JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Krigens røyndom

Mykje av kritikken mot Ukraina-rapporten til Amnesty er urimeleg. Å varsle om brot på folkeretten er ikkje ein popularitetskonkurranse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein frivillig nummererer krossane ved ei massegravferd 17. august for uidentifiserte offer for dei russiske okkupasjonsstyrkane som herja i Butsja i Kyiv-regionen i Ukraina i den første fasen av invasjonen .

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

10713
20220819
10713
20220819

Ein rapport frå menneskerettsorganisasjonen Amnesty International oppmoda nyleg dei ukrainske styrkane om å ta meir omsyn til eiga sivilbefolkning for å skåne dei frå kamphandlingane mot russiske invasjonsstyrkar. Rapporten har fått massiv kritikk. Amnesty har blitt skulda for å vere «ukloke», «lite taktfulle» og for å kome med ein «svak» rapport på eit «upassande tidspunkt». Kva skjedde eigentleg her?

Amnesty er ein internasjonal aktivistorganisasjon som vil påverke statlege aktørar for å hindre brot på menneskerettane. Denne organisasjonen er ingen nøytral instans som driv med etterforskingsarbeid. Rolla deira er ei anna. Amnesty tek opp saker for å få merksemd om eit tema slik at mektigare instansar kan plukke opp sakene. Slik har Amnesty òg handla denne gongen.

Rapporten har fått kritikk for å vere knapp og byggje på tynt grunnlag. Men Amnesty skriv ofte korte rapportar som er meint som eit varsku om ei sak. Rapportane skal påverke andre aktørar, til dømes statar, selskap, eller meir autoritative undersøkingsgrupper til å gå ei sak nærare etter i saumane. Slik sett er Amnesty ein varslarorganisasjon for menneskerettar. Rapportane deira skal ikkje sjå ut som dommar frå internasjonale tribunal. Det er ikkje formålet, og dei har heller ikkje ressursar til å gjere noko slikt.

Sensitivt

Mykje av kritikken mot Amnesty har handla om at rapporten er politisk sensitiv og kjem på eit uheldig tidspunkt. Men å varsle om brot på menneskerettane eller folkeretten er ikkje ein popularitetskonkurranse. Rapportar frå varslarorganisasjonar som vil kjempe for menneskerettane, må kome nett når dei kan påverke. Det er slik Amnesty opererer. Sjølvsagt er det sensitivt.

Mange seier òg dei er skuffa fordi dei hadde venta seg meir nøytralitet frå Amnesty. Men slik er det i alle væpna konfliktar der Amnesty rapporterer. Kritikk mot éin part i ein væpna konflikt vil alltid tene den andre parten på ein eller annan måte. Det er ikkje formålet, men normalt ein bieffekt av verksemda. Amnesty har fått kritikk for det rapporten seier om ukrainske styrkar, men særleg for det rapporten dermed signaliserer om russiske styrkar. Det same gjeld for Amnestys rapportar om brot på folkeretten i konfliktar som til dømes i Syria, Libya, Myanmar eller Sør-Sudan (lista er lang). Her heime kjenner vi ikkje partane og dynamikken i væpna konfliktar langt unna, og vi ser ikkje dei politiske følgjene slike rapportar har. Men krigen i Ukraina er annleis. Vi kjenner rammene for konflikten, og vi held med ukrainarane. Då vert det synleg for oss kva slags effekt ein slik rapport kan ha. Men slik er det altså alltid når Amnesty skriv rapportar om brot på menneskerettane og folkeretten i væpna konfliktar. Det ligg i krigens natur.

Krig mot terror

I mange år heldt Amnesty seg unna krig og konflikt. Brot på dei sivile og politiske menneskerettane som Amnesty særleg arbeider med, handlar om ein overgripar (staten) mot offer (enkeltmenneske). Frå rundt tusenårsskiftet vart mange væpna konfliktar framstilte som «kamp mot terrorisme». Utviklinga starta med Vladimir Putins «krig mot terror» i Tsjetsjenia i 1999, heldt fram med Israels svar på den andre intifadaen i 2000 og kulminerte med amerikanarane sin «globale krig mot terror» etter 2001. Då signaliserer statane at det er tale om rettshandheving (stat mot enkeltindivid) og ikkje krig mellom to partar. Her fekk Amnesty etter kvart ei naturleg og sentral rolle som ein aktivistorganisasjon som arbeidde med menneskerettar og væpna konfliktar. Men det er ei svært krevjande og utsett rolle å vere aktivist når krigen rasar.

Særleg har mange vorte skuffa over at Amnesty rettar kritikk mot offeret, ukrainarane, som er invadert av ein nabostat i ein ulovleg krig. Rapporten sidestiller ukrainske forsvarsstyrkar og russiske angrepsstyrkar under dei folkerettslege reglane for krigføring. Men det gjer Amnesty fordi det er slik folkeretten er – og det er ikkje Amnesty sin feil. Sjølv om angriparen ikkje har noko folkerettsleg mandat (til dømes Irak i Kuwait i 1990, Noreg i Kosovo i 1999, USA i Irak i 2003 eller Russland i Georgia i 2008), er det likevel dei same reglane som gjeld for begge dei krigførande partane. Amnesty-rapporten minner oss på dette svært urettferdige faktumet når det vi treng er heltar og motivasjon til å støtte ukrainarane. Det rapporten gjev oss, er noko litt anna.

Dilemma

Denne Amnesty-rapporten handlar altså ikkje om menneskerettar, men om reglane som gjeld i krig, humanitærretten. Dei er annleis, og humanitærretten er heller ikkje Amnestys kjernekompetanse. Personleg er eg usamd i framstillinga i rapporten av folkerettsregelen om forholdsreglar ved forsvar, fordi den ber preg av ei menneskerettsforståing. Amnesty søkjer ofte å trekkje tolkinga av humanitærretten i ei menneskerettsleg retning. Folkerettens reglar er det statane i verda som rår over, og dei har ofte tolkingar som ikkje tek nok omsyn til menneskerettane, som òg er folkerett. Dette er ein del av aktivismen til Amnesty – dei utfordrar ekspertveldet og statane si tolking av folkeretten og søkjer progressive tolkingar som tek større omsyn til enkeltmennesket i møte med den statlege overmakta. Også dette er heilt i tråd med det ein organisasjon som Amnesty gjer og skal gjere.

Organisasjonar som arbeider med menneskerettar, står alltid i store dilemma i møte med krigens røyndom og reglar for krig. Dei som lid mest i den mellomstatlege krigen som rasar i Ukraina, er menn. Unge og eldre menn som vert sende i døden, lemlesta for livet eller tekne til fange av fienden. Konvensjonell landkrig mellom statar er slik. Reglane for krigføring er òg tilpassa krigens røyndom – dei fordeler effektane av den massive øydelegginga mellom dei stridande og dei ikkje-stridande (sivile) på heilt andre måtar enn vi er vande med. Dei stridande (gjerne mannlege soldatar) kan drepast med overlegg, mange ikkje-stridande (sivile) kan drepast med forsett, og i nokre situasjonar kan nær sagt alle sivile drepast aktlaust – utan at det er brot på folkerettens reglar for krigføring. Dette er krigens røyndom. Det er ikkje automatisk eit krigsbrotsverk når sivile døyr i krig. Men det kan vere eit krigsbrotsverk.

Lovlege tap

Under humanitærrettens reglar har begge partar ansvar for å skåne ukrainske sivile frå effekten av kamphandlingane. Om desse handlingane er utførte i angrep eller forsvar, spelar inga rolle. Det som derimot er sentralt, er kven dei sivile er: Er det tale om eigne sivile eller er det fiendens sivilbefolkning? Reglane for krigføring handlar primært om korleis ein handsamar fiendtlige sivile. Amnesty-rapporten handlar derimot om korleis ukrainske styrkar posisjonerer seg i forhold til sine eigne sivile. Rapporten skriv om reglar under humanitærrettene som minner om menneskerettane og går ut på at ein krigspart bør skilje ut sine eigne militære mål frå si eiga sivilbefolkning og sin eigen sivile infrastruktur. Dersom parten ikkje gjer dette, vert det sjeldan eit krigsbrotsverk, sjølv om det vert store sivile følgjetap.

Når formålet med eit militært angrep er å drepe fienden sine sivile, utan at angrepa har ei militær grunngjeving, er det eit krigsbrotsverk. Når russiske styrkar angrip den ukrainske sivilbefolkninga eller nabolag der det ikkje finst militære mål, er det krigsbrotsverk.

Situasjonen er annleis om ukrainske soldatar nyttar eit sivilt nabolag til å forsvare seg mot russiske styrkar, og russarane går til motangrep. Då vil kamphandlingane gjerne øydeleggje mykje sivil infrastruktur, og mange sivile i nabolaget kan verte drepne. Desse sivile tapa er «proporsjonale» og altså lovlege dersom fienden forventar at dei sivile tapa ikkje vil vere uforholdsmessig store i forhold til den forventa militære fordelen av å angripe soldatane. I situasjonar der militære opererer ut frå eigen by, vil altså ofte øydelegginga på eigne sivile og sivil infrastruktur vere krig, ikkje krigsbrotsverk.

Sivile i fare

Slik er det også på Gaza-stripa når palestinske Hamas gøymer rakettar under palestinske bustadhus og israelske bombefly angrip våpenlagra. Om palestinske familiar så døyr dersom bustadhuset kollapsar, er det ein konsekvens av krigen snarare enn krigsbrotsverk. I Noreg gjer vi det same. Vi har militære anlegg på Akershus festning midt i Oslo, og ei anløpshamn for amerikanske atomdrivne ubåtar i Tromsø. Når vi organiserer oss med militære mål midt i vår eigen sivile infrastruktur i fredstid, aksepterer vi å eksponere store mengder norske sivile og sivil infrastruktur ved angrep mot desse militære måla i ein framtidig væpna konflikt. Det er vårt val. Det er ikkje regelbrot, men det handlar om risiko for eige sivilt følgjetap.

Dersom russiske styrkar derimot gjer det same på okkupert ukrainsk territorium, vert det eit krigsbrotsverk. Her er sivilbefolkninga ukrainsk. Det er nemleg forbode å nytte fienden si sivilbefolkning for å skjerme seg mot angrep frå fienden. Då er vi over på temaet bruk av menneskelege skjold, som er eit krigsbrotsverk. I krig finst ikkje «uskuldige sivile». Sivile tilhøyrer alltid ein av partane. Når ukrainske militære eksponerer eigne sivile, kan det derfor ikkje vere krigsbrotsverk. Truleg eksponerer ukrainske soldatar sine sivile fordi dei i liten grad har noko val. Det er ikkje ulovleg å nytte eigne skular til militære føremål. Og ofte er slik bruk formålstenleg, sidan dei har store salar som er tenlege for militære styrkar.

Og då nærmar vi oss kjernen. Ei årsak til at Amnestys Ukraina-rapport har vorte motteken med djup harme, er at han ber bod om at mykje av den militære øydelegginga av sivil infrastruktur i Ukraina kan liggje i krigens røyndom snarare enn at det er tale om krigsbrotsverk. Ukrainarane har ikkje noko val, og måten dei må føre krigen sin på, gjer at mykje av den sivile øydelegginga russiske styrkar utfører, truleg ikkje er krigsbrotsverk. Vår djupe sympati med ukrainarane si sak, vår støtte til ukrainarane sin forsvarskrig og vårt raseri over russarane sin brutale aggresjonskrig gjer at ein slik bodskap vert svært dårleg motteken. Det gjer òg at mange av instrumenta ein kunne brukt for å straffe russarane, fell vekk. Amnesty-rapporten gjer krigen i Ukraina til ein krig blant andre krigar. Det er smertefullt, men å skyte bodberaren endrar ikkje noko. Vi bør òg hugse at når vi vil kjempe mot dei autoritære kreftene i verda, kan vi ikkje krevje at alle skal marsjere i takt.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Begge partar har ansvar for å skåne ukrainske sivile frå effekten av kamphandlingane.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis