JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kritisk mot sine eigne

Reformene til regjeringa fører til stadig meir sentralisering, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørlo klagar over at desse tre kvinnene ikkje bryr seg om distrikta.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

4330
20180831

SAMTALEN

Alfred Bjørlo

Ordførar i Eid kommune

AKTUELL

Har kritisert si eiga regjering for sentralisering

jon@dagogtid.no

Eid kommune, med Nordfjordeid som kommunesenter, er Venstres såkalla utstillingsvindauge. Frå Eid kjem Sveinung Rotevatn og i rådhuset rår den mektige Alfred Bjørlo som ordførar. Denne veka har Bjørlo sagt og skrive at ingen reformer i statleg regi har vore positive for distrikta, og han har sagt at han ikkje ser nokon allierte i regjeringa som vil overføre fleire oppgåver til distrikta.

– «Ingenting», det var ein kraftig påstand?

– Jau, eg skreiv det, men ein viktig nyanse gjekk tapt. Eg skreiv at ingen reformer i statleg regi var positive. Det eg meinte, var at ingen reformer av «statsforvaltinga» har fått positiv effekt. Eg er til dømes heilt for kommuneforma og regionreforma. At Venstre har fått i gang desse reformene, vil på sikt garantert vera positivt.

– Er du sikker? Kommuneforma har mellom anna vore lite vellukka på Nordvestlandet, der du held til. Dei fleste har sagt nei, og det har knapt vore statleg tvang.

– Eg skulle aller helst sett ei stor og samla kommunereform, som førte til 100 til 150 kommunar som var baserte på dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det hadde vore eit særs viktig grep for å leggja til rette for vekst i næringslivet i framtida. Men det er i alle høve ikkje Venstres feil at det ikkje har skjedd. Politikk er som kjent å få til det som er mogleg. Her har regjeringa fått til det som er mogleg, diverre.

– Og regjeringa tillèt at 1,4 prosent av folkesetnaden i Noreg, den i Finnmark, får avspora regionreforma, og no varslar Sp omkamp om ditt heimfylke?

– Éin ting skal eg seia deg: Nokon omkamp om region Vestland vert det ikkje. Men igjen, eg skulle sjølvsagt ha sett at Vestlandet vart ein samla region. Og også igjen: Det er ikkje Venstre som er problemet her, men eit stortingsfleirtal som er usikkert på kva det vil. Når det er sagt, er regionreforma eit døme på at det ikkje berre er å vedtaka ei reform. No skal Vegvesenet gjennom ei todeling, ein statleg og ein regional del, pluss at dei skal effektivisera grunna den teknologiske utviklinga. Men kva er det som skjer? Dei kuttar kontor i distrikta og flyttar inn til dei store byane før regionreforma er gjennomført og sjølv om digitalisering gjer at ein kan byggja opp sterke fagmiljø over heile landet. Regionreforma, som så mange andre reformer, manglar tydelege statlege føringar.

– Men de har då fått «nærpolitireforma»?

– Dette er eit namn eg kan seia mykje om. Men intensjonen var god. No sit vi på Eid med eitt lensmannskontor etter at Selje, Vågsøy, Eid og Stryn vart slegne saman. Då kan du kanskje seia at vår kommune har vunne. Men det er eit tøvete perspektiv, for Nordfjord har samla det dei har hatt heile tida. Men kva skjer no? Jau, staten har byrja å plukka vekk oppgåver. Tak noko så ukomplisert som godkjenninga av utanlandsk arbeidskraft. Sat du som eigar av ei verksemd på Stad, kunne du køyra inn til Eid å få ein arbeidar godkjend. No må du heilt til Førde med den fysiske arbeidaren. I staden for å laga større fagmiljø i distrikta, som reforma gjev høve til, tek ein no oppgåver vekk og tilfører ikkje nye. Djevelen ligg i detaljane, men det ser det ikkje ut til at stortingspolitikarane orkar å tenkja på.

– Men det er ikkje noko nytt at ein reformerer for å reformera? Den gode Venstre-mannen og professoren i økonomi Jørn Rattsø åtvara sterkt mot NAV-reforma i utgreiingar på førehand. Reforma vart gjennomført, og evalueringane syner at ho enda opp som ein fiasko.

– Ja, difor må vi innsjå at om vi skal hindra Sp i å få rett, må vi vera opptekne av korleis vi gjennomfører reformer i staden for å seia at reformer er bra i seg sjølve. Overlèt vi det heile til statsforvaltinga, veit vi kor vi endar: med statsbyråkratikolossar i store kontorbygg i dei største byane. Digitaliseringa gjev høve til desentralisering, men endar altfor ofte opp med å føra til sentralisering. Og det skjer av di politikarane ikkje orkar det viktigaste arbeidet: oppfylginga av alt vedtekne reformer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Overlèt vi det heile til statsforvaltinga, veit vi kor vi endar: med
statsbyråkratikolossar i store
kontorbygg i dei største byane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis