Politikk

Kritisk til nytt forslag om teieplikt

Presseorganisasjonar reagerer på eit nytt lovforslag frå regjeringa. – Informasjon som i dag er open, kan verte definert som hemmeleg, seier advokat i Norsk Journalistlag Ina Lindahl Nyrud.

Advokat i Norsk Journalistlag Ina Lindahl Nyrud.
Publisert Sist oppdatert

Presseorganisasjonane Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund er kritiske til fleire punkt i regjeringas framlegg til ny forvaltningslov. Presseorganisasjonane meiner framlegget, om det vert ståande, vil føre til meir hemmeleghald.

Eit sentralt punkt er endringar regjeringa vil innføre i ordlyden om unntak frå teieplikt.

I dag slår lova fast at teieplikta fell bort når «ingen berettiget interesse tilseier at opplysningane holdes hemmelig, f.eks. når de er alminnelig kjent eller alminnelig tilgjengelig andre steder». 

Regjeringa føreslår no å endre ordlyden. I forslaget til ny lov er punktet om «berettiget interesse» fjerna. Resten av setninga er endra slik at unntak frå teieplikten berre vil gjelde dersom opplysningane det gjeld, «fremgår av et offentlig register som er tilgjengelig for allmennheten», eller «grunnlaget for taushetsplikt må anses å ha falt bort».

– Denne teksten har fungert som ein tryggleiksventil i mange tiår og har hindra meiningslaust hemmeleghald, seier Ina Lindahl Nyrud, advokat i Norsk Journalistlag. 

Ho har tidlegare fremja journalistorganisasjonens synspunkt i eit innlegg i Rett24.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement