Forteljingar om frykt – Russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
Endå ein fobi
Det er ikkje lenger trygt å google på bussen.
Teikning: May Linn Clement
Har du høyrt uttrykket «endå ein fobi»? Russarar brukar det når dei les nyhenda og får auge på ein mogleg fare som dei aldri hadde sett for seg skulle dukke opp i kvardagen.
Eg søkte nettopp på «endå ein fobi» på Twitter og fekk opp nokre gode døme på korleis uttrykket blir brukt: «Moskvamann fekk stygg rift i munnen av kebab», «Katt skrudde på springen – husvære flaumskadd», «Kvinne sogen ned i kum i styrtregn», «Eg bestilte drosje, og sjåføren var eksen min», med meir.
Denne veka har også eg fått «endå ein fobi». Han blei utløyst av ei av dei mest omtalte nyhendesakene i Russland akkurat no: Styresmaktene har delt ut den første bota for å søke etter ekstremistisk innhald på internett.
Lova som forbyr folk å søke etter ekstremistisk innhald, tredde i kraft 1. september. Det er forbode – også ved hjelp av virtuelt privat nettverk (VPN) – å søke etter innhald som er oppført i det offentlege registeret over ekstremistisk materiale. Gjer ein det, kan ein bli bøtelagd.
Då lova blei vedtatt, verka ho meiningslaus. Kven kan spore kva eg googlar bak ein VPN? Og korleis gjer dei det? Dessutan inneheld registeret 5500 punkt. Det er umogleg å kjenne til alle.
Men det viser seg altså at trusselen er reell: Ein tjueåring frå Ural fekk 3000 rublar i bot for å ha søkt etter informasjon om den ukrainske Azov-bataljonen mens han tok kollektivtransport. Det kan sjå ut til at mobiloperatøren varsla etterretningstenesta om det, men det er framleis uklart korleis agentane fann ut kva nettsider mannen var inne på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.