Dei siste månadane i Tanzania har vore dramatiske, men valden viser berre at alt er som før.
Kommentar
Demokratisk tilbakeslag – eller status quo?
Visstnok var det uro, vald og store demonstrasjonar i Dar-es-Salaam. Det var midt på dagen 29. oktober. Den tanzanianske valdagen var altså i gang, og mange trudde den politiske høgtidsdagen ville medføra litt bråk. Utanriksdepartementet hadde sendt ut ei melding og bede nordmenn halda seg innandørs. Det brydde ikkje eg meg om.
I sentrum av Dar-es-Salaam, der eg vandra gatelangs, var det uvanleg fredfullt. Det var nesten ikkje ei sjel å sjå. Butikkane var stengde, gateseljarane heldt seg heime, og bilane og bajaji-ane var fordufta. Alltid travle og kaotiske Dar-es-Salaam var no heilt stille.
Sjølv om byen no verka heilt daud, visste eg at det hadde ulma lenge. Kanskje stod andre delar av byen i flammar. Det var umogleg å seia. Internett var stengt av, og det gjekk ikkje an å ringja eller senda melding til nokon. På TV-en handla nyheitene berre om ting som skjedde andre stader. Det tanzanianske valet – og dei moglege protestane – høyrde eg ingenting om.
Traust og trygt?
Det siste året i Tanzania hadde vore dramatisk. Innbyggjarane hadde aldri sett maken til politisk spetakkel. Blant landa i nabolaget har Tanzania ofte blitt rekna som traust og trygt. Dei politiske prosessane var lukka og udemokratiske, men det hadde sjeldan vore noko drama. Dette hadde endra seg på kort tid. Stadig oftare, og med stadig krassare ord, uttrykte menneskerettsforkjemparar, diplomatar, forskarar og journalistar uro for demokratiet i Tanzania – som om det nokosinne hadde funnest.
Den sitjande presidenten sytte for at alle dei reelle konkurrentane blei rydda av banen.
Ei lita oppsummering av opptakta til valet er på sin plass. Til å byrja med sytte den sitjande presidenten Samia Suluhu Hassan for at alle dei reelle konkurrentane blei rydda av banen. Sidan ho sjølv hadde full kontroll over den såkalla uavhengige valkommisjonen, var nok dette lett å fiksa. Partiet ACT–Wazalendo hadde til dømes blitt nekta å stilla til presidentvalet. Den offisielle forklaringa til styresmaktene var at kandidaten deira ikkje hadde vore medlem av sitt eige parti lenge nok.
Det andre reelle opposisjonspartiet, Chadema, møtte endå tøffare motstand. Partileiaren Tundu Lissu blei arrestert og sikta for forræderi i april. Etter å ha blitt utsett for eit attentatforsøk i 2017 budde Lissu fem år i eksil. Etter at han flytta attende til heimlandet, har han vore i fengsel fleire gongar, og no risikerer han dødsstraff. Chadema nektar dessutan å delta i noko val før ei grunnlovsreform har blitt gjennomført.
Forsvinningar
Den stadig meir synlege undertrykkinga hadde ikkje berre ramma den organiserte politikken. Gjennom året hadde det med jamne mellomrom forsvunne folk som på ulikt vis hadde ytra seg kritisk om regimet. Som til dømes den tidlegare diplomaten Humphrey Polepole, som forsvann sporlaust i byrjinga av oktober. I tillegg påstår aktivistar og demokratiforkjemparar, som kenyanaren Boniface Mwangi, at dei har blitt valdtekne og torturerte i tanzanianske fengsel.
Med eit nyleg statskupp på Madagaskar og hyppige ungdomsopptøyar i nabolandet Kenya er det ikkje merkeleg at president Samia har vore føre var. Under hennar styre har Revolusjonspartiet (Chama cha Mapinduzi) – som har halde på makta sidan landet blei sjølvstendig – ikkje teke nokon sjansar.
«Samia-dagen»
I slutten av oktober skulle alt kulminera. Gatene var draperte i grønt og gult, fargane til Revolusjonspartiet. Det minte mest om ein svær fest, og partilojale folk snakka jo òg om «Samia-dagen» heller enn «valdagen». Attpåtil hadde dei største aust-afrikanske artistane – som alle anten er veldig politisk engasjerte eller berre korrupte – laga eit fengjande lydspor. Søk til dømes opp låten «Oktoba Tunatiki» (Me røystar i oktober) av Zuchu for ein smakebit. Uansett kvar ein vende seg, kunne ein ikkje unngå å sjå plakatar som gav tydeleg instruks om kva ein skulle gjera 29. oktober: «Chagua Samia» (Røyst på Samia).
Samia Suluhu Hassan blei til slutt erklært valvinnar med om lag 98 prosent av røystene.
Mange av dei eg snakka med i forkant av valet, forventa at det ville bli litt bråk. På sosiale medium hadde fleire, særleg frå diasporaen, oppmoda til protestar på valdagen. Det var heller ikkje utenkjeleg at enkelte hadde blitt inspirerte av bylgja av såkalla Gen Z-opprør verda over.
Men noka stor misnøye med president Samia var likevel vanskeleg å spora. I motsetnad til forgjengaren John Mafugli, ein galen populist, hadde Samia lukkast med å teikna eit bilete av seg sjølv som ein dyktig teknokrat. Også blant internasjonale aktørar hadde Samia skaffa seg eit godt ry.
Tida for framgang
Ein av dei tilsette på hotellet mitt meinte at eventuelle demonstrantar berre var hovudlause idiotar.
Slagordet «tunasonga mbele» (me flyttar oss framover) er talande. President Samia hadde klart å skapa ei forventing om at det under hennar styre hennar endeleg var tid for utvikling og framgang. Som ein mann hadde sagt til meg i småbyen Bagamoyo: «Du må koma att hit om fem år, då skal det stå ferdig ei ny, diger eksporthamn.» Han trudde verkeleg på dette. Og eg hadde ikkje hjarte til å seia at regjeringa har lova bort svære utviklingsprosjekt i aust og vest, mykje meir enn dei nokosinne vil få råd til. Dei kvite sandstrendene og dei lokale fiskarane vil nok vere der i mange år til.
Likevel, trass mykje ståhei, var det ingen indikasjonar på at valdagen kom til å bli ein revolusjon. Det breie laget av folket fekk nok brød og sirkus og ynskte å halda fram som før. Ein av dei tilsette på hotellet mitt meinte at eventuelle demonstrantar berre var hovudlause idiotar. Heldigvis, fortalde ho meg, hadde landet ein sterk militærstyrke – eventuelle opptøyar og bråk kom ikkje til å vara lenge.
Då internett og telefondekninga forsvann i eitt-tida, var det ingen som heva augebryna. Nokre forstyrringar var jo forventa. Det verkelege sjokket kom seinare.
Hermetisk lukka
Kva som eigentleg skjedde i Tanzania 29. oktober, er førebels umogleg å seia. At nokon demonstrerte, reiv ned valplakatar og laga bråk, finst det ikkje tvil om. Det finst heller ikkje tvil om at politiet og militæret opna eld mot mange av desse demonstrantane. Men omfanget av dette er framleis heilt i det blå.
Valobservatørar – som rett nok ikkje fekk gå fritt – har meldt om rolege forhold. Både gatene og vallokala var stort sett tomme. Folk flest heldt seg nok heime.
I nesten ei heil veke, frå føremiddagen 29. oktober til morgonen 4. november, var Tanzania nedstengt og nær hermetisk lukka. Folk fekk beskjed om å halda seg heime så langt som råd. Om natta var det eit strengt portforbod. Internett var stengt av. Nesten ingen informasjon kom inn eller ut av landet. Minibankar, kortterminalar og digitale betalingsløysingar var ikkje i drift – pengeøkonomien stoppa difor meir eller mindre opp.
Hadde ein hatt kontantar, måtte ein likevel ha takla prisar som hadde foke til vêrs. All import var sett på pause, og både mat- og bensinprisane var skyhøge. Mange måtte gå svoltne til sengs.
Då eg etter kvart blei nøydd til å bevega meg utandørs, såg eg ein by som var overteken av militæret. Menn med maskingevær og finlandshette var overalt, og dei heldt streng kontroll med det fåtalet som våga seg ut.
Demonstrasjonane
Regjeringa påstod at den nådelause nedstenginga var naudsynt for å stogga pøblar og valdelege protestar. Frykta styresmaktene faktisk eit kupp? Var dei redde for anarki? Eller hadde dei andre motiv?
Ingen – nok heller ikkje styresmaktene – har ordentleg oversikt over kva som skjedde desse dagane. Det er dokumentert fleire valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og ordensmaktene i byar som Dar-es-Salaam og ikkje minst på grensa til Kenya. Men det er altså ikkje lett å seia noko om det faktiske omfanget. Ein del tanzanianarar snakkar om dei «såkalla» eller «påståtte» demonstrasjonane, og trur styresmaktene overdreiv kor alvorleg situasjonen var. Store delar av landet opplevde ikkje vald.
Mange av videoane og bileta av demonstrasjonar som sirkulerer på sosiale medium, har vist seg å vera falske.
Mange av videoane og bileta av demonstrasjonar som sirkulerer på sosiale medium, har vist seg å vera falske. Det er også uklart kva som dreiv demonstrantar ut i gatene. Var det eit reelt ynske om demokrati og ytringsfridom? Eller var det fattigdom, arbeidsløyse og keisemd? Eller kanskje berre frustrasjon over sjølve nedstenginga?
Mesteparten av den organiserte demokratiske opposisjonen, til dømes Chadema og ACT–Wazalendo, har heile tida oppmoda folk til å avstå frå vald. Det er lite truleg at dei stod bak det som var av bråk desse seks dagane.
Mykje tyder også på at valdsbruken til styresmaktene ikkje var avgrensa til å halda demonstrantar i sjakk. Kaoset var eit glimrande høve til å ta hand om dissidentar og andre uynskte element. Ei tresifra mengd med opposisjonelle blei arresterte medan nedstenginga varte. Igjen er det nøyaktige talet uklart.
Trass mangel på god informasjon er det klart at mange, også born, mista livet gjennom denne veka. Estimata over talet på drepne varierer mellom nokre få hundretals til fleire tusen.
Ikkje demokratisk
Den langvarige nedstenginga sjokkerte folket og manglar sidestykke i tanzaniansk historie. Dette var noko heilt nytt. Men å tru at dette er eit teikn på demokratisk tilbakegang, slik mange forståsegpåarar gjer, er eit feilsteg. Tanzania har alltid vore eit diktatur.
Julius Nyerere, den fyrste presidenten i det sjølvstendige Tanzania, er ei sann legende som gjorde særs mykje beundringsverdig. Han jobba mellom anna iherdig for ein rettferdig økonomi og for avvikling av apartheid i det sørlege Afrika. Men det er ikkje til å koma forbi at det politiske prosjektet hans var ein eittpartistat. Då Nyerere som avgått president tok til orde for eit fleirpartisystem, var det ikkje demokratiske verdiar som låg til grunn. Han hadde berre kome fram til at det ville framstå betre om dei hadde ein slags opposisjon å visa til.
Då ein i 1992 opna opp for fleire politiske parti, innførte ein difor ikkje eit demokrati – ein smiska med omverda. Revolusjonspartiet har heile vegen tvihalde på kontrollen.
Då Samia Suluhu Hassan blei president i 2021 som fylgje av dåverande president Magufuli sin bortgang, fekk ho ein særs varm velkomst frå det internasjonale samfunnet. Ho blei rosa av både presse, politikarar og diplomatar for å innføra reformer som skulle ta Tanzania i ei demokratisk og liberal retning. Men tiltaka har vore utan substans. Det var ofte eitt skritt fram og to tilbake.
For dei som fylgde ordentleg med, såg det aldri ut som Tanzania var på veg til å bli eit demokrati.
President Samia gav løyve til fleire mediehus, men skjerpa kontrollen med kva dei skreiv. Ho sette i gang revisjonar av lovverket, men fann alltid eit påskot for ikkje å fullføra dei. For dei som fylgde ordentleg med, såg det aldri ut som Tanzania var på veg til å bli eit demokrati, korkje på 90-talet eller i byrjinga av Samia si presidentgjerning.
Akkurat no har den diplomatiske pipa ein litt annan lyd. Tunge internasjonale organisasjonar, mange utanriksministrar og ikkje minst den katolske kyrkja har uttrykt uro over at Tanzania tilsynelatande blir meir autoritært. Omkvedet er at den tanzanianske regjeringa no må få landet tilbake på rett kjøl. Og Samia har lytta og sett i gang ei «uavhengig» gransking av valkaoset.
Blidgjera bistandsbransjen
Knep av denne typen er velprøvde når omverda krev demokrati og good governance. Dei plar dessverre å funka godt. Rykta seier at undertrykkinga av skeive i Uganda delvis er motivert av at det gjev presidenten, Yoweri Museveni, moglegheit til å blidgjera bistandsgjevarar som ikkje fylgjer godt nok med. Dette gjer han ved å minska undertrykkinga på strategiske tidspunkt. I Tanzania sitt døme kan det godt vera at lovnaden om ei uavhengig gransking er nok til å gjera verdssamfunnet nøgd. Kor mange kjem eigentleg til å saumfara granskingsarbeidet?
Noreg har tette band til Tanzania. Landet har gjennom seksti år vore ein yndling for bistandsbransjen. Det norske engasjementet – ikkje minst frå private og frivillige initiativ – har vore prega av ein naiv idé om at Afrika er ein apolitisk stad der all vestleg hjelp er kjærkomen. Autoritære leiarar nyt godt av at så få fylgjer med.
Skuleklassar, meinigheiter og alle andre gode krefter bør setja seg inn i samfunna dei sender pengar til – me kan ikkje risikera å bidra til å styrkja eit diktatur. Eit fyrste steg bør vera å undersøkja kva som faktisk skjedde då Samia Suluhu Hassan og regjeringa hennar stengde ned Tanzania og heldt folket som gislar.