: Ariel Schalit / AP Photo / NTB scanpix
SAMTALEN
Sverre Diesen
Sivilingeniør
AKTUELL
Israel bombar i tre land
SAMTALEN
Sverre Diesen
Sivilingeniør
AKTUELL
Israel bombar i tre land
jon@dagogtid.no
I slutten av juli gjekk brått eit stort iransk våpenlager i lufta i Nord-Irak. Førre veke ramla det dronar over Hizbollahs hovudkvarter i Libanon. I Syria er det stadig eksplosjonar på basar som vert kontrollerte av Iran-venlege styrkar. Ingen tek på seg ansvaret for desse hendingane. Men «alle» veit at det er Israel som står attom. Fenomenet vert kalla lågintensitetskrig. Sverre Diesen er sivilingeniør og tilknytt Forsvarets forskingsinstitutt på Kjeller. Ei tid var han òg forsvarssjef.
– Det Israel gjer, er eit typisk fenomen for vår tid. Ein går frå høg intensitet og bruk av stor og overveldande styrke til låg intensitet med bruk av relativt lite makt, men over lang tid. Særleg typisk er dette i Midtausten. Ein «vanleg» konvensjonell krig er særs risikabel og kostar mykje. Sjølv om ein vinn ein kort og intensiv krig, veit ein ofte ikkje kva ein får, og kva krefter ein slepper laus. Resultatet av konvensjonell krig har vorte mykje meir usikkert.
– Men låg intensitet mot til dømes Iran fører vel ikkje til at Israel får eit meir venleg regime der?
– Nei, låg intensitet er på ingen måte like eigna til å skapa eit klart resultat på slagmarka som ein tradisjonell krig. Ein må opp på eit visst nivå for til dømes å få til regimeendring. Problemet med låg intensitet er at tida går, og tida er ikkje nøytral. Vi veit ikkje kven tida er til fordel for. Men målet med lågintensitetskrig er å endra åtferd og politiske posisjonar. Vi ser altså ei endring i krigskarakteren. Vi får fleire konfliktar enn før, men på eit mykje lægre nivå. Vi kan ikkje lenger tenkja anten krig eller fred. Vi har i staden glidande overgangar. Det er òg vanskeleg å skilja klart mellom ven eller fiende. I den eine dimensjonen er det sjia mot sunni, i ein annan arabarar mot persar, i ein tredje Israel mot presteregimet. I éin dimensjon samarbeider vi, i ein annan drep vi kvarandre. Men for Israel er det liten tvil om at Iran no har passert dei arabiske regima som hovudfiende.
– Men det er vel òg teknologi? Israel har no både F-35 og dronar. Båe kan operere nesten utan geografiske avgrensingar.
– Det er klart at teknologi speler ei særs viktig rolle. Våpenplattformene, til dømes F-35, er mykje mindre sårbare enn tidlegare plattformer. Éin ting er det at plattformene har fått så lang rekkjevidd, men sjølve våpena gjer at plattformene ikkje treng å utsetja seg for stor risiko. Nokre av kryssarmissila Russland nytta i Syria, har ei rekkjevidd på 2000 kilometer og treffer innanfor ein diameter på fem meter. Du treng ikkje ein F-35 for å fyra av eit slikt missil, du treng berre ein lastebil.
– Og det vert meir av slikt?
– Absolutt. Det aller meste av utviklingsarbeidet på nye missil er på programvare. Eksplosiva vert nesten trivielle. No kan til dømes to eller fleire missil samarbeida på veg mot målet: «No vart eg opplyst av luftvern, du lyt taka ein annan veg», og så vidare. Her skjer det så mykje at avveging mellom plattform og våpen vert stadig meir komplisert.
– Men om våpen vert viktigare enn plattform, vert både faren og kostnadene ved lågintensitet lægre. Vert det ikkje freistande å taka i bruk slike missil til dømes?
– Ja, og særleg kan det verta freistande for småaktørar. Den Iran-støtta militsen i Jemen har til dømes fått sjørakettar. Det gjer noko med korleis ein kan tenkja om sjøkrefter. Dessutan jamnar teknologien ut skilnaden mellom store aktørar og mindre aktørar. Teknologiutviklinga er nokså demokratisk. Vi får òg ei utvikling i retning av nektingsstrategiar framfor kontrollstrategiar. Takk vera missila kan ein nekta ein motpart å taka kontroll over eit område, det vera seg i form av frakt, utplassering av styrkar eller politisk kontroll. «Nei, vi får ikkje kontroll over området, men vi kan nekta motparten det same.»
– Det er vel det Israel held på med i Syria, Irak og Libanon?
– Ja, her speler nektingsstrategi ei heilt særmerkt rolle. Både i Syria og Libanon har regima nærast implodert, det igjen har opna for at andre aktørar kan taka kontroll. Israel sender gjennom denne typen lågintensitetskrig ut eit klart signal til Iran om at landet ikkje finn seg i at iranske styrkar er i desse områda.
– Kjem Israel til å nå målet sitt?
– Det veit eg ikkje, men det eg veit, er at Israel kjem til å strekkja seg ganske så langt. Spørsmålet er ikkje kor langt Israel er viljug til å gå, men kva USA kjem til å gå med på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Teknologiutviklinga er
nokså demokratisk.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.