JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ukrainsk vin og pressefridom

Æraen til general Zaluzjnyj, øvstkommanderande i det ukrainske militæret, tok ein overraskande fredeleg slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye øvstkommanderande i Ukraina, general Syrskyj, er etnisk russar. Foreldra og bror hans bur framleis i Russland, og dei støttar Putin.

Foto: Det ukrainske presidentkontoret

10752
20240216
10752
20240216

I to dagar samla tilhengjarar av general Zaluzjnyj seg på Majdan-plassen og bar plakatar med «Få Zaluzjnyj attende til dei væpna styrkane», men desse stillferdige folkemøta var for ubetydelege til å interessere journalistar.

I løpet av dei siste månadene har det ukrainske samfunnet rett og slett blitt trøytt av å diskutere den moglege konflikten mellom Zaluzjnyj og president Zelenskyj og den moglege avgangen til generalen. Når det dagen etter avgangen dukka opp ein videoreportasje frå presidentkontoret som kunngjorde at general Zaluzjnyj og general Budanov hadde fått tildelt heidersteiknet «Helt av Ukraina», stilna striden. For første gong uttrykte nokre ukrainarar at dei var skuffa over Zaluzjnyj, men av ei heilt anna årsak. Etter å ha motteke «Helt av Ukraina»-stjerna gav Zaluzjnyj og Zelenskyj kvarandre ein klem som såg ut som teikn på ekte venskap. Men sjefen for den militære etterretningstenesta, general Budanov, var tilbakehaldande. Etter at han fekk prisen frå handa til presidenten, nikka han berre og gjekk til sides.

«Krym har berre blitt akseptert som russisk av Venezuela, Cuba, Syria, Afghanistan, Nord-Korea og Nicaragua.»

Den nye øvstkommanderande, general Syrskyj, er velkjend i Ukraina. Han leidde den militære operasjonen i Donbas etter annekteringa av Krym. Han er etnisk russar; foreldra og bror hans bur framleis i Russland, og dei støttar Putin. Far til general Syrskyj er pensjonert oberst, den 82 år gamle mor hans syng i eit veterankor, og broren arbeider som tryggingsvakt i eit butikksenter og har russisk flagg og orda «Eg elskar Russland» på nettsida si.

No gøymer foreldra til general Syrskyj seg for journalistar. Ei bølgje av hat mot dei reiste seg i heile Russland. Dei blir kalla «foreldra til ein forrædar».

Rett etter at Sovjetunionen braut saman, valde general Syrskyj å knyte lagnaden og militærkarrieren sin til Ukraina og lærte seg det ukrainske språket. No er det tydeleg at han trur fullt og fast på at Ukraina skal vinne krigen.

Det er ein viss skepsis til den nye øvstkommanderande blant ein del ekspertar og journalistar, mellom dei Christopher Miller i Financial Times. Han meiner generalen er svært lojal mot Zelenskyj, og fryktar at denne lojaliteten kan svekkje vurderingsevna til Syrskyj. Ein del militærekspertar ser òg føre seg at han vil vere mindre oppteken av livet til ukrainske soldatar, og kan kome til å sende dei ut på blodige stormåtak for å halde på ukrainske posisjonar i områda i Donbas der Russland no angrip meir aktivt enn før.

Men Syrskyj har stilt og roleg – utan å kome med offentlege erklæringar og utan nokon lovnader om raske sigrar – byrja å gjere seg betre kjend med militære einingar på ulike nivå. Saman med forsvarsminister Rustem Umjerov har han kome med ei kunngjering om at ein må bli flinkare til å gje militæreiningar avløysing og la personellet kvile ut og kome til hektene. Det var mykje snakk om at dette blei forsømt under general Zaluzjnyj.

Situasjonen ved fronten kan ikkje kallast roleg, men på grunn av mangelen på store nyhende har ukrainarar bak fronten fått høve til å sjå nærare på det politiske livet i landet. Det politiske livet nett no liknar mykje på ein krigsskodeplass.

Her om dagen vart det slutt på «kampen» mellom kjende gravejournalistar, medlemer av Bihus.info-gruppa, og den ukrainske tryggingstenesta. No er stillinga i denne «krigen» 1–1. «Krigen» mot antikorrupsjonsjournalistane vart starta av tryggingstenesta, truleg på ordre ovanfrå, kan hende frå nokon ved presidentkontoret.

Denys Bihus oppretta ei gruppe antikorrupsjonsjournalistar for over ti år sidan. Difor er han hata av mange ukrainske politikarar og embetsfolk.

Skjermdump frå Bihus.info

«Nett no rår det ein skjør våpenstillstand mellom antikorrupsjonsjournalistar og den ukrainske tryggingstenesta.»

Denys Bihus, som oppretta ei gruppe antikorrupsjonsjournalistar for over ti år sidan, er hata av mange politikarar og embetsfolk. Det er trass alt slik at han og gruppa hans, som elles inkluderer mange røynde juristar, arbeider særleg med korrupsjon blant embetsfolk og representantar for den ukrainske politiske eliten.

Det var etter granskingar utførte av Bihus.info at offentlege antikorrupsjonsbyrå opna straffesaker mot embetsfolk og medlemer av parlamentet. Og det var nettopp i samanheng med dette at den ukrainske tryggingstenesta byrja overvake journalistar. Som eit resultat vart det sleppt ein video til den ukrainske ålmenta via kontrollerte medium som kompromitterte to medlemer av gruppa til Denys Bihus – ikkje journalistar, men kamerafolk.

Ein video teken opp i løynd på eit hotell under eit nyårsselskap i New York viser to unge menn som er i ferd med å ta narkotika. Straks etter at videoen vart vist, fekk dei to kameramennene sparken, og gruppa til Denys Bihus byrja med si eiga gransking av tryggingstenesta. Etterforskinga avslørte at om lag 30 tryggingsoffiserar hadde arbeidd med operasjonen mot journalistane, at sjølve operasjonen vara i om lag ein månad, og at det var brukt ein stor sum offentlege pengar på han.

SKANDALE: Overvakingskamera på dette hotellkomplekset avslører korleis overvakingspolitiet overvaker journalistar som overvaker maktpersonar i det ukrainske samfunnet.

Skandalen vart straks internasjonalt kjend, ettersom prosjekta til Bihus.info er støtta av mange internasjonale organisasjonar og til og med av EU-kommisjonen. Denne skandalen har i sin tur reist spørsmålet om pressefridom i Ukraina.

Leiarskapen i den ukrainske tryggingstenesta måtte gå ut offentleg og rettferdiggjere at dei spionerte på journalistar. President Zelenskyj sparka sjefen for tryggingsdepartementet, Roman Sementsjenko, som var leiar da operasjonen mot journalistane vart gjennomført. Nett no rår det ein skjør våpenstillstand mellom antikorrupsjonsjournalistar og den ukrainske tryggingstenesta. Kor lenge den vil vare, er uvisst.

Ukrainske journalistar veit korleis dei skal forsvare seg sjølve og interessene til staten og det ukrainske samfunnet. Det er ikkje for ingen ting at ei av fagforeiningane deira er kalla «den femte statsmakta».

«Leiarskapen i den ukrainske tryggingstenesta måtte gå ut offentleg og rettferdiggjere at dei spionerte på journalistar.»

Korrupsjon i Ukraina er eit alvorleg trugsmål mot staten, men det blir kjempa mot han. Samstundes er det i kvar del av ukrainsk liv og kvar sektor av økonomien krefter som arbeider for å motverke Russlands åtak på landet vårt. I kultur og sport er kampen nokså lett å få auge på, men kampen går òg føre seg på andre, mindre synlege livsområde.

Ein av dei minst synlege organisasjonane som er innblanda i den økonomiske kampen mot russiske interesser, er den ukrainske nasjonale organisasjonen for vinkelnerar. Gjennom den har dei påverknad på den globale vinbransjen og handelen med vin.

Sidan annekteringa av Krym i 2014, har Russland heile tida freista å legitimere kontrollen sin over halvøya. Politiske framstøytar for å få verda til å godkjenne Krym som russisk, har slått feil. Krym har berre blitt akseptert som russisk av Venezuela, Cuba, Syria, Afghanistan, Nord-Korea og Nicaragua. Da det ikkje vart noka brei politisk godkjenning, freista Russland å vinne «økonomisk godkjenning», som ville gje området høve til å drive internasjonal handel.

I 2014 vart den mest namngjetne vinprodusenten på Krym, Massandra, lagd under administrasjonen til president Putin. I to år forsynte Massandra – stolen ukrainsk eigedom – russiske butikkar. I 2016 byrja så vinprodusenten å «eksportere» vin til separatistrepublikkane Donetsk og Luhansk, så vel som til Belarus. Sidan da er Taiwan og Kasakhstan komne med på lista over importørar av denne vinen.

På oppmoding frå ukrainske vinkelnerar har dessutan den internasjonale vinkelnerorganisasjonen ekskludert den russiske vinkelnerorganisasjonen frå den internasjonale organisasjonen og nekta russiske vinkelnerar å vere med på konkurransar i vinsmaking. Denne kampen er berre ein liten del av arbeidet til dei ukrainske vinkelnerane. Hovudoppgåva deira er å fremje og hjelpe til med eksport av ukrainsk vin.

Etter utbrotet av krigen i februar 2022 ønskte britiske vinhandlarar å støtte Ukraina. «Om du støttar Ukraina, drikk ukrainsk vin», sa ein av dei da, og som resultat vart det første partiet av den beste ukrainske vinen sendt til Storbritannia. No blir enda ein konteinar snart klar for sending dit.

Visepresidenten i den ukrainske vinkelnerorganisasjonen, den etnisk bulgarske Ivan Pertsjeklyj, drog til fronten som frivillig, og no, etter at han vart såra i nærleiken av Bakhmut, får han behandling ved eit sjukehus i Kyiv. Han har nytta opphaldet i Kyiv til å ta meir aktivt del i arbeidet til organisasjonen.

Mest av alt uroar han seg for lagnaden til dei små vinprodusentane, som finn det særleg vanskeleg å overleve under krigen. Mange vingardar i den søraustre delen av Ukraina vart øydelagde av artillerield, og det er uråd å få skikk på dei nett no. Men vinmakarar i Tsjernihiv-regionen reparerer vinmarker som vart øydelagde våren 2022, og vinmakarane i Transkarpatia, langt frå fronten og i ein gunstigare posisjon, førebur vinen sin for nasjonale og internasjonale utstillingar.

«General Syrskyj drikk ikkje i det heile.»

Den neste ukrainske vinutstillinga, «Vin og brennevin 2024», med foredrag og arbeidsseminar for profesjonelle vinfolk, går føre seg i Kyiv 26. og 27. april på breidda av Dnipro i Natakla-parken. Pertsjeklyj vonar at favorittvinmakaren hans frå byen Beregove i Transkarpatia, Krisztian Sass, får til å vere med på utstillinga med vinen sin. Sass er etnisk ungarar som studerte vinproduksjon i Ungarn før han fekk stjernestatus i den ukrainsk-transkarpatiske vinbransjen.

Det er ikkje klart om Partsjeklyj sjølv vil vere til stades på utstillinga i april. På den tida burde behandlinga og rehabiliteringa vere ferdig, og mest truleg vil han vere attende ved fronten. Men sjølv der vil han gjere sitt beste for å ta del i arbeidet til den ukrainske vinkelnerorganisasjonen, slik han gjorde i fjor, sjølv om han slost mot dei russiske okkupantane.

General Zaluzjnyj er visst likeglad med vin. Det er kjent at favorittdrinken hans er den skotske whiskyen Glenmorangie. General Syrskyj drikk ikkje i det heile. Forresten var general Syrskyj ein av dei militære leiarane som organiserte forsvaret av Kyiv våren 2022. På grunn av det fortener han absolutt at det blir skåla for han kring ukrainske bord.

Men ukrainarane ventar framleis. Dei vil sjå kva endringar utskiftinga av øvstkommanderande vil bringe. Dei kjøper stadig mykje vin, og no kjøper dei ukrainsk vin oftare enn før. Ikkje berre fordi dei no kjenner seg mykje tryggare på den lokale vinen, men også fordi dei har langt større tru på Ukraina og på siger for landet.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis