Essay
Kva er ein autist?
Del 2: Spørsmålet «Kva er ein autist?» overlappar med andre kulturkrigerske debattar – om kjønn, legning og identitet, og om rolla historieforteljinga har i anerkjenning av liding.
Illustrasjon: Anna Bergbauer / Shutterstock / NTB
Når sommaren er over, skal Trump-regjeringa fortelje verda kvar autisme kjem frå, ifølge Robert F. Kennedy jr., konspirasjonsteoretikaren som blei helseminister i USA. Kanskje er det ikkje rart at ein mann som har opplevd at «ein mark kravla inn i hjernen min, åt delar av han, og døydde», har utvikla eit anstrengt forhold til grensa mellom ytre og indre årsaker til mentale tilstander, men no er altså Kennedys fanatiske forståing av autisme – at det dreier seg utelukkande om miljø, ikkje arv, kultur, ikkje natur – på terskelen til å bli offisiell amerikansk helsepolitikk.
Kennedy har lenge pusha den tilbakeviste teorien om at vaksinar forårsakar autisme, men no seier han at teamet av forskarar han har tromma saman, også skal sjå på andre miljøfaktorar, som vass- og matforsyning, luftkvalitet og barneoppdraging.
Sjølvsagt er ingenting av dette politisk nøytralt. Det er del av ein ideologisk skyttargravskrig der autismeaktivistar som hevdar at autisme er ei superkraft – ein identitet, ein genetisk lagnad, ei essensiell livsform, bestemt på førehand – står steilt mot folk som Kennedy, som meiner at autisme er noko det moderne samfunnet smittar barna sine med, og som må reinskast frå kloden.
Kennedy meiner at genforsking på autisme er ein blindveg om ein vil forstå den eksplosjonen av nye autismediagnosar som verda har sett dei siste åra: «Gen skaper ikkje epidemiar. Til det trengst det eit giftig miljø», seier han.
For mange pårørande til djupt autistiske barn er begge delar like skakande: å høyre velfungerande vaksne autistar skildre diagnosen sin som ei «superkraft», og å høyre at ein no skal tilbake til å gi foreldre skulda for at barnet deira er som det er. Pårørande fortel meg at dei ikkje orkar å gå inn i debatten lenger; han er blitt for politisert til å kunne romme deira eigenarta røynder.
Båe sider av skyttargravskrigen overdøyver forskarane i midten, som lågmælt freistar få fram at begge delar nok kan vere sant samstundes; det kjem an på korleis ein definerer nøkkelomgrepa ein opererer med, og kva perspektiv ein ser på sakskomplekset frå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.