JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Eit nødvendig vonde?

USA skal sende klaseammunisjon til Ukraina. Fleire land protesterer mot denne avgjerda, men både Russland og Ukraina har brukt klasevåpen sidan den fullskala invasjonen tok til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har donert 22 M109-artillerikanonar som kan skyte klaseammunisjonen USA no skal sende til Ukraina. Her frå ei øving i Finnmark.

Foto: Ole-Sverre Haugli / Hæren / Forsvarets mediesenter / NTB

7708
20230714

Klasevåpen

USA har vedteke å sende 155 millimeter artillerigranatar av typen M864 til Ukraina.

Klaseammunisjon inneheld mange småbomber som kan spreie seg over eit større område.

Avgjerda har fått sterk kritikk frå fleire land.

Krigen i Ukraina

sofie@dagogtid.no

Det er ikkje så ofte ein høyrer kritiske røyster mot å sende våpen og ammunisjon til Ukraina lenger, men då avgjerda om å sende klaseammunisjon vart kjend førre veke, kom det sterk kritikk frå fleire hald. Mellom anna uttalte seniorrådgjevar i Norsk Folkehjelp, Grethe Østern, til Dagsnytt 18 at prosentdelen granatar som ikkje blir detonerte, er såpass høg at områda der denne typen ammunisjon blir brukt, «blir teppelagt med det som i praksis er miner».

Andre er usamde. I Aftenposten skreiv Torkel Brekke, professor ved OsloMet og deltidstilsett i tankesmia Civita, at Ukraina tvert om treng klaseammunisjon for å kunne halde fram med å frigjere landet på ein effektiv måte. Han argumenterer mellom anna med at områda der ein skal bruke desse våpena, alt er minelagde, og at det derfor ikkje har noko å seie for oppryddingsarbeidet.

Noreg og dåverande statsminister Jens Stoltenberg tok i 2008 initiativ til å forby klasevåpen. Over hundre land har sidan skrive under FN-konvensjonen The Convention on Cluster Munition, som forbyr all produksjon, lagring, eksport og bruk av klasebomber. Dei krigførande partane, Russland og Ukraina, har ikkje underteikna avtalen. Det har heller ikkje USA, som no har vedteke å sende klasevåpen til Ukraina.

Kva er det med desse våpena som gjer dei så kritikkverdige? Og kvifor sender USA denne typen ammunisjon?

Rammar sivile

I Store norske leksikon kan ein lese at klasevåpen eller klaseammunisjon er ein «konvensjonell ammunisjonstype som består av en beholder og mange mindre høyeksplosive sprenglegemer, såkalte småbomber. Én beholder kan inneholde flere hundre småbomber». Desse småbombene spreier seg over eit stort område og kan difor ramme sivile hardt.

Ifølgje Palle Ydstebø, oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskolen, har Ukraina lenge uttrykt ønske om å få klaseammunisjon. Både Russland og Ukraina har brukt denne typen våpen i krigen.

– Den første rapporten eg kjenner til om at Ukraina har brukt klaseammunisjon mot russiske styrkar, er frå tidleg i mars 2022. Russland, på si side, brukte det alt då dei intervenerte i Donetsk og Luhansk i 2014 og heilt frå byrjinga av invasjonen 24. februar i fjor.

Ydstebø legg til at russiske styrkar har skote klaseammunisjon med både røyr- og rakettartilleri og med ballistiske rakettar.

– Det er rapportert at fleire av desse har vore retta mot sivile mål.

– Kva type ammunisjon er det USA skal sende til Ukraina no?

– Dei skal sende 155 millimeter artillerigranatar av typen M864. Desse blir skotne med røyrartilleri, altså kanonar som vestlege land har sendt til Ukraina sidan våren 2022. Når det gjeld sjølve granatane, er desse oppgraderte frå 2003, for å redusere talet på blindgjengarar.

Blindgjengarar er granatar som ikkje blir detonerte når dei treffer bakken. Desse kan utgjere ein fare for både eigne soldatar og sivile i fleire år etter at kamphandlingane er over. Meir om det straks.

Effektive våpen

Noreg er eit av dei vestlege landa som har donert kanonar som kan skyte granatar på 155 millimeter. I fjor sende me mellom anna 22 artillerikanonar av typen M109. Det er ingen garanti for at artillerikanonane frå Noreg ikkje blir brukte til å skyte ut klaseammunisjon.

Granatane som USA no sender, M864, kan spreie dei 72 delladningane sine over eit område med ein radius på 50 meter, fortel Ydstebø.

– Kva kan denne typen ammunisjon ha å seie for framgangen til den ukrainske våroffensiven?

– Klaseammunisjon er særs effektiv for å kjempe mot spreidde avdelingar med både infanteri og pansra køyretøy. Dei er også effektive mot skyttargravssystem og forskansingar, og dei kan brukast mot minefelt, men då med avgrensa verknad. Dei vil derfor bli viktige i den ukrainske offensiven og kan bidra til at ukrainske styrkar kan klare å bryte gjennom dei russiske forsvarslinjene.

Store utfordringar

Og så tilbake til blindgjengarane. For sjølv om klaseartilleri er effektivt, fører det også til store utfordringar. Ifølgje Ydstebø vil våpena Ukraina no får, bidra til det enorme blindgjengarproblemet landet alt har. Sjansen for at ammunisjonen ikkje blir detonert, varierer frå null til nokre titals prosent, seier han.

– Hovudproblemet er at ei klasebombe, eller i dette tilfellet ein artillerigranat, inneheld fleire titals eller hundretals delladningar så store som ein liten brusboks. Nokre av desse vil ikkje gå av som følgje av at dei kan bli skadde når granaten blir skoten ut, dei kan lande skeivt eller i ei myr, til dømes. Er dei gamle, vil blindgjengarprosenten normalt gå opp. Det var noko av grunnen til at desse granatane, som først blei produserte i 1987, skulle oppgraderast.

– Det vert hevda at klaseammunisjonen USA skal sende til Ukraina, har ein feilrate på 14 prosent eller meir, ikkje 2,35 prosent eller mindre som Pentagon kunngjorde førre fredag. Har du kjennskap til dette? Og kva prosent er det i så fall naturleg å tenkje seg er rett?

– Eg meiner Human Rights Watch rapporterte om 14 prosent blindgjengarar då desse granatane vart brukte i Irak, men eg kjenner ikkje til andre tal. Eg er ikkje overraska over høgare blindgjengarprosent enn det som er oppgjeve, når ein tenkjer på alt som skjer med granaten under utskyting, og korleis delladningane landar. Og som nemnt: Er granatane gamle, aukar også feilprosenten.

– Kjenner du til feilprosenten på dei russiske og ukrainske klasevåpena?

– Eg har sett rapportar der det står 20 prosent, men dette er ikkje stadfesta. Både Ukraina og Russland brukar sovjetiske granatar, Russland produserer også eigen klaseammunisjon.

Langtidsverknader

– Kva kan konsekvensane av bruk av klaseammunisjon bli for sivile under og etter krigen?

– All ammunisjon som er udetonert, både frå regulær ammunisjon og frå klasevåpen, vil vere ein fare for folk og dyr etter ein krig. Difor må område gjerdast inn og så ryddast. Det er krevjande, og enkelte område kan vere så metta med blindgjengarar at dei må sperrast av i særs lang tid. I Frankrike er det framleis 1200 kvadratkilometer som er definert som raud sone etter den første verdskrigen. Der vart all infrastruktur øydelagd, og vurderinga var at det var umogleg å rydde opp.

Ydstebø fortel at dei udetonerte sprengladningane kan eksplodere ved at dyr, menneske eller køyretøy kjem borti dei. Dei kan også eldast og eksplodere av tekniske årsaker.

– Som me har sett etter sprenginga av Kakhovka-demninga, kan dei bli flytta av flaum. Andre rørsler i naturen, til dømes telehiv, kan også detonere gamle granatar.

­– Det at USA no sender klaseammunisjon, er det eit teikn på at ammunisjonslagera i Vesten byrjar å bli tomme?

­– Ikkje nødvendigvis, men eg veit ikkje om det er difor dei blir sende no. Det har lenge vore arbeidd med å auke produksjonen av artillerigranatar i USA og Europa, så mangel på annan artilleriammunisjon kan ha verka inn på avgjerda. Ukraina har jo bede om klaseammunisjon til artilleriet lenge, og USA har store mengder M864-artillerigranatar som dei kan sende. Så det kan også kome av at dei politiske prosessane i USA har kome fram til at dei kan sende desse våpena.

– Vil du påstå at klaseammunisjon er eit nødvendig vonde?

– Ukraina vil bruke dei våpena dei kan for å vinne krigen, og så ta oppryddinga etterpå. Dei kan ikkje rydde før dei har teke tilbake tapt territorium.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis