Kritisk mot sine eigne
Reformene til regjeringa fører til stadig meir sentralisering, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre.
Bjørlo klagar over at desse tre kvinnene ikkje bryr seg om distrikta.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Eid kommune, med Nordfjordeid som kommunesenter, er Venstres såkalla utstillingsvindauge. Frå Eid kjem Sveinung Rotevatn og i rådhuset rår den mektige Alfred Bjørlo som ordførar. Denne veka har Bjørlo sagt og skrive at ingen reformer i statleg regi har vore positive for distrikta, og han har sagt at han ikkje ser nokon allierte i regjeringa som vil overføre fleire oppgåver til distrikta.
– «Ingenting», det var ein kraftig påstand?
– Jau, eg skreiv det, men ein viktig nyanse gjekk tapt. Eg skreiv at ingen reformer i statleg regi var positive. Det eg meinte, var at ingen reformer av «statsforvaltinga» har fått positiv effekt. Eg er til dømes heilt for kommuneforma og regionreforma. At Venstre har fått i gang desse reformene, vil på sikt garantert vera positivt.
– Er du sikker? Kommuneforma har mellom anna vore lite vellukka på Nordvestlandet, der du held til. Dei fleste har sagt nei, og det har knapt vore statleg tvang.
– Eg skulle aller helst sett ei stor og samla kommunereform, som førte til 100 til 150 kommunar som var baserte på dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det hadde vore eit særs viktig grep for å leggja til rette for vekst i næringslivet i framtida. Men det er i alle høve ikkje Venstres feil at det ikkje har skjedd. Politikk er som kjent å få til det som er mogleg. Her har regjeringa fått til det som er mogleg, diverre.
– Og regjeringa tillèt at 1,4 prosent av folkesetnaden i Noreg, den i Finnmark, får avspora regionreforma, og no varslar Sp omkamp om ditt heimfylke?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.