Kostbar forbrukarmakt
Regjeringa har lagt fram ei ny finansavtalelov. Den vil føra til at banktenester vert vanskelegare og dyrare, trur professor Morten Kinander.
Bank-ID har gjort det lettare å nytta banktenester. Eit nytt lovforslag frå regjeringa kan føra til at bankane må gjera pålogginga meir tungvinn.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixFoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Den politiske kvardagen i Noreg går vidare, utan at media legg så mykje merke til det under koronakrisa. Regjeringa legg fram proposisjonar, og Stortinget vedtek. Nyleg vart eit framlegg til ny finansavtalelov sendt til Stortinget, eit lovforslag som finansnæringa er i harnisk over. Morten Kinander er jus- og finansprofessor ved BI. Fyrst er vi litt tekniske, så kjem vi til konsekvensar.
– EU har lagt fram nye direktiv som Noreg må implementera. Men du meiner regjeringa går lenger enn naudsynt?
– Regjeringa seier at ho vil nytta høvet til å gje lova ei oppdatering. Men det ho i røynda seier, er at ho vil prøva å regulera mange ting og laga éin eller nokre få reglar for likt og ulikt i eit komplisert landskap.
– Det er vel bra at dei vil gjera ting enkelt?
– Men ikkje overforenkla. Ei problemstilling må gjerast så enkel som råd, men ikkje enklare, sa Einstein. Det dei i røynda gjer, er å taka modellen frå EUs bustadlåndirektiv og lata den modellen gjelda for alle slag kredittavtalar. Men det er stor skilnad på behovet for trygd i ein bustad, der banken også har pant, og andre finans- og kredittavtalar.
– Regjeringa seier at ho vil gjera lova «tidsmessig» og «brukarvenleg».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.