JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

11537
20240419
11537
20240419

Etter det iranske åtaket på Israel pusta heile verda letta ut. Men i Ukraina sukka dei av misunning. Nato-fly over Jordan og Irak skaut ned iranske dronar, og nesten alle missila som var skotne ut frå Iran, vart avskorne av Israel og deira allierte.

«Om dei hadde hjelpt oss på same viset, ville vi ha frigjort dei okkuperte områda våre for lenge sidan!» skriv somme ukrainarar på sosiale nettverk. «Det er nett det det er – stengt himmelrom!» skriv andre. Og medan amerikanske og britiske fly skaut ned iranske dronar og missil over Jordan og Israel, freista ukrainske grupper i jeepar med lett antiluftskyts å skyte ned iranske dronar som var sende av russarane over Ukraina.

Også president Zelenskyj snakka forbitra om kor godt Israel og partnarane deira hadde avverja det iranske åtaket. Representantar for dei britiske styresmaktene forklarte at Ukraina ikkje får slik hjelp «for ikkje å provosere fram ei eskalering» av krigen med Russland. Forklaringa var årsak til hysterisk latter hos mange ukrainarar.

Ein sakte, men sikker framgang for russiske styrkar går føre seg langs heile austfronten. Russiske styrkar i Donbas har fått ein ny ordre – å ta byen Tsjasiv Jar innan den russiske sigersdagen 9. mai. Ukrainske militærjournalistar skriv om dette som om lagnaden til Tsjasiv Jar er bestemt på førehand, og dei diskuterer korleis okkupasjonen av denne byen vil påverke den vidare utviklinga på den austlege fronten.

Det mange ukrainarar ikkje har fått med seg, er at eit så kostbart (1,3 milliardar dollar) og effektivt forsvar av Israel også var gjennomført for å unngå ei opptrapping av den militære konflikten mellom Israel og Iran. Dersom iranske missil hadde råka eit israelsk sjukehus eller ei stor bustadblokk, ville Israel ha reagert mykje hardare. Og da ville utvekslingar av åtak mellom dei to landa ha vore svært vanskeleg å stogge.

Om det hadde skjedd, ville Ukraina ha vore eit av dei landa den israelsk-iranske konflikten fekk følgjer for. Ikkje berre fordi den militærhjelpa Ukraina reknar med, ville gått til Israel, ikkje Ukraina. Det viktigaste er at den iransk-israelske krigen ville trekt til seg all merksemd frå verda, og Ukraina ville ha hamna enda lenger i bakgrunnen. Difor er Bidens freistnad på å motverke eit auka konfliktnivå i Midtausten svært viktig for Ukraina, sjølv om ukrainske politikarar og vanlege ukrainarar ikkje ser det.

Ukrainske militærjournalistar skriv som om byen Tsjasiv Jar er dømd til å falle for russarane, slik hovudet på statuen av forfattaren Maksim Gorkij har gjort på torget i ruinane av byen.

Forresten er det ein ting som burde gle ukrainarar: Ifølgje amerikanske militære ekspertar var det opptil 50 prosent av dei iranske missila som ikkje tok av, eller som ikkje nådde fram til Israel på grunn av tekniske feil. Det blir difor stilt eit stort spørsmål ved det militære potensialet til Iran, sjølv om dei iranske dronane Russland nyttar mot Ukraina, er teknisk avanserte og skaper store vanskar for Ukraina.

I Kyiv har det dukka opp ein ny krig mellom aktive forsvararar av den historiske delen av byen og tilhengjarar av Den ortodokse kyrkja av Moskva-patriarkatet. Medan den prorussiske presidenten Viktor Janukovitsj sat ved makta i Ukraina, bygde Moskva-patriarkatet ulovleg ei kyrkje på territoriet til den historiske og freda Desiatynna-kyrkja ved sida av det statlege historiske museet. Den ulovlege kyrkja vart bygd mest som ein garasje å sjå til og ser ut som ho er bygd for det føremålet. Ein finn ho til og med på Google maps, og der liknar ho òg meir på ein parkeringsplass for eit par bilar enn ein plass for bøn.

Det er lenge sidan ei rettsavgjerd gjorde det klart at denne ulovleg oppsette bygningen skulle rivast, men «kyrkja» fungerer framleis. Ettersom månadene har gått sidan rettsavgjerda, har aktivistar vendt seg til leiinga for det historiske museet for å få ei forklaring på kvifor kyrkja framleis er der. Direktøren for museet svara at det offentlege skulle ta hand om rivinga, men at det vil koste pengar, og på grunn av krigen har det ikkje blitt løyvd pengar til dette føremålet.

Aktivistar fann ut kor mykje rivingsarbeidet ville koste, og sette i gang med å samle inn pengar gjennom sosiale nettverk. I løpet av ein dag hadde dei samla inn meir enn det som skulle til. I tillegg dukka det brått opp ei rekkje byggefirma som kunngjorde at dei var klare til å rive bygningen gratis, slik at alle pengane kunne gå til det ukrainske militæret. Det verka likevel som desse nye opplysningane ikkje vart verdsette av museumsstyret, som openbert er redd for skandalar. No er det ein spent pause medan alle partar ventar på kva den statlege konsulenttenesta vil seie, for utan deira offisielle skriftlege løyve kan ingen ting gjerast.

Det var truleg for å avdramatisere denne situasjonen at dei ukrainske styresmaktene gjorde kjent at dei ville granske legaliteten til 73 kyrkjer i Kyiv og tomtene deira knytte til Moskva-patriarkatet. Dette er det same som å seie at ingen ting vil bli gjort på lange tider. Same kva er det lite truleg at denne utsetjingstaktikken vil avleie den aktive delen av den ukrainske allmenta frå planane deira om å ta seg av «kyrkjegarasjen».

Ein av grunnane til at ukrainske styresmakter er så varsame til og med når det gjeld dei illegale handlingane til Moskva-patriarkatet, er at leiarskapen i denne kyrkja har leigd inn ein velkjend amerikansk advokat, Robert Amsterdam. Han har alt starta ein kampanje i USA til forsvar for Moskva-patriarkatet og skuldar stadig den ukrainske leiarskapen under president Zelenskyj for å undertrykkje truande og for mangel på religionsfridom i Ukraina. Dette temaet er kjapt plukka opp av somme republikanarar, og før presidentvalet i USA ønskjer ikkje dei ukrainske leiarane å gje nokon som helst grunn til antiukrainske erklæringar og forteljingar.

Likevel skjedde det for kort tid sidan i byen Noginsk, i nærleiken av Moskva, at russiske styresmakter jamna med jorda den einaste ukrainske ortodokse kyrkja i den russiske føderasjonen, ei kyrkje som var lovleg bygd og hadde alle naudsynte dokument i orden. Det verkar som den amerikanske advokaten, Amsterdam, ikkje har vorte kjend med denne hendinga, men så har ho heller ikkje vore kommentert i Ukraina.

I Kyiv har butikkar med vestlege merkevarer nyleg opna att. Folk i Kyiv var særleg glade for at Zara-butikkar var attende. Snart vil nye McDonald’s opne i Kyiv og andre byar, og ved kjernekraftverket Khmelnytskyj, nær byen med same namn, bur ein seg på å byggje to nye reaktorar – den 5. og 6.

Eg veit ikkje kva dei ukrainske styresmaktene for kjernekraft tenkte på da dei kunngjorde starten på bygging av nye reaktorar. Kan hende har dei, gjennom eigne kanalar, blitt samde med Putin-regjeringa om at iranske dronar og russiske missil ikkje skal skytast mot dei nye bygningane – i det minste ikkje medan dei er under oppføring. Eller kan hende vonar dei rett og slett at russarane ikkje vil sende bomber og granatar mot kjernekraftverk.

Kjernekraftverket i Zaporizjzja, erobra av det russiske militæret i mars 2022, er no fullstendig stengt ned, og blir brukt av russarane som base for militært utstyr og, sjølvsagt, som reiskap for utpressing av heile verda.

Nyleg har Russland innleidd stadig fleire missilåtak på Ukraina frå byen Belgorod, tett ved den ukrainske grensa. Rakettkastarane i Belgorod står mellom høge bustadblokker. Ikkje overraskande kjem det ukrainske åtaksdronar frå tid til anna, og det er rimeleg at innbyggjarane i Belgorod er redde for dei.

Mange har reist til andre regionar for å bu hos slektningar eller vener. Folk frå Belgorod som vart med på «den offisielle evakueringa», har oppdaga at dei ikkje har fått den økonomiske hjelpa dei var lova, og lever no på heller fjerne stader i Sibir og Ural.

Innbyggjarar som har blitt verande i Belgorod, ser no korleis byen bur seg på sommar. I nærleiken av rekreasjonsområde og elvebredder byggjer styresmaktene bomberom av betong der ein kan gøyme seg når ukrainske dronar nærmar seg.

Skotsikre vestar med hette for born er å få kjøpt. Dette kroppsvernet er ikkje billig. Prisen startar på 400 amerikanske dollar, men den russiske regjeringa kjem ikkje til å tilby gratis kroppsvern til sivile i russiske grensetrakter. Den viktigaste propagandisten på russisk fjernsyn, Vladimir Solovjov, har kalla innbyggjarane i Belgorod for «alarmistiske skapningar» i samtaleprogrammet sitt, fordi dei klagar over granatane heile tida.

Sjølv om hundrevis av born er døde i Ukraina, har det ikkje dukka opp skotsikre vestar for born til sals. Det finst berre leikevestar til å kle seg ut i og leike krig med. Men born i Ukraina har ikkje leika krig på lenge. Dei ser og høyrer krigen kvar dag. Og likevel sit mange familiar fredags morgon og diskuterer planar for helga til lyden av eksplosjonar og luftvernalarmar.

For familiane i Kyiv har det nyleg dukka opp ein annan attraksjon – to store drivhus: eitt subtropisk og eitt tropisk, med eksotiske plantar og tre. Dei ligg i landsbyen Rozhnyj, 20 minutt med buss frå bygrensa. Her kan dei beundre ulike tre som ber appelsin, sitron, papaya, kumkvat og mango, men òg kjøpe tre nye variantar av bananar som er dyrka fram nett her i Rozhnyj i løpet av dei 25 seinaste åra av eigaren av denne «tropiske garden», Anatolij Potij.

Anatolij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim. I Rozhnyj kan ein kjøpe små bananpalmar som veks inntil 75 centimeter, 1,5 meter eller 2,5 meter. Alle dei tre typane bananpalmar ber frukt i heimemiljø. I tillegg til bananar tilbyr Anatolij Potij ananas, dvergfiken og anna eksotisk frukt som er tilpassa vekst i eit vanleg hus.

Talet på folk som ønskjer å sjå og kjøpe planter, har tvinga Anatolij Potij og kona Tatjana til å ordne med elektronisk registrering av ekskursjonar til gartneriet. Straumen av busspassasjerar mellom Kyiv og landsbyen Rozhnyj er særleg stor i helgene. Og trafikken på lokale vegar har auka når folk skal til Maysky-gata 70, Rozhnyj, i bilane sine.

Under omvising i dei store drivhusa fortel Anatolij mange interessante ting om subtropiske og tropiske tre og plantar. Men det han ikkje fortel om, er korleis han og kona i byrjinga av krigen laut bu i drivhusa etter at delar av ein naboeigedom ramla saman under eit russisk granatåtak og alle vindauga i huset deira vart blåsne ut.

Dei budde i drivhusa i fleire veker om vinteren. Det fanst ikkje lenger gass og elektrisitet, og Anatolij var redd for at dei eksotiske plantane hans skulle fryse. Det var uråd å leve under konstante granatåtak, og Anatolij og Tatjana vart evakuerte til Tyskland. Der var dei i seks månader medan ein nevø som budde like ved, såg etter dei eksotiske trea og palmane.

Da dei vende attende til Kyiv, vart Anatolij overraska over at ikkje eit einaste tre eller ein einaste busk hadde døydd. Alle trea hadde tolt kulda og ujamn vatning.

Russiske troppar nådde aldri fram til landsbyen Rozhnyj. Ukrainske forsvarseiningar stogga dei 30 kilometer unna. No, takk vere denne dramatiske historia, veit Anatolij at variantane av bananpalmar og andre tre er motstandsdyktige mot frost, og han er ikkje redd for brå klimaendringar, sjølv om dei no veks i drivhus i 30 varmegrader.

Slik er trea til Anatolij svært like både eigaren sin og mange andre ukrainarar som ikkje hadde venta å finne det indre motet som dei har synt i over to år under denne forferdelege russiske aggresjonen.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis