Kva som må til for å verta 100 årNo også i Dag og Tid: Slik lever du lenger. Diverre er det vanskeleg å få til «slik».

No også i Dag og Tid: Slik lever du lenger. Diverre er det vanskeleg å få til «slik».

Om du vil leva lenge, er det ingen god idé å gå åleine til kyrkjegarden. Det er mykje sunnare å vera i ei gruppe enn å vera åleine.
Om du vil leva lenge, er det ingen god idé å gå åleine til kyrkjegarden. Det er mykje sunnare å vera i ei gruppe enn å vera åleine.
Publisert

Helse

Dårleg stress forkortar livet, det er eit såkalla robust funn. Difor bør vi unngå helsesidene og helseoppslaga til avisene. Dei gjer oss berre deprimerte og aukar nivået av stresshormonet kortisol. Ein artikkel frå Aftenposten har vore den mest delte på sosiale medium den siste veka. Vi ser ein person som drikk eit glas vin. «Forkorter livet med en halvtime», var tittelen – ein kan verta lei seg av mindre. Men som ein vittig hund skreiv på Facebook: «Både eg og alle venene mine er altså døde.»

Likevel: Det hadde vore interessant å få vita kva som gjev oss eit langt og godt liv. Kva skal til dømes til utover gode genar for å verta over 100 år? Det veit vi faktisk nokså mykje om, og svara er kan henda ikkje heilt dei du har sett føre deg. Ja, både alkohol, høgt blodtrykk, trening og forureining spelar ei rolle den eine eller andre vegen, men dei faktorane er ikkje så viktige som vi har inntrykk av. Visste du til dømes at for eldre i gjennomsnitt er det viktigare å taka influensavaksine enn å trena? Fortel det til mosjonistar og vaksinemotstandarar.

Julianne Holt-Lunstad er ein forskar ved Brigham Young University i Utah. Ho er nøye, vidgjeten og fyrsteforfattar av ein såkalla metastudie som vart publisert i 2010 i PLOS Medicine. Studien er mellom dei mest siterte internasjonalt dei siste åra. Ein liknande studie frå 2015 har gjeve henne fleire prisar. Ho og medforfattarane tok for seg ei stor gruppe middelaldrande og litt eldre, over 300.000 menneske. Forskarane såg på alt mogleg rart: Kor ofte går du til dokter, kva et du, kva slags mosjon driv du med og kor ofte, er du gift, drikk og røykjer du, har du mykje eller lite sosial kontakt? Lista vart lang.

Så sette forskarane seg ned og venta. Etter å ha sett på korleis det gjekk over sju år, summerte dei det heile opp. Kven var i live, kven var borte, og korleis hadde dei levd? Om du vil ha ei kort oppsummering, kan du søkja på TED, som har internettførelesingar, og «Susan Pinker», som er psykolog og har skrive bok om kva som må til for å leva lenger.

Ti farar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement