JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«Nato-styrkar kjempar i Donbass»

Russiske nyhendenotisar om «spesialoperasjonen i Ukraina»:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regulære Nato-styrkar deltek i kamphandlingar i Donbass under dekke av å vere private militære selskap, seier Andrei Marotsjko, offiser i Folkerepublikken Luhansk folkemilits.

10229
20221125

Bakgrunn

Dag og Tid legg vekt på å formidla korleis russiske medium og president Vladimir Putin skildrar og talar om krigen i Ukraina. På denne måten kan vi få innsikt i korleis media tenkjer, og kva for informasjon og synspunkt det russiske folket får servert.

Denne veka: Notisar frå nettsida til Russland 1

Massivt rakettåtak

Forsvarsdepartementet kommenterte det massive missilåtaket som vart påført Ukraina dagen før. Ifølgje Igor Konsajenkov, representant for departementet, avbraut åtaket overføringa av reservar til dei væpna ukrainske styrkane og levering av utanlandske våpen til kampområda. I tillegg vart eit heilt arsenal av vestlege våpen øydelagde.

Forsvarsdepartementet stadfestar òg at den militære administrasjonen, det militærindustrielle komplekset og drivstoff- og energiinfrastrukturen i Ukraina òg var mål for åtaket.

18. november

– Økonomien stabilisert

Moskvabudsjettet held seg godt, underskotet er av «tekniske grunnar», og lønsemda til føretaka i byen tek seg opp, seier ordførar i Moskva, Sergei Sobjanin i eit intervju med RIA Novosti.

Ifølgje han har «det store fleirtalet» av finansinstitusjonar og service- og industrinæringa «tilpassa seg situasjonen slik han er». Russiske selskap har så å seie fylt tomrommet etter dei utanlandske selskapa som trekte seg ut av den russiske marknaden.

– Dessutan er lønsemda til desse føretaka gradvis i ferd med å kome seg, finanssektoren medrekna, der kollapsen i fortenesta var størst. Vi kjenner oss difor ganske sjølvsikre når det gjeld budsjettet, seier Sobjanin.

Ifølgje han vil hovudstaden klare seg utan lån i 2023.

– Underskotet som vi dekkjer med lån, er meir av ein teknisk art. Eg trur at vi så å seie vil klare oss utan faktiske lån, men sjølv om vi skulle trenge eit lån, er gjeldsnivået i Moskva minimalt, seier Sobjanin.

Sidan mars 2022 har byen oppretta ein kommisjon som fører tilsyn med den økonomiske situasjonen, og som set i verk tiltak for å løyse utfordringar knytte til å ta vare på arbeidsplassar, import-
erstatning og sosial velferd.

18. november

Ukrainske Brotsverk

Brotsverka som regiment i Kiev står for i Donbass, må speglast i russiske historiebøker og i utviklinga av prosjektet «utan foreldingsfrist», sa utdanningsminister Sergei Kravtsov i ein presserunde.

Kravtsov la til at brotsverka som «framleis går føre seg og har gått føre seg» så langt i folkerepublikkane Donetsk og Luhnask, bør verte korrekt handsama, melder RIA Novosti.

«Utan foreldingsfrist» er eit føderalt prosjekt som tek sikte på å ta vare på det historiske minnet om krigsbrotsverka til nazistane og medløparane deira under den store fedrelandskrigen.

20. november

Syng på siste verset

Dei ukrainske styrkane har ikkje noko å tilby, seier amerikansk oberst.

For kvar dag som går, veks tapa til dei ukrainske styrkane, men likevel avviser amerikanske tenestemenn ei fredleg løysing på konflikten, sa den pensjonerte obersten Douglas McGregor i eit intervju med Grayzone.

Problemet er at president Joe Biden, utanriksminister Anthony Blinken og andre maktpersonar har gjeve etter for massevrangførestillingar om ein påstått «ukrainsk siger», sa McGregor.

Men dei ukrainske styrkane vinn ikkje. For tida har dei meir enn 100.000 drepne soldatar og hundre tusenvis skadde. Ei stor mengd utstyr er øydelagt, stole eller forsvunne. Det ukrainske forsvaret har ikkje noko å kome med. Dei syng på siste verset.

– Dei ventar på eit avgjerande slag som vil knuse dei. Dette er galenskap, sa McGregor.

Ifølgje obersten kan Russland ikkje skremmast og tvingast til å lystre. Generalen i den amerikanske hæren, Mark Milley, oppmodar til fred og forstår dette, men det gjer ikkje styresmaktene i landet.

Tidlegare har media rapportert om at Millie oppmodar Det kvite huset om å leggje press på Kiev for å løyse konflikten i Ukraina gjennom forhandlingar.

24. februar sette Russland i gang ein spesiell militæroperasjon på ukrainsk territorium for å demilitarisere og denazifisere landet, skriv RIA Novosti. Ifølgje president Putin er målet med operasjonen å frigjere Donbass.

20. november

Atomkraftverkavtale

Det einaste som kan få Ukraina til å la vere å gå til åtak på atomkraftverket Zaporijzjza, er at ein avtale vert underskriven med garantiar frå tredjeland som har påverknad i Kiev, seier Renat Kartsjaa, rådgjevar for generaldirektøren i Rosenergoatom.

Berre ein slik avtale vil «rettsleg forplikte» Ukraina til å stoppe all artilleriverksemd i området rundt atomkraftverket og tvinge styresmaktene i Kiev til å forstå følgjene av å bryte forpliktingane, melder nyhendebyrået Tass. Alt anna vil berre føre til at den noverande situasjonen vert oppretthalden som eit permanent trugsmål mot tryggleiken ved atomkraftverket, meiner Kartsjaa.

19. november tok det ukrainske militæret opp att skytinga på Zaporizjzja atomkraftverk. Ifølgje Renat Kartsjaa vart det opna eld mot spesialbygning nr. 2, der atombrensel vert lagra, og tørrlageret for brukt atombrensel den 20. november.

21. november kunngjorde sjefen for Rosatom, Aleksei Likhatsjov, at det er fare for ei atomulukke ved atomkraftverket.

21. november

Dei skyt mot Energodar

Ukrainske styrkar skyt atter ein gong mot Energodar, der det største atomkraftverket i Europa, Zaporizjzja, ligg. Dette melde telegramkanalen til Vladimir Rogov, som er styreleiar for rørsla Vi er med russland og medlem i administrasjonsrådet i Zaporizjzja-regionen.

Ifølgje han vert det skote med tunge våpen, slik som ein har i Nato. Missila vert skotne med jamne mellomrom, hovudsakleg mot området ved kysten.

21. november

Ordførar gjekk av

Ordføraren i Tsjita, Aleksandr Sapozjnikov, skreiv i telegramkanalen sin at han har bestemt seg for å reise ut i sona der den militære spesialoperasjonen går føre seg.

Ordføraren peikte på at han som fallskjermjeger med kamperfaring ikkje kunne stå på sidelina og sjå på «vårt moderlands lagnadstunge kamp for retten til ei framtid som er nedarva frå forfedrane våre».

Sapozjnikov takka guvernøren i Zabajkalskij kraj, Aleksandr Osipov, administrasjonen i regionen, politi, offentlege tenestemenn og innbyggjarane i Tsjita for at dei «var med på å gjere byen betre».

Han ønskte Tsjita ei harmonisk og dynamisk utvikling og dei lokale innbyggjarane lukke og velvære.

Ifølgje RIA Novosti er førstenestleiar Andrei Grenisjin utnemnd som fungerande leiar for byadministrasjonen.

21. november

Syr innleggssolar

Syarar frå studioet for kunst og handverk ved det offentlege kultursenteret Jevpraksija i Astrakhan-regionen lagar varme innleggssolar for mobiliserte borgarar. Ifølgje pressetenesta ved administrasjonen for Privolzjskij-distriktet brukar handverkarane naturleg saueull i produksjonen av innleggssolane. Dette verdfulle materialet vart gjeve gratis av lokale bønder, særleg garden som vert driven av Magomedsjapi Abdusalamov som har drive med ullproduksjon i over 40 år.

– Desse innleggssolane er ikkje som innleggssolar ein får i butikken, sidan desse er laga av rein ull og er svært varme. Vi ønskjer verkeleg at gutane våre skal halde seg varme, slik at dei vinn, seier leiar ved studioet, Natalja Apletina.

Til dags dato har fleire enn 100 innleggssolar laga av saueull vorte sende til soldatane ved frontlina. No har syarane alt sett i gang med å lage eit nytt parti.

21. november

Tydeleg signal

Natos generalsekretær forveksla Russland og Ukraina.

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg forsnakka seg i ein tale på parlamentarikarforsamlinga til alliansen i Madrid den 21. november.

– Ingen må støtte Ukraina, det vil seie, unnskyld meg, Russland, i aggresjonen deira mot Ukraina. Nato må gje eit tydeleg signal om dette til Kina, sa Stoltenberg.

Orda er siterte av Tass.

Generalsekretæren for den nordatlantiske blokka oppmoda om at den militære støtta til Kiev må halde fram på alle vis, og rådde parlamentarikarane i allianselanda til å finne støtte hos veljarane om å auke bistanden.

Stoltenberg gav uttrykk for at Nato burde ha gjeve Ukraina meir militær bistand sjølv før Russlands spesialoperasjon tok til.

Han sa òg at alliansen bør auke den militære bistanden til Ukraina for å gjere det mogleg å oppnå ein fredsavtale med Russland på vilkår som er akseptable i Kiev.

– Og dette vert avgjort av suksessen på slagmarka, sa generalsekretæren.

I og med Russlands øydeleggjande åtak på ukrainsk territorium bør Nato, ifølgje Stoltenberg, auke forsyninga av våpen, luftvernsystem medrekna, drivstoff og andre middel.

21. november

Nato i Donbass

Regulære Nato-styrkar deltek i kamphandlingar i Donbass under dekke av å vere private militære selskap, seier Andrei Marotsjko, offiser i Folkerepublikken Luhansk folkemilits.

Han meiner at det er ti slike selskap i området. I ei sending på TV-kanalen Rossija 24 peiker Marotsjo òg på at det er ein generell auke i talet på utanlandske leigesoldatar i einingane til dei ukrainske styrkane.

Vidare fortel han at sjølv før den russiske spesialoperasjonen tok til, opererte den såkalla framandlegionen på Donbas, der rekkene inkluderte borgarar frå Polen, Estland, Latvia og Litauen. No er legionen «svært forslått» og difor oppløyst i mindre grupper som utfører ei rekkje operasjonar.

21. november

Friviljuge frå Saratov

Tidlegare transporterte medlemmene i ungdomsrørsla Molodaja Gvardija humanitært utstyr og medisinar til sona for den militære spesialoperasjonen og hjelpte sivilfolket. No vert gutane sende dit som friviljuge for å forsvare dei nye territoria i den russiske føderasjonen saman med soldatane våre.

Dei friviljuge er leiaren for ungdomsrørsla i Saratov og koordinator for Volga føderale distrikt, Adrei Kapitonov, og nestleiar i ungdomsrørsla Sergei Dragunov.

– Avgjerda om å reise ned til frontlina som friviljug var resolutt og medviten. Bror min tenestgjorde under kontrakt heilt frå ein av dei første dagane av den militære spesialoperasjonen. No er mange av venene mine med i spesialoperasjonen. I 2018, medan eg tenestegjorde i forsvaret, gjorde eg militæreiden. No er det på tide gjere orda om til handlingar. Saman med soldatane våre ønskjer vi å bringe sigeren nærmare, seier Andre Kapitonov.

21. november

Omsett av Daniella Slabinski

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis