Kommentar
Lærdom i praksis
Når ein meir praktisk skule skal gå frå papir til røyndom, er det noko alle skal tene på.
Det er vel nærast opplese og vedteke no – i det minste på papiret: Alle stortingsparti meiner vi skal gjere utdanninga i norske grunnskular meir praktisk. Ein ikkje uviktig del står likevel att: Korleis – og ikkje minst kvifor – skal vi gjere det?
Her skil partia i større grad veg. Der Høgre i si fagfornying snakka mykje om rekruttering til yrkesfag og næringsliv, skriv Arbeidarpartiet i sitt partiprogram: «Praktisk-estetiske fag har en verdi i seg selv og må sikres en større plass i alle barns skolehverdag. I teorifag er det også viktig å ta i bruk flere praktiske tilnærmingsmåter for å lære fagstoff.»
Dette er ei god formulering. Men får ho sjå dagens lys gjennom eit klasseromsvindauge med det fyrste? I framlegget til statsbudsjett lovar regjeringa meir vidareutdanning av lærarar i praktiske og estetiske fag (definert som gym, kunst og handverk, musikk, mat og helse), men eg finn elles få konkrete tiltak retta mot grunnskulen.
Praksis kostar pengar
SVs alternative budsjett går lenger: Her er det forstått at å skape ei «meir praktisk og variert undervisning» kostar pengar, og det er mellom anna løyvt midlar til utvikling, eit kompetansesenter og læremiddel (rentekompensasjonsordning).
Lat oss håpe at desse tiltaka finn vegen inn i den verkelege skuleverda – for å skape ein meir praktisk skule som er god for alle born, ja, eg meiner ikkje berre dei som har problem med å sitte stille på ein stol bak ein pult med ein skjerm, eg meiner ein skule som lèt alle elevar utvikle seg og finne potensialet i sine praktiske sider, rett og slett fordi dei er menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.