1945: Ei mektig soppsky over Hiroshima og Nagasaki. 1972: Ei naken ni år gammal jente i sprang frå napalmbombene i Vietnam. 2015: Ein tre år gammal syrisk gut i raud T-skjorte, skyld i land på ei tyrkisk strand.
Historia er full av ikoniske fotografi som er med på å forme den oppfatninga vi har av viktige hendingar. Historia er også full av fotografi som er oppstilte, manipulerte eller har utsnitt som villeier meir enn dei opplyser.
Kombinasjonen krig, informasjonsrevolusjon og kunstig intelligens (KI) er likevel relativt ny, og har potensial i seg til å utvikle seg til ein svært giftig cocktail. Enkelte spør seg no om fotografiet innan kort tid kan komme til å miste den dokumentariske verdien sin.
Presseetisk ideal
Definisjonen av eit dokumentarfotografi vert skildra omtrent slik i Store norske leksikon: Det skildrar røynda med autentiske personar, miljø og hendingar.
Det same idealet, altså, som fotojournalistar held høgt, verda over. Om eit dokumentarfoto ikkje kan vise «heile biletet» i ein situasjon, kan det gje oss viktig innsikt. Om det objektive fotografiet er ein illusjon, får vi like fullt sjå ein bit av sanninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.