KostnadssluketHelge Lund er den dyraste mannen i norsk soge. Det bryr ikkje BP seg om.StatoilJon Hustad

Helge Lund er den dyraste mannen i norsk soge. Det bryr ikkje BP seg om.

Sidan 2004 har Statoil investert over 700 milliardar kroner i utlandet, det aller meste under Helge Lund. I dag er desse verdiane bokførte til 318 milliardar, meir enn halvparten er altså borte.
Sidan 2004 har Statoil investert over 700 milliardar kroner i utlandet, det aller meste under Helge Lund. I dag er desse verdiane bokførte til 318 milliardar, meir enn halvparten er altså borte.
Publisert

Statoil er og har vore ei pengemaskin. I fyrste kvartal i år passerte selskapet 1500 milliardar i skatt sidan oppstarten. Om vi legg til nettoresultatet, som mykje har gått til eigarane, i hovudsak staten, hamnar vi på 2070 milliardar. Selskapet har lenge vore Nordens mest lønsame. Det er kanskje difor Helge Lund no ikkje lenger er i Statoil, men i staden, som vi fekk vita førre veke, har vorte styreleiar i BP, eit av verdas største oljeselskap.

Ein digresjon her er elles at BP har mykje å gjera med Winston Churchill, noko sikkert Lund får vita etter kvart. Den britiske marinen var før fyrste verdskrigen den fyrste marinen som gjekk frå kol til olje. Mannen bak dette var marineminister Churchill, som kontrollerte ein fjerdedel av det britiske statsbudsjettet. For å seia det slik, hans pengebruk låg langt over dei 2 prosentane som Erna Solberg av og til seier ho vil nytta på forsvaret.

Olje hadde ikkje Storbritannia på den tida. For å vera trygge på at marinen fekk leveransar, kjøpte Churchill enkelt og greitt eit selskap som heitte Anglo-Persian Oil, som seinare vart døypt om til BP. Det var truleg den mest lønsame statlege investeringa i verdssoga. No skal Lund ta hand om arven etter Churchill.

Er han flink?

At Lund har fått denne stillinga, som gjev mykje pengar og heider, må tyda på at han er flink. Så lat oss sjå nærare på kva han fekk til då han var leiar av Statoil frå 2004 til 2014. Dette var ei periode då Statoil tente uhorveleg mykje pengar, sidan oljeprisen mykje av tida låg og vakte på rundt 100 dollar fatet. Når ein tener mykje pengar, har ein to val. Ein kan seia til styret at ein vil betala eigarane ekstraordinære utbyte, eller ein kan investera. Lund valde det siste. Men han investerte ikkje så mykje i Nordsjøen og på norsk sektor, han investerte i utlandet, særleg i Nord-Amerika, der han møtte hard konkurranse frå andre investorar.

Sidan 2004 har Statoil investert over 700 milliardar kroner i utlandet, det aller meste under Lund. I dag er desse verdiane bokførte til 318 milliardar, meir enn halvparten er altså borte. Kvart år etter at Lund gjekk av, har resultata i internasjonal sektor vore blodraude. I Noreg, derimot, har resultata av dei gamle investeringane vore særs gode, fyrst i 2017 etter store nedskrivingar byrja internasjonal sektor å gå med overskot. Litt enkelt sagt: Utan dei svært gode resultata frå norsk sektor, hadde ikkje Lund kunna investert internasjonalt, for utan norsk sektor kunne ikkje Statoil ha lånt pengar. Det er ingenting som tyder på at dei pengane Lund nytta i utlandet, nokon gong vert tente inn att. Lund kan ha kosta staten, altså oss, rundt 300 milliardar i utlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement