JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Undergrunnselevar og frosne reker

Den første veka i september dukka det opp 34 nye bussruter i Kharkiv. Kvar rute byrjar nær ein skule og endar ved ein av metrostasjonane i byen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elevar i klasserom på ein metrostasjon i Kharkiv 4. september 2023, utanfor rekkjevidd for russiske granatar og rakettar.

Foto: Vyacheslav Madiyevsky / Reuters / NTB

10197
20230908
10197
20230908

Dette er bussruter for «undergrunnsborna» – skuleelevane i Kharkiv. Dei samlar seg ved den eigentlege skulen sin og dreg saman med lærarane sine til ein metrostasjon.

Då skuleåret tok til, var det laga 60 klasserom i fem metrostasjonar, inkludert universitetsstasjonen. Klassane er organiserte i to skift, slik at så mange elevar som råd kan gle seg over direkte kontakt med kvarandre og med lærarane.

Det første skiftet er frå klokka ni om morgonen til tolv, det andre frå eitt til fire om ettermiddagen. For at flest mogleg av elevane i slike klassar kan få lære «nettlaust», har kvar klasse undervisning under jorda to–tre dagar i veka, og dei andre to­­–tre dagane har dei nettundervisning.

Det er psykologar til stades i dei underjordiske klasseromma. Gratis måltid og medisinsk hjelp blir det òg ordna med.

Ordføraren i Kharkiv Igor Terekhin synte stolt fram dei underjordiske klasseromma med flunkande nye møblar og kvilestader for borna. Om det ikkje var for dei digre ventilasjonsrøyra under det heller låge taket, kunne ein tru at klasseromma høyrde heime på ein vanleg, nybygd skule. Men ventilasjonsrøyra er dekte med undervisningsplansjar og portrett av ukrainske forfattarar. Muntre barneteikningar pyntar dei kalde marmorveggane.

– Dette er mellombelse løysingar. Vi er klare over at vi må byggje bunkerar og bomberom med alle krav til tryggleik, seier ordføraren i Kharkiv.

Når ordføraren seier bunker, meiner han blant anna spesialbygde underjordiske skular eller lokale som kan nyttast som skular. Alle unngår å få slike tiltak til å høyrest langvarige ut, for ikkje å snakke om permanente, men det er klart at krigen vil vere her i overskodeleg framtid. Og ordføraren i Kharkiv har laga eit nytt omgrep: «metroskule».

I Kharkiv er 108 skular sterkt skadde på grunn av krigen, somme heilt øydelagde av russiske missil, og dei må byggjast opp frå grunnen. Foreldre ønskjer at borna deira skal lære så mykje som råd i eit klasserom, ikkje på nettet. Difor ser dei ut til å setje pris på at borna deira i det minste kan få undervisning under jorda – det er «ei god løysing på ein vanskeleg situasjon». Kan hende er det grunnen til at grupper av tryggingsspesialistar undersøker metrostasjonar i håp om å finne fleire som kan utstyrast som klasserom i «metroskular».

Den 5. september kunngjorde ordføraren at dei hadde klart å opne enda eit klasserom under jorda, det 61. Men det er framleis ein drope i havet. Før 24. februar 2022 hadde Kharkiv over 120.000 skuleelevar. Mange familiar har drege utanlands eller til tryggare regionar i Ukraina.

No er det om lag 50.000 born – blant dei er det mange born av internt fordrivne flyktningar frå Donbas- og Kharkiv-regionane. Om lag 7000 born byrja i første klasse, men dei fleste vart verande heime. Det er ikkje meir enn hundre førsteklassingar som har fått plass i undergrunnsklassane. Resten lyt få undervisning på nettet.

Det finst skular i Kharkiv som ikkje er skadde av krigen, og som har godt utstyrte bomberom. Men dei opna ikkje no i september. Faktum er at det tek 48 sekund for eit S-300-missil å fly frå Belgorod, rett over grensa til Russland, til Kharkiv. Det gjev ikkje nok tid til å rekke fram til bomberommet – ikkje eingong frå første høgda på skulen. Difor er nettundervisning den einaste realistiske måten å gjere det på. Det var òg 50.000 skuleelevar i Kharkiv som forlét byen saman med foreldra sine. Dei må belage seg på nettundervisning saman med klassekameratar og lærarar frå Kharkiv, same kvar dei er.

Snart byrjar bygginga av ein underjordisk bunkerskule for 450 elevar i eit industriområde i Kharkiv. Slik tilpassar det ukrainske undervisningssystemet seg til vilkåra i ein varig krig.

Samstundes finn ein på ulike nettsider i Kharkiv tilbod frå kostskular i England, der dei gjerne tek imot born frå Kharkiv. Skulepengane er 450 pund i månaden. Kost og losji kjem i tillegg.

Ingen skular er i gang i byen Izyum i Kharkiv-regionen, som var okkupert frå april til september i fjor. Livet i område som har vore under russisk kontroll, kjem langsamt attende til det normale. Izyum vart frigjord av det ukrainske militæret for eit år sidan, tidleg i september 2022. Elektrisitet, gass og vatn kom raskt på plass, men stemninga er framleis spent.

Mange som døydde i den russiske bombinga av byen, er enno ikkje identifiserte. Innbyggjarar som har mista sine kjære, er bedne om å ta ei DNA-prøve. Men ikkje fleire enn 10.000 av den opphavlege busetnaden på 50.000 har vendt attende til byen. Dei som bur der, kan handle i ein del småbutikkar, men ein kan alt no kjøpe nye fargerike suvenirmagnetar som framstiller dei ikoniske stadene i byen slik dei var før krigen.

Ei stor utmaning for byen Izyum, eitt år etter den russiske okkupasjonen, er dei mange laushundane som har samla seg i området til ein delvis øydelagd og forlaten fabrikk for maskinverktøy. Det er mange av dei, og dei er svært aggressive. Nyleg vart seks innbyggjarar angripne av ein flokk hundar. Offera fekk sprøyter mot rabies.

Folk i Izyum har bede dei militære styresmaktene i byen om hjelp, men dei er overleste med oppgåver, og først og fremst gjeld det å drive minerydding i byen og omgjevnadene. Eit år etter frigjeringa av Izyum blir det stadig oppdaga nye miner og ueksploderte granatar. Frå tid til anna detonerer militæret slike utanfor byen. Då gøymer hundane seg og terroriserer ingen.

Livet aust og søraust i Ukraina er svært annleis enn livet i dei vestlege delane av landet. Tidlegare var Kharkiv-regionen og Donbas dei tettast befolka områda i Ukraina, medan Transkarpatia og andre delar av Vest-Ukraina leid under ein sparsam folkesetnad. No verkar det som all aktivitet og store menneskemengder har flytta vestover.

Grensekontrollen mellom Ukraina og EU er ikkje i stand til å handtere trafikkauken. Busspassasjerar må vente i opptil ti timar før dei kan vise pass for inn- eller utreise. Togpassasjerar har litt kortare ventetid, men trailersjåførane ventar lenger enn alle andre.

Lastebilane på veg inn i Ukraina fraktar humanitær hjelp, byggjemateriale, vindauge og alt som elles trengst for å byggje opp att dei raserte territoria. Men samstundes blir det importert nye bilar, klede og til og med spansk skinke og norsk laks.

I ein stor del av landet går livet som vanleg, og internasjonale merkevarebutikkar held fram og presenterer stadig nye kolleksjonar.

Av og til freistar ukrainske forretningsfolk å bruke krigen til å tene meir pengar eller rett og slett dekkje tapa som er knytte til krigen. Dei prøver å importere klede frå Dolce & Gabbana og andre luksusmerke forkledde som humanitær hjelp til krigsoffer, og tingar med tollfunksjonærar for å få importere meir og betale mindre. Av og til lukkast dei, av og til gjer dei det ikkje.

Om ein skal døme etter det faktumet at kvart år får tollsjefar på dei vestlege tollstasjonane sparken, kan ein gå ut frå at mange varer blir importerte til Ukraina utan full betaling av tollavgifter.

Sidan februar i fjor har talet på tollfunksjonærar arresterte for korrupsjon auka dramatisk. Samstundes har dei statlege inntektene frå tollavgifter òg auka. Dei som freistar spare på tollen, tek ein større risiko enn før.

Eit av dei mest spesielle tilfella av varer forkledde som humanitær hjelp, vart avdekt på slutten av fjoråret. Ein lastebil vart sjekka på tollstasjonen i Odesa. Ifølgje dokumenta som vart lagde fram, frakta lastebilen humanitær hjelp – 22 tonn frosne reker frå Ecuador – for ein ukrainsk hjelpeorganisasjon. Tollfunksjonærane kontakta leiinga i den humanitære organisasjonen som stod oppført i dokumenta. Dei tilsette i organisasjonen vart svært overraska da dei fekk høyre om dei mange tonna med frosne reker som såg ut til å vere på veg til dei. Dei hadde ikkje noko industrielt fryseanlegg og dreiv med heilt andre former for hjelp.

Da dei undersøkte førarhytta på lastebilen nærmare, fann tollarane andre dokument som gjaldt rekene – denne gongen dei verkelege. Ifølgje desse dokumenta vart rekene importerte til eit forretningsføretak som sel frosen sjømat. Resultatet var at 22 tonn reker vart konfiskerte til fordel for staten.

Lagnaden til lasta er ikkje kjend ­­– til forskjell frå konfiskerte jakker og dressar frå Brioni, Versace, Chanel, Armani, Louis Vuitton, Prada og Hugo Boss. Tollkontoret i Odesa har kunngjort at desse produkta – importerte under dekke av å vere humanitær hjelp – vart leverte til Forsvarsbrigaden for 122. territorium. Sant nok har ingen sett soldatar frå denne brigaden i Hugo Boss-jakker. Seinare endra Odesa tollkontor forklaring og la til at alle dei illegalt importerte produkta var billige kopiar.

Eg trur denne detektivhistoria vil bli etterforska seinare, etter krigen. Men her har vi i det minste nokre offisielle erklæringar frå tolletaten.

No avheng mykje av tollfunksjonærane. At dei som bur i byar og landsbyar nær fronten og andre langt frå fronten, får nye, tyske vindauge før kulda set inn, om innbyggjarar i Kherson- og Kharkiv-regionane får humanitær hjelp og medisinar, om Izyum får utstyr til å utbetre normal mobilkommunikasjon, avheng av tolletaten og funksjonærane der.

Men sikkert er det at kvar utanlandsk lastebilsjåfør som har kome til Izyum, vil hugse turen resten av livet. Dessutan får sjåføren med seg vakre, farga magnetar som suvenirar frå den raserte byen.

Alt viktig som skjer i dag i Ukraina og rundt Ukraina, kjem til å bli enda eit kapittel i historiebøkene i morgon. Når desse lærebøkene kjem ut, håpar eg at krigen er over og at elevane går på vanlege skular, ikkje underjordiske.

Krinklane og krokane i forteljingane om frosne reker og ekte eller falske Brioni-dressar endar truleg i romanar. Etter krigen vil ukrainarane ha behov for litteratur med humor og ironi for å lære å le igjen – først gjennom tårer, men seinare med lette og glede.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis