JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig, gambling og dronar

Dei seinaste månadene har det dukka opp mange annonsar for nettkasino på kanalar som sender nyhende frå fronten. Av og til melder kasinoselskapa kor mykje pengar dei har gjeve til det ukrainske militæret til kjøp av dronar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainsk soldat sender opp ein mellomdistansedrone av typen Vector for å overvake russiske stillingar ved Bakhmut i Donetsk-regionen.

Ukrainsk soldat sender opp ein mellomdistansedrone av typen Vector for å overvake russiske stillingar ved Bakhmut i Donetsk-regionen.

Foto: Oleksandr Ratushniak / Reuters / NTB

Ukrainsk soldat sender opp ein mellomdistansedrone av typen Vector for å overvake russiske stillingar ved Bakhmut i Donetsk-regionen.

Ukrainsk soldat sender opp ein mellomdistansedrone av typen Vector for å overvake russiske stillingar ved Bakhmut i Donetsk-regionen.

Foto: Oleksandr Ratushniak / Reuters / NTB

10830
20240405

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

10830
20240405

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Om det ikkje var for opplysningane om desse donasjonane, hadde eg kan hende uroa meg for den påtrengjande annonseringa om nettkasino tidlegare. Dronar er svært viktige ved fronten, det er noko alle veit. Sist måndag erklærte Zelenskyj tillitsfullt i videotalen sin til folket: «Ukrainske dronar kjem til å sikre oss siger!» Og tysdag gjekk to ukrainske dronar til åtak på ein dronefabrikk og eit oljeraffineri i Tatarstan, 1200 kilometer frå fronten.

Heile dagen og heile natta kan summinga frå dronar høyrast over heile frontlina, som er over 1000 kilometer lang. Lyden kjem ikkje frå åtaksdronar på jakt etter fiendtleg utstyr og mannskap, men frå dronar som overvaker situasjonen og «rapporterer» om alle endringar.

Dronar er viktige rekognoseringsverktøy for både det ukrainske og det russiske militæret. Slik situasjonen er no, er det mest uråd å gjere noko som helst på eller ved fronten utan at det blir lagt merke til. Nett no er det berre det som går føre seg under jorda, som ikkje blir registrert. Det var tilfellet i Avdijivka, der russiske spesialstyrkar stillferdig tok seg fram under bakken til industrisona i byen.

På grunnlag av opplysningar frå rekognoseringsdronar planlegg begge partane den kortsiktige taktikken, som ofte går ut på å sende kampdronar for å slå ned på sabotasje- og rekognoseringsgrupper eller på spesialutstyr som blir nytta til forsterkingar. Forbruket av kampdronar er på hundrevis, om ikkje tusenvis kvar dag. Det inneber at droneproduksjon no er den delen av ukrainsk og russisk økonomi som veks snøggast.

Ein av frontane i den ukrainsk-russiske krigen ligg på den austlege bredda av Dnipro, okkupert av Russland, i nærleiken av Kherson. Der, nær landsbyen Krynki som alt er fullstendig øydelagd, har det ukrainske militæret kontrollert fleire kvadratkilometer av bredda i mange månader.

I dette området er Dnipro 800 meter brei. Det betyr at det er svært risikabelt å levere ammunisjon til austbredda, og levering av utstyr eller artilleri er nesten uråd. Denne fronten klarer ein å halde i hovudsak takk vere dronar, som vert sende av garde frå den vestlege bredda av Dnipro.

«Spelavhengige som dreg på seg gjeld, kan syne seg å vere «nyttig materiale» for russisk etterretningsteneste.»

Landsbyen Krynki og området rundt er illgjetne blant russiske soldatar. Fleire hundre av dei har alt døydd der, og utbrende skal av russiske stridsvogner og pansra køyretøy står på skogsvegane kring landsbyen. Men kvar dag sender russiske kommandantar fleire grupper av soldatar for å gå til åtak, svært ofte utan utstyr. Når alt kjem til alt, er det viktigare for russarane å spare på stridsvogner og pansra køyretøy enn på soldatar.

Nyleg har nokre overraskande trekk likevel tydd på at russarane freistar redusere tapa av liv. Ukrainske dronepilotar merka seg at ein russisk lastebil køyrde i full fart inn i skogen ved Krynki, leste av to dusin utstillingsdokker og køyrde straks attende, medan dei nakne utstillingsdokkene stod på den berre bakken.

Dette var berre byrjinga av ein uvanleg militæroperasjon. Det neste er at russiske soldatar kjem attende, helst om natta, med militæruniformer. Dei kler dei menneskeliknande dokkene i uniform og freistar plassere dei i skyttargravene, slik at det ukrainske militæret vil vende merksemda si mot etterlikningane og gå laus på dei, medan grupper av levande russiske soldatar går til åtak frå andre stader.

Knep som dette er vanlege i krig. Ukrainske frivillige vil òg frå tid til anna seie at dei treng utstillingsdokker til fronten, men det ukrainske militæret er skeptisk til å vere med på dette «spelet». Dei vil heller ha modellar av kanonar, bombekastarar og anna militært utstyr. Slike luregjenstandar – om dei er oppblåsbare eller laga av lette material – blir alt produserte av fleire private selskap etter ønske frå det ukrainske forsvarsdepartementet. Målet med det falske Patriot-systemet eller stridsvogner er å trekkje til seg kostbare russiske åtaksdronar eller missil. Å plassere dokker i militæruniform nede i skyttargravene er mindre effektivt.

Takk vere ukrainske rekognoseringsdronar vil utstillingsdokker i skogen ved Krynki ikkje vere til særleg hjelp for det russiske militæret. Likevel vil ukrainske rekognoseringsdronar sirkle over Krynki 24 timar i døgnet og registrere, mellom anna, utstillingsdokkene som framleis er utan russiske uniformer.

Når vi er i stand til å snakke om russiske militære triks, vil det seie at dei ikkje er særleg kreative eller vel gjennomtenkte, men snarare ein rask reaksjon på eit trugsmål. Så snart ukrainske dronar og missil byrja angripe russiske militærflyplassar, gav russarane seg til å måle omriss av fly på rullebanen, i håp om å få ukrainarane til å kaste bort energi og våpen på noko som ikkje eksisterer. Ukrainske dronar avslørte snøgt dette trikset, dronepilotane likte særleg fotografia av russiske helikopter som stod direkte oppå dei måla SU-26-jagarflya. Men russarane held fram med å måle fly på betongen der fly blir parkerte.

Russland har ikkje nok luftvernsystem til å verne alt av verdi, inkludert flyplassar og oljeraffineri. Det meste av luftvernsystema vernar no Moskva. Flyplass-sjefane lyt spele «russisk rulett» med ukrainske åtaksdronar: Vil dei kome eller ikkje? Eller, meir truleg, når?

Imens har det dukka opp eit problem i det ukrainske militæret som soldatane sjølve er opptekne av. Pavlo Petrisjenko frå 59. brigade har til og med laga eit skriv som står på nettsida til presidentkontoret, og som handlar om behovet for å avgrense verksemda til nettkasino. Petisjonen fekk straks over 26.000 underskrifter – eitt tusen fleire enn det som krevst for å få merksemd frå presidenten. No ventar Petrisjenko og mange andre soldatar og familiane deira på kva presidentkontoret har å seie til dette.

Pavlo Petrisjenko trur sjølv at nettspel gjer stor skade på det ukrainske samfunnet, og særleg på militæret. «No er det tredje året militært personell har vore vekke frå familiane sine, under tilhøve med konstant stress og utan skikkeleg kvile. Det inneber at dei psykologisk er svært sårbare. For mange av dei er spel den einaste måten å hanskast med stress på...»

Det har alt vore tilfelle der spelavhengige soldatar har brukt opp alle midlane sine og byrja ta opp mikrolån. For å betale ned på gjelda freista dei pante dronar eller varmesøkjande kamera.

«Nettspelbransjen rettar annonseringa si mot militært personell ved å bruke symbola til det ukrainske militæret og ‘kvitvaske’ aktiviteten sin med små donasjonar til militæret», legg Pavlo Petrisjenko til.

Interessant nok vil ikkje alt militært personell gå med på at nettspel er eit alvorleg problem. Meinig og bloggar Maksim Skubenko meiner at problemet er overdrive. «Det er ei gruppe vaksne, kompetente menn som brått har fått høgare inntekter, og dei veit ikkje kva dei skal bruke pengane til. Om dei pengane går til eit legalt kasino, har du noko med det?» Maksim Skubenko svarar dei som slår alarm. «Dersom du har skapartrongen og ressursane, så set i gang økonomikurs for militært personell med ein god annonsekampanje», seier han.

I mellomtida stolar Pavlo Petrisjenko på presidentkontoret og vonar at det ikkje berre vil ta omsyn til petisjonen hans, men òg byrje arbeidet med ei høveleg lov som vil innføre forbod mot spel under militær unntakstilstand, forbod mot tilgang til nettkasino for militært personell og forbod mot annonsering av nettspel med bruk av symbol for det ukrainske militæret. I tillegg ønskjer han eit forbod mot velgjerdsfond og organisasjonar som samarbeider med deltakarar i spelbransjen, eit forbod mot pantekontor som godtek gjenstandar som er militære eller både militære og sivile, og mykje, mykje meir.

I 2009 vart det innført ei lov som forbaud pengespel i Ukraina, men i 2021 vart spelbransjen legalisert igjen, og voks fort. Av og til kjem det skuldingar i pressa om selskapa som driv kasino på og utanfor nettet – at bakmennene som verkeleg tener pengar på dei, er russiske borgarar. Den største operatøren av nettkasino, Cosmolot, fekk endeleg lisens i 2021 etter heile fem søknader. Årsaka til at det tok tid, var mangelen på transparens i strukturen og i forretningsmetodane til selskapet.

I teksten som følgde petisjonen hans, peika meinig Pavlo Petrisjenko på at spelavhengige som dreg på seg gjeld, kan syne seg å vere «nyttig materiale» for russisk etterretningsteneste. Det er vanskeleg å seie seg usamd i dette. Å kjempe mot spelmisbruk ved fronten kan skape alvorlege konfliktar i ukrainske militære einingar. Det er lite truleg at offiserar vil våge å ta mobiltelefonane frå soldatane sine.

Gamblingselskapet Cosmolot har etablert seg på nytt og er no størst i sitt slag i Ukraina. Eigne radioprogram freistar å fyra opp spelegalskapen i krigstider.

Gamblingselskapet Cosmolot har etablert seg på nytt og er no størst i sitt slag i Ukraina. Eigne radioprogram freistar å fyra opp spelegalskapen i krigstider.

Foto: Andrej Kurkov

For eit par dagar sidan vigde radiostasjonen Ny tid (Kyiv) eit nesten timelangt program til dette problemet. Eg kunne høyre nøye på det frå byrjing til ende ettersom eg køyrde inn i Kyiv på den tida. Eg likte å høyre at radiojournalisten tok dette problemet på alvor. Men programmet vart avbrote to gonger av reklame, og begge gongene var det reklame for eit spelmagasin, der det vart opplyst at «lesarane kan finne mykje nyttig informasjon og gode råd!».

Det verka som reklameinnslaget gjorde narr av alle tankane elles i programmet om farane ved nettspel i ein krig. Saka er at spelselskapa betaler tre gonger den vanlege prisen for annonsering, og ingen massemedium har finansiell eller moralsk styrke til å avslå ei slik forteneste.

I Vest-Ukraina har spelindustrien gått enda lenger. Han er sponsor for regulære program vigde til spelindustrien i lokalradioen. Formålet er sjølvsagt å trekkje til seg enda fleire kundar til nettkasino og speltilbod utanfor nettet.

Kven som til sjuande og sist vil vinne denne andre «krigen», er enno ikkje klart. Presidentkontoret, som ifølgje lova skal svare på alle petisjonar med over 25.000 underskrivarar, har så langt ikkje gjeve lyd frå seg.

På populære nettkanalar dukkar annonsar for «patriotiske» nettkasino framleis opp mellom nyhendesendingar frå fronten. Etter kvart som den militære situasjonen hardnar til, skulle ein tru at spelarar i militæruniform ikkje ville ha tid til å leggje ned maskingeværa sine og plukke opp mobiltelefonen. Men kva om dette verkeleg er den einaste avslappinga for soldatane i dei sjeldne pusteromma deira mellom slaga?

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis