Kor nær var Ukraina og Russland ein fredsavtale våren 2022?
I juni i år publiserte The New York Times ei rekkje dokument frå forhandlingane i 2022.
peranders@dagogtid.no
I dag er det knapt dialog mellom Russland og Ukraina. Men våren 2022 var dei to statane tilsynelatande nær ved å inngå ein fredsavtale. Samtalane tok til alt 28. februar, berre fire dagar etter at Russland gjekk til full invasjon. Dei to neste månadene vart det halde fire forhandlingsrundar til, først i Belarus, deretter i Tyrkia.
Det var ikkje berre snakk om våpenkvile. Forhandlarane prøvde å lage ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland, og i april var eit 17 siders utkast ferdig. I juni i år publiserte The New York Times ei rekkje dokument frå forhandlingane. Det var særleg Ukraina som strekte seg langt, og sa seg villig til å bli ein «permanent nøytral stat», som innebar å gje avkall på medlemskap i Nato. Russland var derimot villig til å godta EU-medlemskap for Ukraina.
Kyiv var òg villig til å inngå ein fredsavtale sjølv om delar av landet var okkupert, men ville ikkje anerkjenne russisk suverenitet over desse områda. Russland godtok på si side at statusen til Krym og andre okkuperte område skulle avgjerast gjennom samtalar på lengre sikt. Andre tema skapte meir usemje. Ukraina gjekk med på å avgrense sitt eige forsvar, men ikkje så mykje som Russland kravde. I tillegg forlangte russarane at russisk igjen skulle få status som eit offisielt språk i Ukraina.
Men det største problemet handla om tryggleiken til Ukraina. Ukrainarane ønskte at eit knippe store land stilte som garantistar – ikkje berre Nato-land som USA, Storbritannia og Tyskland, men også Russland og Kina. Dei skulle alle forplikte seg til å hjelpe om Ukraina kom under åtak. Problemet var at russarane forlangte at garantistane – inkludert dei sjølve – skulle ha vetorett, og i så fall var garantien fint lite verd. Det var i seg sjølv nok til å velte avtalen.
I ettertid har Vladimir Putin hevda at Storbritannia og USA bar skulda for at forhandlingane kollapsa. Skuldinga er ikkje heilt utan rot i røyndomen: Den britiske statsministeren Boris Johnson skal ha rådd Zelenskyj frå å inngå ein avtale med Putin da han besøkte Kyiv i april 2022. Både britane og amerikanarane var skeptiske, ikkje minst fordi Ukraina ville at dei skulle stille med garantiar som kunne forplikte dei til å gå til krig mot Russland i framtida. Da var det lettare å pøse på med militærhjelp og håpe det beste.
I tillegg var krigslukka med Ukraina denne våren, og den russiske hæren trekte seg ut av Nord-Ukraina i byrjinga av april. Dette styrkte sjølvtilliten og svekte truleg kompromissviljen i Kyiv. Avsløringa av massakrane i Butsja tidleg i april påverka òg haldningane i Ukraina.
Kor nær partane eigentleg var ein avtale denne våren, og kor oppriktige dei russiske forhandlarane var, er ikkje lett å seie. Men i mai 2022 stranda uansett forhandlingane, og dei har aldri blitt tekne opp att.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement