JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ukrainsk sol og russisk opposisjon

Denne våren har ein ny tradisjon oppstått i Odesa. Stadig fleire innbyggjarar går ut mot sjøen tidleg om morgonen før grålysinga og helsar dagen som renn. Dei prisar dei første strålane til morgonsola.

Folk i den ukrainske byen Odesa samlar seg på stranda i solrenninga klokka fem for å helse ein ny dag velkomen.

Illustrasjon via TikTok

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10709
20240531

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Kvar dag kjem det videoar av Odesa-soloppgangen i sosiale medium. Ofte blir desse videoane følgde av ein tekst, og meininga er stort sett den same: «Om du ikkje kan endre noko, så nyt kvar vakre augeblink!» Med andre ord: «Lev for dagen i dag! Morgondagen kjem kanskje aldri!»

No når den verkeleg varme sumaren held på å kome, tek dei som kjem for å sjå soloppgangen, gjerne ein symjetur. Vatnet blir stadig varmare, og mange har inntrykk av at svartehavsvatnet i Odesa og i nærleiken av byen er mykje reinare enn før. Dette kjem truleg av at det no er færre skip som går inn til Odesa og andre ukrainske hamner i nabolaget.

Det er òg færre russiske krigsskip i Svartehavet. For å seie det meir presist: Takk vere ukrainske marinedronar ligg ein del av den russiske marinen no på botnen av havet. For å unngå ytterlegare åtak har Russland flytta skip frå Krym til hamna i Novorossijsk på kysten av Kaukasus og til Kaspihavet.

Forbodet mot industrielt fiske og mot fiske frå båt har ført til ein monaleg auke i fiskeførekomsten ved kysten, så ein kan fange fisken frå breidda med stong – eit fiske som ikkje er forbode. Heldige fiskarar er glade for å kunne selje fangsten til folk etter ein god dag.

«Fleirtalet av ukrainarar, særleg i Lviv og andre delar av Vest-Ukraina, meiner fullt og heilt at det ikkje finst 'gode russarar'»

Medan folk i Odesa ser på sola som går opp over havet, fiskar og grøssar over dei hyppige luftvernsirenene og eksplosjonane, skjer det langt meir interessante ting langt frå Svartehavet, i den vestlege ukrainske byen Lviv. Som ein kan vente i ei krigstid, blir viktige møte ofte kunngjorde først etter at dei har funne stad. Nyleg vart eit forum for den russiske opposisjonen halde over to dagar i Lviv. Den fullstendige lista over deltakarane i forumet er framleis eit mysterium, men det er kjent at russiske militære frivillige frå alle dei tre bataljonane som kjempar saman med det ukrainske militæret, var til stades.

Rådgjevaren til leiaren for presidentkontoret, Mykhajlo Podoljak, var ein av dei viktigaste talarane i forumet. Han vende seg til dei russiske deltakarane og rådde dei sterkt til å gripe makta i Russland når det noverande regimet byrjar «slå sprekkar». Mykhajlo Podoljak er overtydd om at det vil vere mogleg å ta makta i Russland ein eller annan gong i 2024–2025, og at samanbrotet til Putins vertikale maktstruktur vil skje brått og gå føre seg svært raskt.

Diverre er innhaldet i talane til dei russiske deltakarane i forumet framleis ukjent. Sjølve forumet var godkjent av general Budanov, leiaren av det sentrale etterretningsdirektoratet i det ukrainske forsvarsdepartementet. Han sa at slike hendingar gjer at slutten på Putin-regimet kjem nærmare.

Den einaste offentlege figuren som kritiserte forumet til den russiske opposisjonen, var ordføraren i Lviv, Andrij Sadovyj. Han fekk ikkje vite om møtet som vart halde i byen han skal ha administrativ kontroll over. Sadovyj bad til og med tryggingstenestene i Ukraina om informasjon om hendinga – i ein freistnad på å prove overfor innbyggjarane i Lviv at han ikkje var med på å førebu dette forumet, og at han ikkje var samd i at det skulle gå føre seg i Lviv.

Fleirtalet av ukrainarar, særleg i Lviv og andre delar av Vest-Ukraina, meiner fullt og heilt at det ikkje finst «gode russarar», og dette forumet har ført til skuldingar mot ordføraren om at han samarbeider med «gode russarar». Under forumet bad rådgjevar Mykhajlo Podoljak om orsaking til dei russiske opposisjonelle for at denne krigen har fått alle ukrainarar til å hate alle russarar utan unntak, og ikkje sjå forskjellen mellom russiske støttespelarar og motstandarar av Putin-regimet. «Det er lett å skjøne, og det er ein normal kjenslereaksjon på grunn av krigen», forklarte han.

Kyiv-ordførar Vitalij Klitsjko presenterer den nye gangbrua i den ukrainske hovudstaden, smidd av Azov-stål frå Mariupol.

Stillbilete frå komersant.info

Førti russiske opposisjonsgrupper og -organisasjonar var representerte ved forumet, men det var ingen representantar der for Antikorrupsjonsfondet, partiet til avlidne Aleksej Navalnyj. I eit intervju med ukrainsk fjernsyn sa den russiske politikaren Ilja Ponomarev at partiet til Navalnyj og fleire andre russiske emigrantgrupper ikkje støttar tanken om væpna kamp for eit maktskifte i Russland, og difor ikkje ville ta del i forumet. Desse politikarane som er mot Putin, har ein draum om å kome til makta ved demokratiske middel, gjennom val. Eg misunner dei fantasien deira.

Den annekterte Krymhalvøya, til liks med den delen av Donbas som har vore okkupert sidan 2014, har av valomsyn lenge vore inkludert i den offisielle russiske geografien. Dei okkuperte territoria av Zaporizjzja- og Kherson-regionane opplevde nyleg sine første «russiske presidentval». Eg undrar meg på om partiet til Navalnyj er budd på å drive valkampanje i dei okkuperte territoria i Ukraina for å kome til makta på fredeleg, demokratisk vis?

Den russiske regjeringa har no byrja uroe seg over kor «pålitelege» dei er, dei ukrainarane som er blitt verande i dei okkuperte områda. Ukrainarar som ikkje straks tok imot russisk pass, men som seinare har søkt om å få eit, er òg mistenkte for å vere upålitelege.

For kort tid sidan kunngjorde dei russiske styresmaktene eit program for å nasjonalisere dei private bustadene til dei ukrainarane som forlét dei okkuperte territoria. Ukrainarar som ikkje vil miste eigedomen sin, må straks kome til Melitopol, Henitsjesk og andre byar og landsbyar erobra av det russiske militæret, og omregistrere husa, bustadene og jordstykka sine i samsvar med russisk lov. Først lyt dei søkje om russisk pass. Dersom den som har ein eigedom, ikkje skaffar seg russiske dokument for seg sjølv og eigedomen, eller dersom rekningar for vatn og elektrisitet ikkje er betalte på eit år, blir husvære og annan eigedom som høyrer ukrainske borgarar til, nasjonaliserte og deretter overførte til nye eigarar. Truleg vil desse nye eigarane vere immigrantar frå Den russiske føderasjonen.

Dei fleste flyktningane frå dei okkuperte territoria har alt sagt farvel til eigedomane sine. Men det er òg nokre som vil halde på retten sin til å ha eigedom der. For å få til dette legg dei ut på den risikofylte reisa til okkuperte territorium.

Ifølgje russiske reglar kan ukrainske borgarar berre kome inn i Russland via Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva. Dette inneber at dei må fly frå Europa til Istanbul eller Dubai og gå over i eit fly som tilhøyrer eit russisk flyselskap. Men sjølv om ein ukrainsk borgar klarer å kome seg til Sjeremetjevo, har hen ingen garanti for å få kome inn i Russland. Og sjølv om dei passerer alle kontrollar og kjem seg inn i Den russiske føderasjonen, er det uråd å seie korleis ferda attende til det okkuperte territoriet vil ende for dei.

Ein tidlegare innbyggjar i Melitopol, som ikkje ønskjer å seie kva han heiter, fortalde at minst 50 ukrainske borgarar frå dei no okkuperte territoria reiste med fly saman med han til Sjeremetjevo. Etter lange forhøyr og kontrollar fekk berre to av dei kome inn i Russland, inkludert han. Han kom seg til Melitopol og gjekk straks for å søkje om russisk pass, som han fekk ei og ei halv veke seinare. Men så nekta okkupasjonsstyresmaktene å utferde dokument for bustaden hans. Det synte seg at heile blokka han budde i, alt var «nasjonalisert» til framtidige migrantar frå Kasakhstan, Belarus og Den russiske føderasjonen sjølv.

Pussig nok er folketalet i okkuperte Melitopol større no enn før krigen – over 150.000. Det kjem av at den russiske regjeringa gjorde Melitopol til hovudstad i Zaporizjzja-regionen sin. Dei russiske styresmaktene, saman med utanriksdepartementet og innanriksdepartementet, sette i verk «Programmet for ny busetnad i Zaporizjzjas ledige område». Dei lokkar helst store familiar til dei okkuperte territoria ved å love dei høge løner, gode sosiale vilkår, skular og barnehagar, og mykje meir.

Det er interessant at strategien var basert på eit anna program for ny busetnad som skulle skape utvikling i den austre delen av Den russiske føderasjonen. For femten år sidan freista Russland borgarar frå Ukraina, Belarus og andre land til å busetje seg langt aust i Russland. Da vart unge ukrainske familiar lova dei same tinga – høge løner, skular og barnehagar og så bortetter.

«Som ein del av utforminga av dette programmet, som det russiske utanriksdepartementet og det russiske innanriksdepartementet er samde om, vurderer vi behovet for visse fagfolk i Zaporizjzja-regionen», sa Jurij Guskov, som er førebels «finansminister» i den okkuperte delen av Zaporizjzjia-regioen, i eit intervju med russiske aviser.

«Vi treng forretningsfolk og investorar. Det er utarbeidd ei liste over søknader frå utanlandske borgarar som er klare til å kome til territoriet vårt. Etter kontroll og godkjenning frå alle aktuelle autoritetar flyttar vi på familiane slik at dei kan utføre spesielle oppgåver. Målet vårt er å integrere slike familiar i (den regionale) økonomien gjennom sosiale program, gje dei pass og skaffe skuleplass til ungane deira så snøgt som råd.»

Medan Russland aktivt og ope arbeider for å endre den etniske samansetjinga i dei okkuperte territoria i Ukraina, vart det opna ei ny gangbru i Kyiv for å markere den 1542. fødselsdagen til byen. Det tok fire år å byggje brua, inkludert stans i prosjektet i fleire månader ved byrjinga av fullskala-invasjonen.

Ein kan diskutere kor lurt det er å byggje nye bruer under ein krig, men innbyggjarane i Kyiv liker denne nye brua. Ho bind saman den populære Natalka-parken med Obolonskyj-øya, der det òg er sytt for eit fritidsområde og sykkelstiar. Tidlegare innbyggjarar i Mariupol var blant dei første til å gå over brua til øya. Faktisk er alle metallstrukturane i den bølgjeforma brua laga ved Azovstal-fabrikken i Mariupol og transporterte til Kyiv få veker før den russiske invasjonen – nokre var blant dei heilt siste varene som vart produserte ved Azovstal-fabrikken. Brua kan ein sjå på som eit funksjonelt monument over det største stålverket i Ukraina, og den russiske øydelegginga av det.

Frå denne brua er det vakker utsikt over Obolon-distriktet i Kyiv på den høgre breidda av Dnipro. Mange kjem alt for å beundre solnedgangen. Nærmare hausten, når dagane blir kortare, vil det òg kome folk som ønskjer å sjå soloppgangen. Nett no er dette uråd, ettersom det er slik i Kyiv, til forskjell frå i Odesa, at solrenninga kjem før portforbodet blir heva.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis