JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva ser stormaktene når dei no ser mot Georgia?

Partiet Georgisk draum held fram med utanlandsagentlova trass i ein månad med demonstrasjonar. EU jenkar på krava, medan USA melder seg på med pisk og gulrot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Opprørspoliti slo ring om parlamentet i den georgiske hovudstaden Tbilisi 14. mai i år.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

14254
20240524
14254
20240524

Utanriks

ida@dagogtid.no

Er vi no så innsausa i forteljinga om at vårt tidsrom er ein skjebnesvanger kamparena der demokrati og autokrati kjempar om verdsherredømme, at vi står i fare for å banalisere det som går føre seg i Georgia? Eller er det så enkelt som georgiarar flest meiner at det er: for Georgia finst det faktisk berre to vegar vidare frå denne krossvegen, ein mot Russland og ein mot EU?

Det blei brått merkeleg stille frå Russland og EU, tenkte eg, i dagane etter at regjeringspartiet i Georgia, Georgisk draum, pressa gjennom den kontroversielle utanlandsagentlova som den siste månaden har fylt gatene med demonstrantar som meiner lova er snikrussifisering. Kanskje er ikkje EU villig til å sette hardt mot hardt her, fordi dei ikkje er interesserte i å utvide kampsona som Ukraina har blitt?

Denne veka kom derimot USA på banen i spelet om framtida til Georgia. På onsdag gjorde den amerikanske utanriksministeren, Antony Blinken, det klart at dei har planar om blande seg inn. «Vi er svært bekymra for utanlandsagentlova», sa han. «Eg trur diverre den er henta rett frå Moskvas playbook

Ein fekk ein forsmak på korleis ei slik innblanding vil bli møtt, då Joe Wilson, ein republikanar i Representanthuset frå Sør-Carolina, tidlegare same veke sa at han vil foreslå ein avtale som sikrar georgiarar lettare tilgang på amerikanske visum i byte mot at den georgiske regjeringa trekker tilbake lova. Amerikanaren kallar det for Megobari-traktaten, etter det georgiske ordet for venn.

Men handsrekkinga kom med atterhald: Om dei derimot ikkje trekker tilbake lova, truar amerikanaren med sanksjonar. Regjeringsmedlemmer som har kjempa for lova, skulle bli nekta visum til USA. Forslaget såg òg ut til å krevje at landet legg lokk på antivestleg retorikk.

«Det er altså ikkje den nye lova folk protesterer mot. Dei protesterer mot truslane, valden, arrestasjonane.»­

Eka Metreveli

Wilson sa i eit intervju at det georgiske folket er ei kroppsleggjering av fridomslengsel og avvising av Kremls mellomalderske mørke ­– ei inspirasjonskjelde for amerikanarar. Propaganda møtt med propaganda her, med andre ord, og kanskje ikkje det det vesle landet treng mest.

Georgisk draum avviste forslaget. I Georgia seier båe sider at det ikkje er rom for forhandling.

«Den georgiske regjeringa speler ikkje spel», svarte Georgisk draum, då det amerikanske forslaget blei kjent.

Dei sa: «Vi vedtek denne lova, som handlar om å gjere organisasjonar gjennomsynlege, fordi vi ikkje ser andre vegar mot fred for landet. Denne lova er ikkje eit forhandlingskort, men eit effektivt tiltak for å sikre georgisk suverenitet. Og vi kan ikkje under nokon omstende forhandle om landets suverenitet.»

Opposisjonen i Georgia insisterer på at utanlandsagentlova er ei russisk lov, designa for å kutte band til Vesten og føre landet inn under russiske venger. Men den georgiske regjeringa ser ikkje slik på det. Dei seier at lova handlar om å vere gjennomsynleg, om transparency, om å gjere aktørar etterrettelege. Slik blir lova, i deira retorikk, eit uttrykk for ansvarleggjering.

Eka Metreveli er direktør for den georgiske tenketanken Rondeli.

Foto: Bacho Iomaia

Om USA hadde hatt ei anstendig haldning til Georgia, seier Georgisk draum, så hadde dei vore liberale med visuma utan å vifte med dei på denne måten, utan atterhald og krav. Og her må ein kanskje innrømme at Georgisk draum har eit lite poeng; å kalle dette forslaget for megobari, «venn», luktar litt passiv-aggressivt, litt nedlatande, litt vel openbert manipulerande. For kva er eigentleg ei utstrekt hand frå ein som seier han vil vere venner, men som med den andre handa truar med å hogge heile armen av deg om du ikkje tek imot?

Den georgiske regjeringa seier at USA kunne spart seg for dette forslaget og heller anstrengt seg for å hindre menneskerettsorganisasjonars svertekampanjar mot regjeringa og planlegging av revolusjonar. I eit skriv skuldar regjeringa Vesten for å bruke opninga for EU-medlemskap som ein «konstant utpressing av Georgia».

Eg snakkar med Eka Metreveli. I tillegg til å vere Finlands konsul til Georgia er ho direktør i den georgiske tenketanken Rondeli, ei foreining for strategiske og internasjonale studium. I 22 år har dei utdanna og rådgitt over 5000 politikarar og statstilsette frå alle parti og regjeringar. Tenketanken har ei nettside som er mykje vitja, særleg på grunn av dei avanserte karta der dei gir kontinuerleg oppdaterte oversyn over Putins krig i Ukraina.  

– Vi er ei mangfaldig gruppe, men i eitt spørsmål har vi alltid vore samde: EU-integrasjon, seier Metreveli.

– Vi trur at EU-medlemskap er den einaste vegen til å gjere Georgia til ein demokratisk, moderne og effektiv nasjon. Vi har jobba med alle regjeringar og parti for å hjelpe dei i den retninga, også Georgisk draum. Vi tilbyr analysar, opplæring i utanrikspolitikk, mentorprogram. 

– Om det verkeleg har seg slik at denne lova er eit resultat av russisk press, kva slags press trur du det er snakk om? Kva slags makt har Russland over Georgia, heilt konkret? 

– I 2013 var georgisk handel med Russland nesten ikkje-eksisterande. No er vi finansielt avhengige av Russland. For å ta eit døme: 0 prosent av georgisk vin blei eksportert til Russland i 2016, no er eksporten på 68 prosent. Om lag 120.000 russarar har flytta til Georgia etter fullskalainvasjonen av Ukraina. Ein har òg hatt ein enorm auke i russisk turisme. Samstundes har vi fått dusinvis av prorussiske organisasjonar som har registrert seg her, som Eurasia Foundation. I byrjinga låg dei lågt, men ikkje no. Dei har gradvis jobba med å normalisere forteljingar om eit destruktivt Vesten og eit Georgia som deler grunnleggande verdiar med dei russiske. Anti-LHBT-propaganda har breidd om seg, særleg i den ortodokse kyrkja, der mange, men ikkje alle, er sterkt knytte til Russland. I 2016 fekk vi det første prorussiske partiet, noko som ville ha vore utenkeleg før. Posisjonen til Georgisk draum i alt dette er forvirrande for folk. Ein fraksjon av Georgisk draum seier framleis at dei vil inn i EU, men på eigne premissar, som ein «suveren stat». Men omgrepet «suveren stat» er her eit omkved for talking heads som representerer russiske interesser. Folk skjønar ikkje nødvendigvis kva det betyr.

– Kva fryktar folk mest, at Georgia skal bli eit nytt Ukraina, eller at det skal bli eit nytt Belarus? At noko militært skjer med det første, er vel høgst usannsynleg? Russland har hendene fulle i Ukraina?

– Russiske soldatar er berre 40 km frå Tbilisi. Der skjer det arrestasjonar og ulike former for tvang nesten dagleg. Det gjer noko med atmosfæren. Folk er verkeleg redde for Russland, og krigen i Ukraina har gjort det tydeleg at trusselen er reell. Men denne realiteten kan bli tatt til inntekt for båe sider. Ein kan seie at ein nettopp derfor treng å komme seg inn i den vestlege tryggleikssfæren, eller ein kan peike på Ukraina og seie: Sjå kor farleg det er å bevege seg vestover og ikkje pleie gode relasjonar med Russland.

Vi ikkje kan vite i kva grad utanlandsagentlova har blitt tvinga fram av Kreml. Det kan hende tidlegare statsminister og partistiftar Bidzina Ivanisjvili berre liker eller vil ha lova, uavhengig av banda han har til Russland. Dette gjer meg til tider usikker på om det er klokt av opposisjonen å legge så stor vekt på å kalle dette «den russiske lova». Eg lyttar heile tida etter konspirasjonsteoriane om at demonstrantane er profesjonelle aktivistar frå Vesten som spreier Nato-propaganda og fordervar ungdommen, fordi eg høyrer i desse forteljingane ekko av kulturkrigar overalt, frå amerikanske campusar til Putins krig i Ukraina, og i desse lurar det ein destruktiv understraum som eg trur kan bli historisk avgjerande. Det hender eg spør meg sjølv om det er ein slags sjølvsabotasje på lang sikt, for demokratiske rørsler å gjere Russland til eit for altomfemnande bilete på fare og trussel. Eg ser for meg at det matar antivestlege kjensler og styrker autokratar både her og der.

– Trur du det russiske elementet kan bli overspelt i den georgiske kampen mot lova og alt det ho representerer?

 – Russland har vore den største trusselen mot nasjonal tryggleik sidan Georgia blei sjølvstendig. Russlands påverknad er ingen konspirasjonsteori. Så nei, eg trur ikkje at det russiske elementet har blitt overspelt i kampen mot lova og alt ho representerer. Det er heilt tydeleg at Georgia no flyttar seg geopolitisk frå Europa og det euro-atlantiske mot Russland og Kina. Alle desse juridiske endringane, som lova om å kunne flytte offshoreverdiar inn i landet skattefritt, har som formål å skyve Georgia inn i den russiske sfæren og å stogge stien mot Europa.  

«Eg kan ikkje seie sikkert at Ivanisjvili er under direkte press frå Kreml, eller om han berre liker ideen om eit autoritært regime.»­

Eka Metreveli

Då eg gjekk blant demonstrantane i Batumi og Tbilisi for nøyaktig ein månad sidan, blei eg overraska over kor sentralt LHBT var i det heile. Eg prata med aktivistar og journalistar som meinte at dette var ei vilja utvikling frå regjeringa si side: Dei brukte russisk anti-LHBT-propaganda for å fremme ei forteljing om destruktiv vestleg dekadanse som vil kjernefamilien til livs. Som reaksjon hadde det å vere LHBT-vennleg blitt sinnbilete på å vere progressiv og vestleg, sa dei.

 – Eg synest det er djupt merkeleg at LGBT har blitt ein nøkkelstein i den georgiske kulturkrigen. Korleis blei det slik?

 – Lova mot såkalla LHBT-propaganda kom før utanlandsagentlova. Ho var meint å verke mobiliserande. Representantar frå Georgisk draum reiste rundt i heile Georgia for å spreie ideen om trusselen frå LHBT, men det funka ikkje heilt, skremselet fann ikkje den klangbotnen i folket som dei hadde forventa. Derfor skrifta dei strategi og foreinte tre ulike sakskompleks: LHBT, utanlandsagentar og skattar på offshoreverdiar. Dei freistar å kutte oksygentilførselen til den delen av den georgiske allmenta som framleis snakkar fritt, og den opplevde trusselen frå LHBT er eit middel for å nå det målet. Alle som markerer seg i demonstrasjonane mot utanlandsagentlova, blir no skildra som LHBT-aktivistar. Dei som fokuserer mest på LHBT-rettar oppi det heile, er eigentleg få, men dei er høgrøysta, dei kan vere aggressive, og politiet stoppar dei ikkje når dei blir aggressive.

 – Fordi det tener regjeringsinteresser?

 – Ja, det er i regjeringa si interesse å stigmatisere og marginalisere dei som er mot lova. Men ingenting av dette handlar eigentleg om lova. Det handla aldri om lova. Dette handlar om russisk innverknad på alle område av offentleg liv, det handlar om å mane fram anti-EU-kjensler, og det handlar om å skli baklengs vekk frå demokratiske verdiar. Her vil eg gå tilbake til det første spørsmålet ditt, om kva slags russisk press det er snakk om her. Eg kan ikkje seie sikkert at Ivanisjvili er under direkte press frå Kreml, eller om han berre liker ideen om eit autoritært regime. Men det har ikkje så mykje å seie, for utfallet er eitt og det same. Lova knyter oss nærare Russland, politisk og økonomisk, og markerer eit utanrikspolitisk skifte. Og det dreier seg ikkje berre om Russland heller. For to dagar sidan gjekk den kinesiske ambassadøren ut og sa at heile denne konflikten er ei intern georgisk sak, og at ingen andre land burde blande seg.

Demonstrantar i Tbilisi protesterer mot «russarlova».

Demonstrantar i Tbilisi protesterer mot «russarlova».

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

– Kjem vetoet som president Salome Zurabisjvili har lagt ned, til å bety noko?

 – Det betyr noko i den forstand at ho er den einaste i maktposisjon som er mot lova. Ho er på folkets side. Det har ei symbolsk verdi. Men vetoet i seg sjølv vil ikkje endre retninga. Det kjøper oss berre litt tid. Eg er sikker på at vetoet kjem til å bli overstyrt. Samstundes kjem det heile til å halde fram med å akselerere: valden mot demonstrantar, arrestasjonane. To av kollegaene mine har blitt arrestert for ingenting. Ein av dei er ein tidlegare minister som blei arrestert då han forsøkte å roe ned ein demonstrasjon han deltok i, ein annan kollega, 33 år gammal, gjekk heimover etter ein protest og blei arrestert og alvorleg banka opp av politiet. Georgisk draum kom til makta fordi dei stod for ein antivaldspolitikk. Det var derfor vi røysta på dei. Men så skulle det jo vise seg at denne regjeringa skulle bli den mest valdelege vi kunne fått. Dei stemplar meiningsmotstandarar som landsforrædarar, som truslar mot georgisk suverenitet. Desse blir forsøkt knebla. Det er altså ikkje den nye lova folk protesterer mot. Dei protesterer mot truslane, valden, arrestasjonane.

– Kva fryktar du mest på Georgia sine vegner? At Georgia skal bli det neste Ukraina, eller at det skal bli meir som Belarus?

 – Ein liten stat kan ikkje eksistere aleine. Den einaste måten for oss å vere sjølvstendige på er å vere del av eit demokratisk fellesskap med EU og det euro-atlantiske. Det er og har vore draumen til det georgiske folket. Vi er ikkje Tyrkia. Vi har ikkje eit stort handlingsrom. Vi er små. Den største trusselen for oss er å miste kandidatstatus. Om vi skal unngå å bli eit demokratisk svart hòl under ein russisk-kinesisk innverknadssfære, må vi inn i EU.

 – Det blei merkeleg stille frå Brussel idet lova blei pressa gjennom for ei veke sidan. I forkant hadde dei sagt så klart ifrå om at ei slik lov ville vere uforlikeleg med EU-medlemskap, men då det blei ein realitet, blei dei brått rundare i kantane. Kanskje er dei blitt vane med å jenke på krava, i møte med det nye trusselbiletet?  

 – Ja. No har dei byrja mumla om at ein kanskje berre kan reformulere lova litt. Men dette vil ikkje hjelpe, denne lova kan ikkje bli gjord meir sofistikert. Ho må trekkast tilbake. Reaksjonane må vere tydelege. Ein kan ikkje gå inn og forhandle om denne lova. Gjer EU det, blir det oppfatta som veikskap.

Denne kompromisslause haldninga til lova finn gjenklang i vetoet til den georgiske presidenten, eit veto som parlamentet seier at dei kjem til å overstyre neste veke. Ho seier at vetoet er symbolsk og enkelt fordi «lova ikkje kan bli endra, forbetra eller utbrodert. Ho må berre trekkast tilbake». Presidenten meiner at lova er «i ånd og essens, fundamentalt russisk». Ho seier: «Vi har blitt forsøkskaninar for ein ny type russisk hybridkrig.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Riley har nyleg blitt tenåring, og hovudkvarteret går derfor gjennom ei ombygging for å få plass til noko uventa: nye kjensler.

Foto: Disney / Pixar

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Symbolfest for heile familien

Av og til er det heilt riktig med ein oppfølgjar.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Foto: Ali Mahmud / AP / NTB

KommentarSamfunn

Den store gløymsla

Grufulle handlingar mot sivile og uskuldige menneske kan ikkje orsakast eller forklarast med ideologiske, politiske eller nasjonale omsyn.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis