Krisetiltaka gjev børsfest
Arbeidsløysa i mange land er rekordhøg, og veksten i verda har fått ein brutal knekk. Likevel er aksjekursane nær høgdene frå januar.
Eit sykkelbod med mat i Tokyo, på veg forbi ei lystavle med data frå den japanske Nikkei-børsen og Dow Jones-indeksen frå New York. I Japan som i USA og Noreg har børsane teke inn det meste av det tapte sidan mars, sjølv om koronakrisa slett ikkje er over.
Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB scanpix
Koronakrisa er ikkje som andre kriser. Verda er inne i den verste økonomiske nedturen sidan andre verdskrigen, slo Verdsbanken fast denne veka. OECD meiner krisa er utan sidestykke og vil få langvarige følgjer, og spår at verdsøkonomien skal krympe med seks prosent i år. Noreg har på si side vore gjennom det største fallet i BNP sidan 1931. Men dette er knapt synleg i dagens aksjekursar. Oslo Børs har til dømes henta inn storparten av det store og raske fallet i mars, da kombinasjonen av koronafrykt og oljeprisfall sende aksjekursane rett ned. I skrivande stund onsdag er hovudindeksen på Oslo Børs berre 11 prosent under rekordnivået sitt.
I USA er oppgangen sidan botnen i mars enda meir slåande: Denne veka sette indeksen til den teknologidominerte Nasdaq-børsen ny rekord, medan industriindeksen Standard & Poor’s kom opp att på høgdene frå januar i år, da knapt nokon såg for seg kva slag trugsmål koronaviruset skulle bli.
Frikopling
Denne børsfesten går føre seg samtidig med at langt over 20 millionar amerikanarar er registrerte som arbeidslause, og trass i at talet på koronasmitta stadig aukar i mange delstatar. Utviklinga er underleg. Det er som om aksjemarknaden er frikopla frå realøkonomien der folk arbeider, produserer og konsumerer. Nokre av kontrastane er grelle, som ein skribent i The Atlantic nyleg peika på: I løpet av perioden da talet på covid-19-dødsoffer i USA gjekk frå 100 personar til 100.000, steig Standard & Poor’s-indeksen med 20 prosent.
Dette liknar slett ikkje på etterspelet etter finanskrisa i 2008. Den gongen tok det nærare fem år før aksjekursane i dei fleste land var attende på høgdene frå før krakket. Kursfallet på børsane i vår liknar meir på ei dump i vegen – rett nok ei svært djup dump. Korleis er ei så rask innhenting mogleg?
Det lysnar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.