JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Høyreapparat til ukrainske soldatar

«Alle må slåst!» Dette kan ein høyre stadig oftare i Ukraina. Alvorlege handikap er inga hindring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne krigsskadde droneoperatøren tenestegjer på ny ved fronten takk vere ein protese.

Foto: Reuters / NTB

10416
20240315
10416
20240315

Sofijivsjkyj-kvartalet, eit inngjerda bustadkompleks, vart bygt tre kilometer frå Kyiv for unge barnefamiliar frå den ukrainske middelklassa. Der er blokkar med ti eller tolv høgder med små, komfortable bustader, leikeplassar for born og eit vakkert, opplyst springvatn. Kring dette er det ofte små marknader og tilstellingar for familiane. I nærleiken er det ein skog og ein park. Larm frå byen når ikkje fram til dette lokalsamfunnet. Ein kan ikkje eingong høyre biltrafikken på ringvegen, som er den uoffisielle yttergrensa for Kyiv. Fram til 2022 var livet som eit paradis for dei som bur her.

Så vel Kyiv-buarar som folk frå andre regionar i Ukraina kjøpte bustader her. Dette komplekset, med eit tital bygningar, har styrkt økonomien i nabolandsbyen Sofijivsjka Borsjtsjahivka. Nye butikkar og tenesteytarar opna i landsbyen, og mange nye jobbar vart skapte for dei lokale innbyggjarane. Ukrainarane set pris på arbeid, særleg når det er krig.

Dette kan truleg forklare lojaliteten som tryggingsmannskap og vaktmeistrar syner overfor dei som bur i Sofijivsjkyj-kvartalet. Ifølgje offisielle reglar skal tryggingsmannskap og vaktmeistrar ikkje sleppe framande inn i komplekset, og denne regelen er innskjerpa no når det er krig.

Men det finst framande som vaktene ikkje kan hindre i å kome inn på området, nettopp på grunn av krigen. Det er representantar for det militære registrerings- og listeføringskontoret som har med seg innkallingsmelding til dei som bur i bustadkomplekset.

For første gong har distriktsretten i Sofijivsjka Borsjtsjahivka handsama ei sak mot ei tryggingsvakt i Sofijivsjkyj-kvartalet som gjennom chat-tenesta til komplekset åtvara innbyggjarane om at militæret var i kjømda. Denne bodskapen fekk dei som bur der, til ikkje å opne dørene sine for tenestemennene.

Kort sagt vart tryggingsvakta funnen skuldig i å hindre verksemda til dei væpna styrkane i Ukraina og andre militære institusjonar i ei tid da den nasjonale tryggleiken var truga, og han vart dømt til fem år i fengsel. Ettersom vaktmannen hadde vedgått at han var skuldig, angra og lova å aldri gjere dette igjen, fann retten at det ikkje var råd å ta frå han fridomen, og gav han vilkårsdom med tre års prøvetid. Retten tok òg omsyn til at den sikta gjorde dette brotsverket for første gong og var utan kriminelt rulleblad.

Det kan òg hende at retten la vekt på at tryggingsvakta ikkje har fast bustad og tidlegare budde i den no okkuperte byen Dolzjansk i Luhansk-regionen. Det vil seie at den tiltala er ein internt fordriven person som ikkje drog til Russland eller vart verande under okkupasjonen, og at det også er til fordel for han.

Ettersom det ikkje er mange ledige jobbar som tryggingsvakt i Sofijivsjkyj-kvartalet, fekk den tiltala ikkje sparken, og gjekk attende til arbeidet sitt etter rettssaka.

«'Løn per dag' er blitt det vanlege i krigstid for folk i handels- og serviceyrke.»

Men det har nyleg dukka opp ein ny type jobb i bustadkomplekset. Det gjeld arbeidet til ein barista, som skal ordne med kaffi og croissantar mellom klokka 08.00 og 21.00. Det er ein vanleg jobb, men med ein slags krigstidskontrakt: baristaen får betaling ved slutten av kvar arbeidsdag. Det er for at rekneskapskontoret ikkje skal få trøbbel med rekneskapen om baristaen brått er mobilisert til militæret før den faste lønningsdagen, eller har fått forskotsbetaling.

«Løn per dag» er blitt det vanlege i krigstid for folk i handels- og serviceyrke. Manglande tryggleik i jobben kan ha fleire sider. Dei unge arbeidarane som til vanleg har slike jobbar, har lita tru på framtida, og arbeidsgjevarane veit at tilsette kanskje ikkje dukkar opp på arbeidet dagen etter.

Når tryggingsvaktene no må slutte med å åtvare innbyggjarane sine om at det kjem mobiliseringsfolk, vil det bli fleire ledige stillingar, og færre personar som er villige eller i stand til å arbeide.

Ukrainarane er blitt fortumla i det siste, både på grunn av dei mange dronane som russarane sender over ukrainske byar kvar natt, og av dei daglege nyhenda som har forvirra til og med dei mest røynde statsvitarane.

Det har ikkje vore nokon ukrainsk ambassadør til Storbritannia på snart åtte månader. 21. juli 2023 vart den førre ambassadøren og tidlegare utanriksministeren Vadym Prystaiko sagd opp fordi han våga å ytre mild kritikk av president Zelenskyj for udiplomatisk språkbruk under statsbesøket hans i London. Storbritannia er likevel ein trufast partnar som gjev store mengder militær hjelp.

No har det endeleg dukka opp eit namn på ein ambassadør til Storbritannia – og ikkje berre ein super-profesjonell diplomat av høgste rang, men ein verkeleg militær general, den mest namngjetne generalen i Ukraina, den tidlegare øvstkommanderande i det ukrainske militæret Valerij Zaluzjnyj.

Valerij Zaluzjnyj, øvstkommanderande i det ukrainske militæret til han rauk uklar med presidenten, er ikkje tenestefør, viser det seg, og skal bli sivilist. I London.

Foto: Presidentkontoret i Ukraina

Presidentkontoret til Zelenskyj veit å overraske. Konflikten mellom presidentkontoret og general Zaluzjnyj er over. At han vart fjerna frå stillinga som øvstkommanderande, ligg òg bak oss. No skal han tene staten 2.300 kilometer frå Kyiv, og vi kan berre spekulere på kor lett det vil vere for ein general å bli ein effektiv diplomat.

Den vanlegaste versjonen å høyre om motivet bak utnemninga er at dette er måten Zelenskyj nyttar for å bli kvitt ein politisk rival. I februar i år gjennomførte marknads- og opinionsundersøkingsfirmaet Socis ei spørjeundersøking som synte at Zaluzjnyj hadde store sjansar til å bli den neste presidenten i Ukraina. I den første runden av presidentvalet ville Zaluzjnyj ha fått 31 prosent av røystene, og i den andre runden ville han ha slått Zelenskyj, med 67,5 prosent. Zelenskyj ville ha skåra berre 32,5 prosent.

«No har det endeleg dukka opp eit namn på ein ambassadør til Storbritannia, den mest namngjetne generalen i Ukraina.»

Men Zaluzjnyj har aldri lagt for dagen politiske ambisjonar, og ved å utnemne han til ei så viktig stilling som ambassadør til Storbritannia, har Zelenskyj vist at han stoler på han og aldri var fienden hans.

Som eit brot på tradisjonen vart utnemninga av Zaluzjnyj som ambassadør kunngjort før britane hadde godkjent kandidaturet hans. Men kan hende fekk Zelenskyj munnleg forsikring frå britisk side om at Zaluzjnyj ville vere akseptabel for regjeringa i Storbritannia.

Det fremste fortrinnet til Zaluzjnyj som ambassadør er utan tvil at han personleg kjenner generalane i det britiske militære kommandosystemet, og skjønar svært godt kva slags hjelp det ukrainske militæret treng, og i kva mengder.

Situasjonen strekar under at «militært diplomati» er sett på som avgjerande viktig for Ukraina. Det kan godt tenkjast at andre tidlegare militære kan bli ambassadørar etter Zaluzjnyj. Dessutan er det no om lag 20 ledige ambassadørstillingar i den ukrainske utanrikstenesta.

Som vi veit, er det eit vedtak om at det ikkje skal haldast val i Ukraina så lenge krigen varar, så spørsmålet om populariteten til Zelenskyj handlar meir om folks kjærleik enn om politiske utsikter.

I Ukraina er beundringa for høgt profilerte individ ustabil og ofte utan vurderingsevne. Det er få som no hugsar korleis Viktor Justsjenko vart ukrainsk nasjonalhelt. «Heltinna til folket», Nadezhda Savtsjenko, som vende attende frå russisk fangenskap, vart ein sosial paria på grunn av det ho gjorde, og så vart ho gløymd. Folk snakkar ikkje lenger om filmregissøren og skribenten Oleg Sentsov, som sat fem år i russisk fengsel utan å bryte saman. Han er forresten framleis ved fronten, har alt fått granatsjokk fleire gonger og er skadd ved to høve.

Folkets kjærleik til Zaluzjnyj har òg byrja slå sprekkar, med litt og kan hende utilsikta hjelp frå presidentkontoret. For å unngå å bryte lover laut general Zaluzjnyj dimitterast frå militæret og bli sivil før han kunne bli ambassadør til Storbritannia. I ei tid med slike trugsmål mot den nasjonale tryggleiken er dette ei alvorleg sak.

Han var dimittert på grunnlag av eit vedtak i den militære medisinske kommisjonen. Med andre ord, han vart erklært uskikka til å halde fram i militæret av helseårsaker. Dette har gjort mange ukrainarar rasande; dei veit at denne medisinske kommisjonen registrerer folk med alvorlege fysiske handikap som «eigna for militærteneste i krigstid». Var det verkeleg ingen annan lovleg måte å gjere ein militær om til sivil på?

Sjefen for generalstaben i det ukrainske militæret, generalløytnant Serhiy Sjaptala, vart òg erklært ueigna til vidare militærteneste. Det skjedde samstundes med Zaluzjnyj, og grunnlaget var same type vedtak i den medisinske kommisjonen. Det er ikkje kjent om Sjaptala blir gjord klar til ei anna diplomatisk stilling.

På same tid som dette skjer, har soldatar frå ei eining ved fronten samla inn pengar for å kjøpe eit høyreapparat til ein mobilisert kamerat. Han vart mobilisert med store høyrevanskar og kom til fronten med høyreapparatet sitt – som vart oppete av rotter i skyttargrava. Soldatkollegaer fortalde at han nesten gret da han mista høyreapparatet sitt heilt i byrjinga av tenesta. Utan dette apparatet kunne han verken høyre ordrar eller kommunisere. Pengar kom inn, og det vart kjøpt eit nytt høyreapparat til han. Han freistar vere til hjelp for eininga si, men er ikkje med på kamphandlingane og blir ikkje send til skyttargravene i første frontlinja.

Frivillige sender forresten ganske ofte høyreapparat til fronten. Soldatar treng dei etter granatsjokk, som fører til delvis høyrsletap hos mange. Etter fleire dagar på sjukestova blir dei sende attende til fronten, same kva.

I teneste ved fronten er ein dagleg utsett for opptil 140 desibel frå lyden av geværskot, og lyden frå eksplosjonar når 220 desibel. Samstundes veit vi at lydstyrke på over 200 desibel blir vurdert som øydeleggjande for menneske.

Inntil vidare kan menn som bur i Sofijivsjkyj-kvartalet og er i vernepliktig alder, framleis nyte stilla og fuglesongen. Vårkjensla blir sterkare og sterkare. Men svært snart vil mange av dei også måtte lyde til krigens desibel. «Alle må slåst!» Dette kan ein høyre stadig oftare i Ukraina. Sekretæren i det ukrainske Rådet for tryggleik og forsvar, Oleksij Danilov, kallar det ei «grunnsetning».

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis