Kommentar
Kyrkja støttar Putin, men det er neppe nok
Dei neste kritiske dagane vil den russiske kyrkja vera ei konserverande kraft. Men det er langt frå sikkert at det kan redda Putin.
11. september 2021: Vladimir Putin og patriark Kirill i den russiske ortodokse kyrkja tenner talglys på ein minnestad ved Peipussjøen, der slaget på isen skal ha stått i 1242.
Foto: Alexei Druzhinin / AP / NTB
Heilt sidan oppløysinga av Sovjetunionen har den russisk-ortodokse kyrkja vore eit mektig organ i hendene til dei russiske styresmaktene. Kyrkja har velsigna våpna. Ja, sjølv atomubåtar er blitt velsigna av det ortodokse hierarkiet.
Sist sundag følgde overhovudet for den russiske kyrkja, patriark Kirill, opp denne tradisjonen. I ei fråsegn sa han at det som no skjer, ikkje måtte føra til ei splitting av det ukrainske og det russiske folket:
– Gud gjev at den noverande politiske situasjonen til brorfolket vårt i Ukraina ikkje fører til at dei vonde kreftene som alltid kjempar mot einskapen til Rus og til den russiske kyrkja, skal få overtaket, sa patriarken.
Han slo fast at Ukraina – etter hans syn – var ein del av det han kalla «det russiske landet». Krigen som no går føre seg, er altså ein krig mellom brør som høyrer saman, ikkje mellom to land.
Tett samband
Utspelet til patriark Kirill, som er gjeve att mellom anna i avisa Nezavisimaja Gazeta, er så lite uventa som noko kan bli. Som i tsartida har det vore eit tett samband mellom den russiske staten og den russiske kyrkja. Båe har sett kyrkja som ein forlengd arm av staten. Difor er det knapt nokon ting som tyder på at kyrkja kjem til å leggja kjelkar i vegen for Putin etter at han gjekk til åtak på Ukraina 24. februar i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.