JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ti år med krig og ei Jesus-tatovering

Kvifor markerer ikkje verda tiårsdagen for den russiske aggresjonen, men føretrekkjer å snakke om toårsdagen for den siste, fullskala fasen av konflikten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Selydove ved Avdijivka-fronten 19. februar freistar Nadezhda Prokopenko rydde hagen til ein slektning som har fått huset råka av ein russisk rakett.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

11594
20240223
11594
20240223

Denne krigen byrja faktisk 20. februar 2014, etter drapa på Majdan-demonstrantar, med annekteringa av Krym og skipinga av to separatist-«republikkar» på ukrainsk territorium: Lugansk og Donetsk. Av ein eller annan grunn spør ikkje eingong ukrainske journalistar om kvifor ingen snakkar om den ti år lange krigen vår. Svaret er likevel meir eller mindre klart. Europa, USA og resten av verda såg på det som skjedde i 2014–2015, som ei «intern» sak som Russland og Ukraina fekk ordne opp i sjølve.

Det likna den russiske aggresjonen mot Georgia i 2008, som òg fekk svært lite merksemd frå Vesten. Fram til ganske nyleg har mange europeiske politikarar vurdert land som tidlegare var del av Sovjetsamveldet, som «ein familie», med unntak av Litauen, Latvia og Estland. Misforståingar og fornærmingar førekjem i alle familiar, og av og til kan slike disputtar bli valdelege.

Den russiske aggresjonen mot Ukraina tok for alvor til i 2014 med drapa på «dei himmelske hundre» demonstrantane på Majdan-plassen i Kyiv. Foto frå markeringa på årsdagen 20. februar 2015.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

Først for to år sidan, særleg etter massakrane på sivile i Butsja, Vorzel, Irpin og Borodyanka, slutta verda å sjå på denne krigen som ein «intern konflikt», og valde endeleg å stå saman med offeret for russisk aggresjon – Ukraina.

Difor er denne årsdagen ikkje den andre eller tiande årsdagen for russisk aggresjon, slik eg ser det, men den andre årsdagen for at det gjekk opp for Europa, USA og andre land at vi var på randa av ein tredje verdskrig, og at den katastrofen berre kan hindrast dersom Putin og den russiske aggresjonen blir stogga. For denne aggresjonen er ikkje retta berre mot Ukraina, men mot demokratiske verdiar som eit heile, og mot dei landa som forsvarer desse verdiane.

«Søndag 18. februar var det ei markering på Majdan-plassen til minne om demonstrantane som vart drepne av snikskyttarar for ti år sidan.»

Ukrainarar har ikkje lenger fokus på datoar. Søndag 18. februar var det ei markering på Majdan-plassen til minne om demonstrantane som vart drepne av snikskyttarar for ti år sidan. Annekteringa av Krym vart hugsa òg, men det viktigaste samtaleemnet var Avdijivka. Russiske troppar hadde følgt Putins ordre om å oppnå ei eller anna form for siger før presidentvalet i mars. Erobringa av Avdijivka var ei direkte følgje av at Ukraina mangla artillerigranatar og effektive luftvernsystem på slagmarka. Byen Avdijivka var alt øydelagd av tusenvis av 500-kilos bomber kasta frå fly, og av hundretusenvis av artillerigranatar, før han vart teken av det russiske militæret.

Ettersom byen stod imot separatistar og det russiske militæret i nesten ti år, vil fallet ikkje vere siger nok for Putin. Det russiske militæret vil freiste å rykkje fram på andre delar av fronten, på jakt etter stader der det kan bryte gjennom forsvarslinjene og fylle russiske medium med fotografi av «heroiske russiske soldatar» som går til kamp og døyr «for moderlandet, for Putin». Putin treng alle desse meldingane, for russarane må stadig fórast med grunnar til å vere stolte.

Europa og USA treng andre bodskapar. Og ein av dei fekk dei den første dagen av tryggingskonferansen i München: meldinga om at Navalnyj er død.

Det er ikkje fleire «Navalnyjar» i Russland. Han var den einaste av sitt slag, og han sat i fengsel. Dei som kjenner Russland under Putin, skjøna at han aldri kom til å forlate fengselet i levande live. I Russland er det temmeleg vanleg at fangar døyr i fangenskap. Til vanleg blir kroppane deira rett og slett frakta til kyrkjegarden. Men om ein død kan nyttast som propaganda, må bruken av han ha maksimal verknad.

Det kunne sjå ut som nokon i Kreml hadde klekt ut ein plan for å endre agendaen til tryggleikskonferansen i München – å tvinge deltakarane til å snakke mindre om Ukraina og meir om Russland. Denne planen ville krevje ei hending som vekte stor merksemd hos den demokratiske delen av verdssamfunnet, men som ville få lite å seie internt i Russland. Og planen verka. Russland, som skremmande uhyre, og Navalnyj, så lett å fjerne, tok all merksemda til München-konferansen.

Men den sjokkerande meldinga om at Navalnyj døydde i eit russisk fengsel, fekk konferansedeltakarane til å trekkje den einaste fornuftige konklusjonen: Med ein nær nabo av denne typen må det gjerast mykje meir for å hjelpe Ukraina.

Medan Navalnyj var i live, var lagnaden hans eit trumfkort som Russland kunne bruke i alle slags tingingar og bytehandlar. Truleg ville Vesten vore klar til å gje slepp på temmeleg mange russiske spionar og drapsmenn som sit i europeiske og amerikanske fengsel, for å få han sett fri. Nyleg melde den tyske storavisa Bild at Navalnyj var nær ved å bli utveksla mot den russiske agenten Vadim Krasikov, som drap ein politisk emigrant frå Tsjetsjenia i Berlin. Men å lauslate Navalnyj frå fengselet og la han dra til utlandet ville innebere ei kraftig styrking av opposisjonsrørsla mot Putin blant emigrantar. Det står ikkje på ønskjelista til Kreml.

No vil Russland utveksle sine spionar og drapsmenn mot Wall Street Journal-korrespondenten Evan Gershkovich og andre utanlandske borgarar som var uforsiktige nok til å hamne i det farlege landet på ei tid da heile verdsordninga står på spel.

Snart vil journalistar frå heile verda som kom til Ukraina for å rapportere om «dei to åra med krig», vende attende til sine eigne land med ei kjensle av å ha fullført noko. Men krigen vil halde fram, og situasjonen ved fronten vil syne om den lova militærhjelpa frå EU og USA endeleg har nådd fram. Utan militær hjelp vil frontlinja bli pressa gradvis bakover, og dette vil setje i gang påbod om evakuering av sivile frå byar og landsbyar som det russiske artilleriet er i stand til å nå.

«Påbod om evakuering» høyrest strengt ut, men i røynda har ikkje dei ukrainske styresmaktene lært seg korleis dei skal få folk ut frå ei farleg sone med makt. Det likaste styresmaktene har fått til, er å flytte born til ei trygg sone, av og til mot viljen til foreldre og slektningar.

Men av og til har det nesten ikkje vore råd å få til såpass. Ukrainsk politi og frivillige måtte leite i vekevis etter born som var gøymde av foreldra blant ruinane i Bakhmut og Avdijivka. Først etter at borna var funne, gjekk foreldra med på å bli evakuerte saman med dei. Foreldra ville heller ikkje sitje att aleine i ruinane.

I juni 2014 var den ukrainske Krymhalvøya i Svartehavet annektert av Russland, og russiske badegjester kunne boltre seg på rullesteinsstrendene.

Foto: Andrew Lubimov / AP / NTB

I Avdijivka er det framleis om lag 900 innbyggjarar som gøymer seg i kjellarar og ruinar. Dette er vaksne som har fått tilbod om evakuering mange gonger, men som har nekta å forlate byen. Da russiske troppar hadde erobra halve byen, fór den siste bilen med to kvinner og ein hund i rasande fart mot dei ukrainske stillingane.

Blant dei som var att i ruinane som alt var tekne av russarane, var det berre éin innbyggjar som gjekk med på å la seg intervjue av russiske journalistar. «Mange takk for frigjeringa!» sa han. Kameramannen og journalisten frå russisk fjernsyn fann ingen andre som var villige til å takke det russiske militæret.

Kan hende finn dei nokon seinare. Kan hende kjøper dei enda ein «takk» med ei skive brød og ein boks lapskaus. I månadsvis har innbyggjarane som vart att i krigssona, fått mat og vatn av det ukrainske militæret og frivillige som risikerte livet gong på gong for at desse menneska skulle sleppe å svelte.

Kva vil ukrainske soldatar gjere dersom Vesten stadig er sein med å gje våpenhjelp? Kva vil dei håpe på? Vil dei lite på hjelp frå Gud?

Åndeleg støtte – til trua på siger – har blitt svært viktig for soldatane ved fronten. Kvar eining har ein offiser med trening i å handtere milde psykiske lidingar: stress, depresjon og aggresjon. Dei gjer dette arbeidet så godt dei kan, men soldatane har større tru på feltprestar, på dei representantane for kyrkja som ikkje er offiserar, og som slåst saman med dei om det trengst.

Feltprestar dukka ikkje opp i det ukrainske militæret før i oktober 2022. Dei står på lista over personell i dei militære einingane. Dei får løn, og bur i brakker saman med andre soldatar. I løpet av det siste halvtanna året har mange feltprestar blitt såra, og fleire har døydd. I dag er det om lag 750 feltprestar som gjer teneste ved fronten og i dei bakre einingane.

Feltprestar som ville ha preika om fred og kjærleik om det ikkje var for krigen, opplever at militærtenesta påverkar tankane, kjenslene og sinnstilstanden deira. Dette kan av og til få dei til å ta uvanlege avgjerder som kan kritiserast av andre prestar.

I fjor kunngjorde feltpresten Serhiy Budovy at han hadde eit bilete av Jesus tatovert på armen sin. «Slik at til og med kroppen min lovprisar Herren», forklarte han. Dermed byrja ein diskusjon om geistlege burde ha tatoveringar. Det vart mint om dei tidlegare koptiske kristne som hadde hemmelege tatoveringar på handleddet for å kunne kjenne igjen kvarandre, og det vart trekt fram ulike heilage tekstar som nemner fenomenet.

Men den teologiske diskusjonen stilna da feltprest Budovy sa at han byrja få denne tatoveringa i ei skyttargrav ved fronten i Donetsk-regionen. Tatoveringa var ufullført i lang tid fordi tatovøren, som var soldat i den same skyttargrava, vart utsett for fleire hjerneskakingar. Til slutt vart arbeidet fullført av ein annan tatovør-soldat ved fronten. Slik kunne Budovy vise bileta av «sin» Jesus på sosiale nettverk.

Tatoveringar som proklamerer patriotismen eller det politiske synet til eigaren, har lenge blitt oppfatta som teikn på mot. Mange ukrainske soldatar og frivillige er drepne i fangenskap av russarane nettopp på grunn av dei pro-ukrainske tatoveringane sine. Ukrainske militære som kjem heim på perm, skaffar seg av og til ei tatovering som reflekterer tankane og ideane deira, som berre er blitt styrkte av krigen.

Ein såra soldat får hjelp på eit feltsjukehus i Avdijivka, Donetsk, 16. februar.

Foto: Tredje åtaksbrigade i det ukrainske forsvaret / Reuters / NTB

I Russland er det berre éin prest – fader Grigorij Mikhnov-Vajtenko i St. Petersburg – som har ønskt å halde ei minnegudsteneste for Aleksej Navalnyj. Han kunngjorde det på sosiale nettverk, og vart straks arrestert av politiet på veg heimanfrå. Frå politistasjonen vart han teken til eit sjukehus fordi han var råka av slag.

Ein annan prest, fader Andrej, tok over og leia ein kort seremoni til minne om offera for Gulag. Der var nokre få titals tilhøyrarar til stades, dei fleste vart arresterte med ein gong. I den tyske byen Düsseldorf vart det halde ei minnestund for den myrda Aleksej Navalnyj i den ortodokse kyrkja. No kan russiske ortodokse kristne og russiske ateistar sjå denne minnestunda på YouTube.

I Ukraina var det ikkje særlege reaksjonar på at Navalnyj er død. Ukrainarane trur ikkje at det finst ein «god russar». Navalnyj vart sett på som anti-ukrainsk på grunn av haldninga hans til den annekterte Krymhalvøya da han sa at ho ikkje ville bli gjeven attende til Ukraina. Ukrainarane kan ikkje tilgje han at han samanlikna Krym med ein sandwich. «Kva er Krym, ein pølsesandwich som blir send fram og tilbake?» sa han i oktober 2014, åtte månader etter annekteringa.

Han var òg sein til å innrømme russiske krigsbrotsverk mot Ukraina. I dei seinaste utsegnene sine vedgjekk han at Russland burde tape denne krigen for at Ukraina skulle få grensene sine frå 1991 attende. Han skjøna at om Russland ikkje tapte, ville det ikkje vere noka framtid for landet heller. Det ville berre vere fortidas Russland, det same Russland som heile verda no kryp saman for, det Russland som drap Aleksej Navalnyj, Anna Politkovskaja, Boris Nemtsov og mange, mange andre.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis