JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Invasjonen som gjennomsyrer alt

Etter den russiske fullskalainvasjonen er ikkje ein einaste krok av Ukraina fri for stadige påminningar om aggresjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folk vitjar gravene til slektningane sine på ein militærkyrkjegard i Lviv i forkant av toårsdagen for Russlands angrep på Ukraina.

Foto: Pavlo Palamarchuk / Reuters / BTB

9388
20240301
9388
20240301

I Tsjernivtsi, nær grensa til Romania, høyrer ein luftvernsirener mykje sjeldnare enn i sentrale delar av Ukraina. Årsaka er sjølvsagt den store avstanden mellom karpatiske Bukovina og fronten.

Dei som bur i denne regionen, kan gle seg over vårteikna og la auga kvile på vakre solnedgangar.

Når knoppane på trea spring ut, kan innbyggjarane i Tsjernivtsi ha lagt merke til eit eksotisk tillegg til faunaen i byen – eit betydeleg innslag av mange store, grøne papegøyar. Lviv-ornitologen Andrij Bokotej trur at dette underlege fenomenet indirekte kjem av krigen. Fuglane vart sleppte fri frå bura sine før eigarane flykta.

Utan naudsynt frykt for bombeåtak føler innbyggjarane i Tsjernivtsi at dei må ta andre omsyn på alvor. Da papegøyane først vart lagde merke til i november 2023, var det ein del uro for om dei kom til å overleve vinteren. Men desse halsbandparakittane, som dei heiter, overlevde ikkje berre vinteren, dei ser ut til å trivast i byen. Dei har sine favorittre og er særleg knytte til Zjovtnevij-parken, der pensjonistar hengjer opp fuglebrett med eple og flesk på greinene. Desse fuglebretta og papegøyane sjølve har blitt eit særmerke ved parken.

Halsbandparakittane overlevde ikkje berre vinteren, dei ser ut til å trivast i byen.

Foto: Dmitrii Kash / Shutterstock

Lokale ornitologar held eit vake auge med papegøyane og gjer merksam på at dei er ein framand art som alt pressar ut innfødde fugleslag. Dei fleste lokale fuglane er skremde av nykomarane, og har flytta seg til område der papegøyane enno ikkje er.

At desse fjørkledde gjestene har dukka opp, har fått unge og gamle innbyggjarar i byen til å oppdatere kunnskapane sine i zoologi. No veit dei at halsbandparakittane gradvis har «okkupert» Vest-Europa i løpet av dei siste få tiåra. Denne «invasjonen» øydelegg ikkje akkurat freden for europearane, men har endra maktbalansen i Europas ornitologiske verd og tvinga europearane, nett som dagens ukrainarar, til å sjå etter den grunnleggjande årsaka til invasjonen.

«Vi vil alle forstå kvar elektrisitet og vind kjem frå, og alle vil vi skjøne kva som er årsaka til denne krigen.»

Alle som tenkjer, vil ha ei forklaring på alt som skjer i naturen. Vi vil alle forstå kvar elektrisitet og vind kjem frå, og alle vil vi skjøne kva som er årsaka til denne krigen.

Kunne det vere denne typen nyfikne som dreiv den amerikanske journalisten Tucker Carlson til å reise til Moskva til ein audiens med Putin? Carlson hadde rett nok nokre fikse idear på førehand om årsakene til den russiske aggresjonen. Var han ganske enkelt interessert i å få stadfesta konklusjonane sine direkte frå Putin sjølv? Truleg meinte han at forklaringane til Putin ville klargjere ting for amerikanarar som stoler på Tucker og er interesserte i Ukraina og Russland. Sannsynlegvis tenkte han at årsakene til krigen ville vere lette å forstå og like logiske som forklaringane til ornitologane om dei eksotiske fugleartane som dukka opp i Vest-Ukraina.

Journalisten Tucker Carlson likna ein eksotisk fugl frå varmare himmelstrok då han hadde audiens hos Putin.

Foto: Gavriil Grigorov / Reuters / NTB

Under intervjuet var det interessant å leggje merke til at Tucker Carlson sjølv likna ein eksotisk fugl frå varmare himmelstrok som hadde hamna i eit land med permafrost. Det var openbert at han ikkje brydde seg stort om informasjonen som vart spydd ut til han frå president Putin – den sjølverklærte professoren med sin eigen versjon av historia.

Carlson skjøna ikkje at Putin gav «intervjuet», eller rettare forelesinga om si russiske historie, ikkje til den amerikanske journalisten, men til det russiske folket. For kva tyder alle desse namna på russiske historiske figurar eigentleg for den gjennomsnittlege amerikanske TV-sjåaren? Men ved å lytte til dei historiske fantasiane til Putin legitimerte Tucker Carlson desse forteljingane som no blir delar av det obligatoriske skulepensumet i både Russland og dei okkuperte områda av Ukraina.

Den russiske nonprofit-organisasjonen «Støtte til regjeringsinitiativ» har alt utarbeidd rettleiingar om korleis ein skal bruke teksten og videoføredraget som er laga på grunnlag av intervjuet. Desse rettleiingane, som er berekna på leiarar i utdanningssystemet, forklarer korleis ein skal diskutere «førelesinga» med born og foreldre for å styrke sansen deira for nasjonal identitet.

«Å involvere studentar i forskingsprosjekt knytte til emne frå intervjuet gjer det lettare å utvikle dugleikar i å samle og analysere informasjon... Diskusjonar om intervjuet kan også medverke til å skape sams forståing mellom utdanningsinstitusjonen og familien om spørsmål som gjeld oppseding av informerte og ansvarlege borgarar», slår dokumentet fast.

Da eg las denne seks siders bruksrettleiinga, vart eg sett attende til sovjettida. I dei tidlege åttiåra måtte alle i Sovjet, inkludert studentar som meg, lese, analysere og diskutere tre bøker som til samanlikning var spissfindige, av den daverande generalsekretæren i kommunistpartiet i Sovjetunionen, Leonid Bresjnev: Renessanse, Malaja Zemlja, Jomfruland. I desse tekstane, som var skrivne med hjelp frå profesjonelle journalistar, tok han opp dei viktigaste hendingane i sovjetisk historie som han sjølv hadde teke del i, og frå sin ståstad.

Kvar av desse bøkene var trykt i 15 millionar eksemplar. Bresjnev hadde ei kjensle av at han snart ville døy, og freista etterlate eit «litterært» minnesmerke over seg sjølv og sin plass i den sovjetrussiske historia. At eg framleis hugsar innhaldet i desse bøkene, seier noko om at han nådde målet sitt.

Den russiske aggresjonen har endra utdanningssystemet i Russland radikalt. Den ideologiske komponenten har gradvis kome i sentrum. I tillegg til ope propagandistiske leksjonar kalla «samtalar om viktige ting», er det kurs om «livredning», der borna blir fortalde kva dei skal gjere under ukrainske terroriståtak i Russland.

Dei seinaste månadene har Russland diskutert å øve skuleborn i å setje saman dronar. I praksis vil det vere svært enkelt å gjeninnføre «arbeidsleksjonane» som vart avskaffa i russiske skular i 2010. Frå 1. september i år vil desse leksjonane dukke opp att i skulepensumet, av og til under namnet «teknologi», som peikar mot at elevane ikkje lenger lærer å lage hyller for tekanner eller lysestakar. No skal dei lære om databrikker og elektronikk.

Patriotisk undervisning står no sentralt i ukrainsk utdanning. I timar vigde til forsvar av den ukrainske statsdanninga vil ingen vere nøydde til å studere talane og intervjua til president Zelenskyj. Endringar i det ukrainske skulepensumet på grunn av den russiske aggresjonen blir innførte gradvis. Sjølve den russisk-ukrainske krigen blir studert i historietimar.

Viseutdanningsminister Dmy­tro Zavgorodnij har sagt at om kort tid vil hundretusenvis av ungdomsskuleelevar og studentar lære seg å montere dronar. Foreldre har reagert ulikt på dette – mange meiner at øving i førstehjelp er viktigare for ungdomsskuleelevar. For grunnskulen er det utvikla patriotiske dataspel og spørjeprogram, og sjølvsagt har krigen alt blitt tema for barnebøker og til og med dokketeater.

Vinnytsia dokketeater skal snart ha premiere på eit stykke om fire flyktningkattar. Desse katteheltane, kvar med sin eigen personlegdom og biografi, bur i eit bomberom. Dei kranglar og sluttar fred, lærer seg å inngå kompromiss, og skaper åtferdsreglar for flyktningkattar. Ein av karakterane i stykket er den halvlamme katten Busya, som har hjul under dei ubrukelege bakbeina sine.

Forfattarane kallar denne teatersjangeren «katteterapi». Stykket har alt vore sett opp av teater i andre ukrainske byar. Det er også spela ved teater i Storbritannia, Sverige og Estland. Born likar forteljinga om dei fire kattane som fekk livet snudd på hovudet av krigen, og bodskapane frå framføringa blir samtaleemne heime.

«Det er viktig å snakke med born om krigen, om ikkje anna fordi dei ser han, og det er viktig for dei å forstå det som skjer», forklarte ho som skreiv stykket, Marina Smiljanets, for meg. «Sjølve ideen var det medforfattaren min, Ljuda Timosjenko, som hadde. Saman med katta Mykola vart ho flyktning i byrjinga av krigen. Ettersom eg var oppteken av korleis ein kunne fortelje borna om krigen, slo vi oss saman og skapte denne historia.»

I perioden 2014–2022 kunne ukrainarar som budde langt frå Donbas, oversjå krigen, men etter den russiske fullskalainvasjonen er ikkje ein einaste krok av landet fri for påminningar om aggresjonen. Desse påminningane kjem stadig oftare, ikkje berre på grunn av mobiliseringsprosessen, men også i det fredelege ukrainske restaurantlivet. I tillegg til tradisjonell driks til kelnerane har gjestene no høve til å gje ein prosentdel av rekninga til det ukrainske militæret. Denne ekstra betalinga er kalla «kamp-tips» og minner kundane om den relative tryggleiken dei har hatt under måltidet, og kven det er som har sytt for denne tryggleiken – og til kva pris.

Om du klarer å skuve unna frykta for framtida, kan du sjå for deg korleis restaurantar i Kyiv og Tsjernovtsi om nokre veker opnar uteserveringa si. Da strøymer det enda fleire middagsgjester til som vil gje større tips til militæret enn til kelnerane, med mindre, sjølvsagt, kelnerane så vel som kundane er blitt mobiliserte på det tidspunktet.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis