Krigsfinansiering
Denne krisa kjem EU og USA og Storbritannia til å finansiera gjennom å trykkja pengar. Noreg må diverre selja delar av Oljefondet.
Pengane i Weimar-republikken etter fyrste verdskrigen mista all verdi. Dei vart leiketøy for ungar.
Det er mykje som er usikkert, men at USA, Storbritannia, euroområdet og Japan, men ikkje Noreg, kjem til å finansiera denne krisa gjennom pengetrykking, er sikkert. Så lat oss spekulera litt om valuta. Valutaspekulasjon er elles ikkje noko vi bør gje oss i kast med, for i valutahandel finst det ikkje ingen meirverdi å fordela. Går ein valuta opp i verdi målt mot ein annan, er den samla verdien av dei to valutaene likevel den same. Men sjølv om valutaspekulasjon er eit nullsumspel, er det ein svær marknad for spekulasjon der ute.
Kvifor? Så underleg det enn kan høyrest ut, finst det ei stor mengde spekulantar som kan historie, verkeleg godt. Det finst statar som har ein heilt trygg valuta, og det finst statar som har ein verkeleg veik valuta. I den eine enden finn vi Sveits, og i den andre Noreg. Sveits har verdas mest truverdige valuta, Noreg har per dags dato ein u-landsvaluta. Det finst for tida knapt handel med norske kroner utover dei kjøpa Noregs Bank gjer. Ingen vil ha norske kroner.
Sveits er særmerkt
Sveitsiske franc, derimot, er alltid populære i krisetider, ja, i dei fleste tider. Sett frå Noreg er den sveitsiske nasjonalbanken ei underleg plante i Guds rike. Han er privateigd og notert på den sveitsiske børsen. 55 prosent av aksjane vert eigde av regionalbankar og kantonar, som ikkje sel aksjar, og 45 prosent vert omsette fritt. Om du vil ha ein aksje i ein sentralbank, kan du kjøpa ein sveitsisk sentralbankaksje og få utbetalt eit årleg utbyte av overskotet.
Den sveitsiske nasjonalbanken er den mest truverdige banken i verda. Han har aldri tillate inflasjon og er så heldig at han representerer eit folk som er allergiske mot underskot på statsbudsjett og handelsbalanse. Sveits er kanskje verdas mest demokratiske samfunn, og ein kan vera heilt trygg på at om sveitsarane vert presenterte for eit forslag som aukar offentlege utgifter, så røyster dei det ned. I Sveits er skattane låge og dei offentlege utgiftene lægre.
Men etter finanskrisa kjende den sveitsiske sentralbanken seg tvinga til å trykkja pengar. Etter kvart som verdsøkonomien kom i gang att, såg spekulantane at den store gjeldsbøra krisa hadde ført med seg, hadde leidd til at sentralbankar rundt omkring i verda satt med store mengder gjeldspapir i balansane sine. Det hadde til dømes vorte langt fleire euro der ute i høve til sveitsiske franc. I ein normal situasjon skulle dette føra til at sveitsiske franc vart mykje dyrare og euro, ja, alle andre valutaer, mykje billigare. Marknaden byrja å kjøpa franc som aldri før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.