Kommentar

Konkurransesamfunnet har ulogiske sider

Ver så god: Eit ope brev med mange spørsmål om konkurranse.

Publisert Sist oppdatert

Det er mykje eg ikkje skjønar her i verda. Sjølvsagt er det det, og eg kan ikkje vente å forstå alt, særleg ikkje i ei verd som er så ute av balanse som vår er nett no. Men om eg legg verda til sida ein liten augneblink og held meg innanfor Noregs grenser, er dette noko av det eg har vanskelegast for å forstå:

Meieriet Tine har i overskodeleg fortid vore marknadsleiande på meieriprodukt – mellom anna fordi dei har mottaksplikt for kumjølk. For å få meir konkurranse i meierimarknaden vart det i 2007 etablert konkurransefremjande tiltak, og slik har vi fått konkurrerande meieri som Q-meieriene, Synnøve Finden og Rørosmeieriet.

«Svak konkurranse»

Dette er no etablerte konkurrentar, og regjeringa føreslår å fjerne kring 25 prosent av dei konkurransefremjande verkemidla. Mellom anna eit tilskot på 5 øre per liter mjølk som vert gjeve til dei som leverer til andre enn Tine. Konkurransetilsynet meiner det er ein dårleg idé: «Konkurransen i det norske meierimarkedet er svak og skjør. Det vil si det er få aktører, og det skal lite til for at konkurransen blir betydelig dårligere.»

Så, rett før jul, konkluderte Konkurransetilsynet med at flyselskapet Norwegian får kjøpe flyselskapet Widerøe. Det største flyselskapet i Norden får altså kjøpe det største regionale flyselskapet i Norden. Årsaka er, ifylgje Konkurransetilsynet, at oppkjøpet «ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i den norske marknaden for luftfart».

Kva er skilnaden mellom dei to sakene? Kvifor konkluderer Konkurransetilsynet så forskjellig?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement