Kva skal til for å verta Warholm?
Det viktigaste når du skal verta så god som Warholm, er pausane.
Karsten Warholm ved starten på 400 meter hekk i OL i Tokyo. Warholm har makta det umoglege, å gjera sunnmøringar populære i resten av Noreg.
Foto: Heiko Junge / NTB
Samtalen
Jan Hoff
Trenar og professor i medisin ved NTNU
Aktuelt
Karsten Warholm sette verdsrekord i Tokyo-OL

jon@dagogtid.no
45,94 – det er så lett å hugsa. Det var tida Karsten Warholm nytta i Tokyo då han vann OL-gullet på 400 meter hekk. Det er umogleg å få tak i nokon i apparatet rundt Warholm. Men det nest beste er den store sprinttrenaren og professoren Jan Hoff, som i treningsmiljø verda rundt er kjend for si forsking på 4 gonger 4, som vil seia at du trenar intenst i fire gonger fire minutt.
– Kor mykje er trening og kor mykje er genetikk?
– Det er det umogleg å gje eit presist svar på. Slikt er ikkje lett å kvantifisera. Men det er klart at det at Warholm er så rask, i stor grad handlar om genetikk. Å være verkeleg rask er genetisk. Men alt kan trenast. Det er hjernen som styrer muskelfibrane våre, og hjernen kan få til utrulege ting om han vert vand til det. Det er to typar muskefiber: type éin og type to. Type éin gjer at du held ut, type to utviklar tempo og kraft. Båe fibrane kan trenast.
– Men han må ha meir av type to enn type éin?
– Du vert ikkje verdens beste gjennom tidene utan at du har ein del type-to-fiber, nei. Så ja, Warholm har nok meir type to enn gjennomsnittet, for å seia det slik. Men samstundes er genetikk nokså uvesentleg, for det er nok av menneske som har nett den type genetikken som Warholm har. Eg vil påstå at meir enn 95 prosent av prestasjonane som Warholm står for, kjem av trening. Det ligg vanvittig med rett type trening bak dette. Eg åt for kort tid sidan middag med ein av dei store amerikanske genetikarane. Han sa at han i høgda gjekk med på at berre 3 prosent av framferda til folk kunne forklarast med berre genetikk. Det finst mange som har Warholm-genetikk der ute.
– Kondis må likevel forklara ein del? Eg har sjølv prøvt meg på 400 meter ein gong. Det var forferdeleg.
– Det er to element som forklarar at du held ut. Den aerobe delen, kroppens evne til å omsetja oksygen til forbrenning, forklarer om lag 40 prosent. Resten er den anaerobe delen, kroppens evne til å arbeida med mjølkesyre, som er det som skjer når kroppen ikkje får nok oksygen. Warholm har opparbeidd seg ei utruleg evne til både å produsera, å fjerna og å tola mjølkesyre. Det han får til der, må vera heilt eksepsjonelt.
– Mjølkesyre er heilt grusomt. Korleis trener du for å tola det?
– Det viktigaste er sjølvsagt den mentale delen. Men du må trena opp muskulaturen til å taka i mot maks med mjølkesyre. Det gjer du best, når du trener på 400 meter hekk, gjennom gong etter gong å trena på 150 til 350 meter med repeterande sprintar. Men samstundes må du ha ein høg aerob evne, for det er oksygen som gjer at du bryt ned mjølkesyre, som du får massivt av under ein 400 meter. Du må berre få bort mjølkesyra for å halda heilt inn. Det er utruleg vanskeleg å trena på denne greina. Det er så komplekst, og du må få det heilt rett til.
– Men styrke ser ut til å spela ei rolle. Warholm har langt meir musklar enn til dømes Vebjørn Rodal hadde då han vann OL-gull på 800 meter flatt?
– At han har ein del musklar, handlar enkelt og greitt om at han må vera sterk. Styrken har stor effekt på arbeidsøkonomien. Di sterkare du er, di betre er det, og di mindre energi kostar det å springa i stor fart. Men samstundes må du bera på minst mogleg når du skal springa så langt som 400 meter. Igjen: Det er så komplekst å trena til ei øving som Warholm snart har fått ned i 45 sekund.
– Men kor mykje må du trena for å verta så god?
– Olympiatoppen seier at 1000 timar i året er ein grei tommelfingerregel. Men i Warholms tilfelle trur eg nok vi snakkar nærare eit heilt årsverk på over 1500 timar. Han må nemleg taka så lange pausar mellom kvar økt, pausane må til for å oppretthalda intensiteten. Den viktigaste rolla til trenaren, Leif Olav Alnes, er å få han til å taka lange nok pausar under treninga. Den verste delen av treninga er nok pausane.
– Alle andre ser ut til støtt å vera skadde. Warholm er aldri skadd. Korleis har det seg?
– Flaks. Men også mykje solid grunnlag i treninga. Han har opparbeidd god styrke i dei strukturane som tel. Men kondisjon hjelper. Du skal ha ein god del av det for å unngå overlast.
– Kva med søvn? No er Warholm i Japan, som har ei heilt anna tid enn Noreg.
– Det er nok eit av dei minste problema. All treninga gjev eit godt sovehjarte. Søvn er særs viktig, men det er utruleg få toppidrettsutøvarar som slit med å sova. Om dei slit, er det berre natta før ein viktig konkurranse. Då kan ein verta for nervøs.
– Du er kjend for forskinga di på 4 gonger 4. Trur du at Warholm nyttar den forma for trening?
– Det anar eg ingenting om. Eg var i mi tid faktisk trenaren til Alnes, og eg har òg vore trenar for Hilde Fredriksen, som kom til finalen i OL i 400 meter hekk. Alnes og eg har diverre mista kontakten. Men eg vonar og trur at 4 gonger 4 er ein del av treninga. Det er den beste frigjeraren av aerob kapasitet. Eg vonar eg har gjeve eit lite tilskot der.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg vil påstå at meir enn 95 prosent av prestasjonane som Warholm står for, kjem av trening.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.