Kva skal til for å verta Warholm?

Det viktigaste når du skal verta så god som Warholm, er pausane.

Karsten Warholm ved starten på 400 meter hekk i OL i Tokyo. Warholm har makta det umoglege, å gjera sunnmøringar populære i resten av Noreg.
Karsten Warholm ved starten på 400 meter hekk i OL i Tokyo. Warholm har makta det umoglege, å gjera sunnmøringar populære i resten av Noreg.
Publisert Sist oppdatert

45,94 – det er så lett å hugsa. Det var tida Karsten Warholm nytta i Tokyo då han vann OL-gullet på 400 meter hekk. Det er umogleg å få tak i nokon i apparatet rundt Warholm. Men det nest beste er den store sprinttrenaren og professoren Jan Hoff, som i treningsmiljø verda rundt er kjend for si forsking på 4 gonger 4, som vil seia at du trenar intenst i fire gonger fire minutt.

– Kor mykje er trening og kor mykje er genetikk?

– Det er det umogleg å gje eit presist svar på. Slikt er ikkje lett å kvantifisera. Men det er klart at det at Warholm er så rask, i stor grad handlar om genetikk. Å være verkeleg rask er genetisk. Men alt kan trenast. Det er hjernen som styrer muskelfibrane våre, og hjernen kan få til utrulege ting om han vert vand til det. Det er to typar muskefiber: type éin og type to. Type éin gjer at du held ut, type to utviklar tempo og kraft. Båe fibrane kan trenast.

– Men han må ha meir av type to enn type éin?

– Du vert ikkje verdens beste gjennom tidene utan at du har ein del type-to-fiber, nei. Så ja, Warholm har nok meir type to enn gjennomsnittet, for å seia det slik. Men samstundes er genetikk nokså uvesentleg, for det er nok av menneske som har nett den type genetikken som Warholm har. Eg vil påstå at meir enn 95 prosent av prestasjonane som Warholm står for, kjem av trening. Det ligg vanvittig med rett type trening bak dette. Eg åt for kort tid sidan middag med ein av dei store amerikanske genetikarane. Han sa at han i høgda gjekk med på at berre 3 prosent av framferda til folk kunne forklarast med berre genetikk. Det finst mange som har Warholm-genetikk der ute.

– Kondis må likevel forklara ein del? Eg har sjølv prøvt meg på 400 meter ein gong. Det var forferdeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement