Den verna Nedalen i Trøndelag var eit uvanleg rikt naturmiljø. Forfattaren Karl H. Brox kom dit rett før kraftutbygginga og kunne ikkje gløyme det han opplevde.
Høgspentmaster ved Nesjødammen i Sylan i Tydal kommune i Trøndelag. Høgaste regulerte vasstand i Nesjøen er 729 meter over havet.
Foto: Tore Wuttudal / Samfoto / NTB
Utgangspunktet er eit reint tilfelle: Blant kasserte bøker på eit lokalt bibliotek fann eg Den turen glemmer jeg aldri, ei samling med turskildringar som kom ut i 1991. Eg tok boka med meg, men las berre éin av artiklane: «Vandring i et tapt paradis» av Karl H. Brox.
Kvifor akkurat den? Dels visste eg om forfattaren frå andre utgivingar, dels kjende eg området han skreiv om, nemleg Sylan i Trøndelag, og dels forstod eg at dette handla om meir enn berre eit privat turminne – det var eit uttrykk for økologisk sorg som måtte vere minst like relevant i dag som då det blei skrive.
Namnet Karl H. Brox vil vere kjent for mange, i det minste blant trønderar og friluftsfolk. Han var journalist og forfattar, i yrkeslivet knytt til NRK og Adresseavisa, og som forfattar særleg oppteken av historie, natur og friluftsliv. Han var særs produktiv, skreiv, redigerte og bidrog til i overkant av 50 bøker, mellom anna om Trollheimen, Sylan, Dovrefjell og Sunndalsfjella. På 1970-talet representerte han partiet Høgre i lokalpolitikken, på 1980-talet var han leiar i Trondhjems Turistforening.
Han døydde i februar i år, 78 år gammal. Ei særleg interesse for fuglar følgde han frå barndom til alderdom. Så seint som i 2020 gav han ut ei bok om dette emnet.
Det tapte paradiset
Den turen Karl H. Brox ikkje kunne gløyme, var ein tur til Nedalen i Tydal sommaren 1966, då han berre var tjue år gammal. I Trondheim hadde han komme i kontakt med zoologiprofessoren Svein Haftorn, som skulle til Tydal for å gjere opptak av fuglesong til NRK-programmet «Ukens fugl». Brox fekk følgje med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.