Kritisk Bildt-biografiHøgrepolitikaren Carl Bildt får passet påskrive i ein stor biografi.OTTAR FYLLINGSNES
Høgrepolitikaren Carl Bildt får passet påskrive i ein stor biografi.
Den kjende journalisten Björn Häger har skrive biografien om Carl Bildt.
Foto: Luca Bruno / AP / TT / NTB scanpix
Denne veka kom Uppdrag Carl Bildt. En svensk historia ut i Sverige, og biografien om den kjende svenske politikaren er på meir enn 600 sider. I nærare fem tiår har Carl Bildt stått i sentrum av svensk politikk. Han har vore både leiar for Moderaterna, som svarar til Høgre, og utanriksminister.
BILDT VEIT ALT
Boka er skriven av den kjende radio- og fjernsynsjournalisten Björn Häger, og ho vert omtalt som eit samansett og nærgåande portrett. Undervegs fekk Häger berre nokre minuttars audiens hjå Carl Bildt.
– Men likevel har han skrive ein lesverdig og avslørande biografi om politikaren som stadig dukkar for kritiske spørsmål, skriv Wilhelm Agrell i Sydsvenskan.
I Sverige er det få politikarar eller personar som vekkjer så mange kjensler som Carl Bildt.
– Etter Dag Hammarskjöld og Olof Palme var han i særklasse vår internasjonalt mest kjende statsmann, hevdar Norstedts forlag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.