JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva som må til for å verta 100 år

No også i Dag og Tid: Slik lever du lenger. Diverre er det vanskeleg å få til «slik».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om du vil leva lenge, er det ingen god idé å gå åleine til kyrkjegarden. Det er mykje sunnare å vera i ei gruppe enn å vera åleine.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

11488
20180420
11488
20180420

Helse

jon@dagogtid.no

Dårleg stress forkortar livet, det er eit såkalla robust funn. Difor bør vi unngå helsesidene og helseoppslaga til avisene. Dei gjer oss berre deprimerte og aukar nivået av stresshormonet kortisol. Ein artikkel frå Aftenposten har vore den mest delte på sosiale medium den siste veka. Vi ser ein person som drikk eit glas vin. «Forkorter livet med en halvtime», var tittelen – ein kan verta lei seg av mindre. Men som ein vittig hund skreiv på Facebook: «Både eg og alle venene mine er altså døde.»

Likevel: Det hadde vore interessant å få vita kva som gjev oss eit langt og godt liv. Kva skal til dømes til utover gode genar for å verta over 100 år? Det veit vi faktisk nokså mykje om, og svara er kan henda ikkje heilt dei du har sett føre deg. Ja, både alkohol, høgt blodtrykk, trening og forureining spelar ei rolle den eine eller andre vegen, men dei faktorane er ikkje så viktige som vi har inntrykk av. Visste du til dømes at for eldre i gjennomsnitt er det viktigare å taka influensavaksine enn å trena? Fortel det til mosjonistar og vaksinemotstandarar.

Julianne Holt-Lunstad er ein forskar ved Brigham Young University i Utah. Ho er nøye, vidgjeten og fyrsteforfattar av ein såkalla metastudie som vart publisert i 2010 i PLOS Medicine. Studien er mellom dei mest siterte internasjonalt dei siste åra. Ein liknande studie frå 2015 har gjeve henne fleire prisar. Ho og medforfattarane tok for seg ei stor gruppe middelaldrande og litt eldre, over 300.000 menneske. Forskarane såg på alt mogleg rart: Kor ofte går du til dokter, kva et du, kva slags mosjon driv du med og kor ofte, er du gift, drikk og røykjer du, har du mykje eller lite sosial kontakt? Lista vart lang.

Så sette forskarane seg ned og venta. Etter å ha sett på korleis det gjekk over sju år, summerte dei det heile opp. Kven var i live, kven var borte, og korleis hadde dei levd? Om du vil ha ei kort oppsummering, kan du søkja på TED, som har internettførelesingar, og «Susan Pinker», som er psykolog og har skrive bok om kva som må til for å leva lenger.

Ti farar

Holt-Lunstad delte det heile inn i ti faktorar. Kva fører til eit kort eller langt liv? Kva er mest farleg? Dei farlege faktorane vart så vekta, frå 0 til 1. Diverre for Miljøpartiet Dei Grøne er dårleg luft, i gjennomsnitt, minst farleg. Det vil ikkje seia at du skal taka deg arbeid i ei asbestgruve i morgon. Men når vi ser på store grupper, har dei små eller nær ingen problem med luftkvaliteten. På skalaen frå 0 til 1 var luftkvaliteten på godt under 0,1.

Høgt blodtrykk, det har vi alle lært er farlege saker. Og jau då, du bør få behandling, men i gruppene som hadde vorte undersøkte, var det både behandla og ikkje-behandla. Likevel kom høgt blodtrykk i gjennomsnitt – vi snakkar heile tida om gjennomsnitt her – berre på niandeplass og passerte så vidt 0,1 som risikofaktor.

Kva med slank versus feit? Det er heller ikkje så viktig – i gjennomsnitt. Det er i grunnen såpass uviktig at du ikkje treng å ha så dårleg samvit for å vera litt overvektig. Som risikofaktor hamna overvekt berre på åttande plass og har ein faktor på nett 0,2. Det òg er lågt.

Trim og trening er det heller ikkje så farleg med. Om du ikkje trenar, er det så vidt farlegare enn å vera feit, og det er altså ikkje så farleg. Manglande trening kara seg så vidt forbi overvekt som risikofaktor. Det gjorde òg hjarteproblem. Har du gått gjennom ei eller anna hending med hjartet og får behandling for det, ja, så er det nesten på millimeteren like farleg som ikkje å trena. Båe faktorane ligg på litt over 0,2 på risikoskalaen.

Tak vaksine

No byrjar det å draga seg til, men ikkje mykje. Det femte mest farlege du kan gjera, er ikkje å taka influensavaksine. Influensa kan føra til andre infeksjonar, og så har du det gåande. Men ikkje i særleg grad. Risikoen ved ikkje å taka vaksine er om lag 0,25, men det er altså farlegare å ignorera vaksinen enn å vera feit eller utrena.

No er vi på fjerdeplass, og diverre for dei som vart deprimert av oppslaget i Aftenposten, er alkohol ein risikofaktor, men heldigvis ikkje så farleg som tittelen i Aftenposten kunne tyda på (studien dei viste til, synte i hovudsak at dei som drakk mykje av tida, altså alkoholikarar, kunne få reduserte levetida med ein halvtime per eining). Å drikka versus ikkje å drikka aukar risikoen for tidleg død med litt over 0,3. Men ingen av dei sju risikofaktorane vi så langt har lista opp, er så farlege i seg sjølv. Når det er sagt: Alle dei sju fyrste faktorane lagde saman, vert noko anna. Om du både drikk, er feit, har høgt blodtrykk og unngår fysisk aktivitet, har du eit problem. Hugs det.

Dei tre dreparane

Så til dei tre største risikofaktorane: Den tredje er banal, det uventa er at den faktoren ikkje kom høgre opp. Det tredje mest farlege du kan halda på med av dei ti faktorane på lista, er røyking. No er vi komne opp i 0,5. Å røykja er altså dobbelt så farleg som ikkje å taka influensavaksine. For å seia det slik: Om du er oppe i åra, røykjer og lèt vera å taka vaksinen, lever du farleg.

Det fine med alle faktorane som har vorte nemnde til no, er at vi i nokså stor grad kan kontrollera desse sjølve. Dei fleste kan trena litt, vi kan òg lata vera å drikka og røykja. Men dei to farlegaste tinga du kan halda på med, er det verre å få gjort noko med. Dei er båe sosiale.

Vil du leva lenge, må du ha vener, nære vener og familie rundt deg. Litt enkelt sagt: Ein nær ven er ein du kan ringja og låna pengar av om du slit. Ein nær ven eller ein familiemedlem dukkar med ein gong opp ved sjukesenga di om du hamnar på sjukehus. Å mangla nære vener og familie er det nest mest farlege du kan utsetja deg for, risikofaktoren er på vel 0,6. Men dette er ikkje nok om du verkeleg vil leva lenge. Det viktigaste du kan ha i livet ditt, er generell menneskeleg samhandling, eller litt meir vitskapleg sagt: sosialt samkvem. Du må snakka med menneske kvar dag, og du bør møta så mange som råd.

Snakkar du med ho som slår inn varene dine på butikken, etablerer du svake eller sterke sosiale band med han som lagar kaffi til deg på veg til arbeid, bryr du deg om korleis dottera til postmannen har det, ja, så gjer du ein lur ting. Du bør altså både ha nære vener og familie rundt deg og verta ein aktiv deltakar i det sivile og det kommersielle samfunnet. Forenkla: Er du ein sosial person som har born, nære vener og ikkje er skild, ja, så vil du mest truleg – i gjennomsnitt – leva lenge i landet. Nære band er det nest viktigaste du kan ha, å vera sosial det meste av tida, er det viktigaste. Nei, seier Pinker, det vil ikkje seia at du må vera positiv. Det går greitt å vera sur og tverr så lenge du likevel er sosial. Men vil du verta gamal, er det betre å kjefta på dei andre på den lokale kafeen enn å kjefta på fjernsynet.

Facebook er ikkje bra

Men no har vi då fått sosiale medium, som igjen har ført til at vi er langt meir aktive i kommunikasjon med andre, då kan vi vel roa oss litt? Nei, det kan vi diverre ikkje. Sosiale medium er mest truleg uheldig. Det er nok av funn som syner at det å sjå på noko statisk, som tekst på skjerm, i høgda er nøytralt, men mest truleg uheldig. Som Pinker seier:

«Andlet-til-andlet-kontakt­
frigjer massivt med nevro­­­trans­mitterar, og nett som ein vaksine vernar dei deg no og i framtida. Noko så enkelt som å få augekontakt med nokon, handhelsa eller gje nokon high-five er nok til å frigjera oxytocin (det såkalla kjærleikshormonet, red. merk), som igjen fører til høgre tillit og reduserer kortisolnivåa.»

Er funna overraskande? I grunnen ikkje. Men lækjarar har det ikkje med å snakka mykje om det sosiale, for som nemnt er det ikkje så mykje vi kan gjera med det. Kortisol er stikkordet, det er det dårlege stresshormonet, det som vert utløyst om du ikkje har kontroll over kvardagen din, og som gjer deg ulukkeleg. Funna til Holt-Lunstad samsvarer langt på veg med den mest legendariske sosialmedisinske granskinga nokon gong, nemleg Whitehall-studien, som vart omtalt i Dag og Tid i 2007, og som vart starta i 1967 av professor Donald Read og professor Geoffry Rose ved University College London (UCL), seinare overteken av den store epidemiologen Michael Marmot.

Forskarane sette opp ein stor, men konvensjonell studie på kva slags risikofaktorar det var som kunne føra til hjarte-, kar- og lungesjukdomar. Dei såg på 18.000 menn i alderen 20 til 64 år, alle tilsette i regjeringsbyråkratiet i Whitehall. Dei registrererte blodtrykk, røykjevanar og kolesterolnivå, og dei gjekk heile vegen, frå døropnaren i parlamentet til departementsråden i Downing Street.

Vert sjef og vert sosial

Studien handla primært om kva slags biologiske risikofaktorar som kunne føra til hjarte- og karsjukdomar, «men nærast for å vera gode hushaldarar registrerte vi også kvar dei ulike mennene høyrde heime i hierarkiet», fortel Rose.

Så kva var det Marmot og dei andre fann ut? Jau, at om du ser isolert på hjartesjukdomar, er det ikkje slik at det er dei som er høgt på rangstigen og i såkalla stressande jobbar, som vert mest råka. Dei vert minst råka. Det er dei på botnen som får flest hjarteinfarkt. I tillegg finn vi ein tydeleg rangsamanheng. Di lægre du er i hierarkiet, di meir hjartesjukdom. Med andre ord: Dei i midten har fleire hjarteinfarkt enn dei på toppen, men langt færre enn dei på botnen.

Men det stoggar ikkje der. Den same regelen gjeld for diabetes, slag, magesår, ulukker, blind vald og så bortetter. Ja, det er til og med ein samanheng mellom kreft og kvar ein står på den sosiale rangstigen. Summert opp: Dei på botnen har meir enn tre gonger så høg mortalitet som dei på toppen, og då skal vi hugsa på, fortel Marmot, at dei ikkje nett er fattigfolk, dei som står lengst nede, «dei eig både hus, bilar og store fjernsyn».

Her er det at nokon sjølvsagt vil peika på at livsstil må ha noko å seia, at folk på botnen, middelaldrande og eldre menn på Sagene, røykjer meir, drikk både meir øl og dårleg brennevin, og attåt trenar mindre enn dei på toppen, dei på Vindern. Ja, det er ein samanheng mellom mortalitet og livsstil, men denne samanhengen kan i høgda forklåra 40 prosent, seier Whitehall-granskinga. Jamvel om ein korrigerer for livsstil, syner analysane at dei på botnen har 2,1 gong så høg mortalitet som dei som er øvst, og desse funna samsvarer langt på veg med det Holt-Lunstad har funne ut. Om du ikkje har god kontroll på samhandlinga med andre, vert du stressa og får høge kortisolnivå. Sagt på ein annan måte: Ein røykjande fleskeetar på toppen lever lenger enn ein ikkje-røykjande vegetarianar på botnen.

Skru av fjernsynet

Om vi skal spekulera, er det gjerne slik at dei som har ein god jobb, òg får eit godt liv. Dei med god inntekt, viser mange studiar, har fleire nære vener og vert i langt mindre grad skilde. Og for å verta leiar og få ansvar må du òg vera sosialt kompetent. Du må vita korleis du snakkar til folk, og kva du må gjera for at dei skal ha det bra. Dei som får til å vera slik, er vinnarar på alle område.

Elles er det gjort mange studiar på apeflokkar. Aper som vert isolerte eller degraderte, får svært høge kortisolnivå og generelt dårleg helse. Difor døyr dei tidleg. Og dersom du liker å røykja og drikka medan du chattar på Facebook eller ser på fjernsyn, slutt med det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Er du ein sosial person som har born, nære vener og ikkje er skild, ja, så vil du mest truleg – i gjennomsnitt – leva lenge i landet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Oppbretta brok i bratta

«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis