Konkurransen som forsvann
Den varsla bota mot daglegvarebransjen er så stor av di bransjen er så stor, seier økonomiprofessor Tore Nilssen.
Konkurransetilsynet meiner at Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen driv med prissamarbeid.
Foto: Lise Åserud / NTB
Denne veke varsla Konkurransetilsynet at dei vil gje dei tre store i daglegvarebransjen, Norgesgruppen, Coop og Rema 1000, ei bot på 21 milliardar for ulovleg prissamarbeid. Gjennom ei ny bransjenorm i 2010 oppretta kjedene den såkalla prisjegerordninga, som har gjeve dei tre konkurrentane tilgang til butikkane til kvarandre for å sjekka prisar. Konkurransetilsynet sa då at dette var lovleg. Men i 2018 gjennomførte Konkurransetilsynet ein razzia hjå dei tre og har truleg konkludert med at ordninga har vore nytta til eit slags prissamarbeid.
Tore Nilssen er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og har leidd eit offentleg utval om prisdiskriminering i daglegvarebransjen.
– Kva er gale med matkonkurransen i Noreg? Importvernet, leverandørane eller kjedene?
– I botnen ligg landbrukspolitikken. Har vi lov til å diskutera eller gjera noko med importvernet? Nei. Det ligg fast. Og gjeve at vi har dette vernet, må vi få resten av bransjen til å fungera best mogleg. Vi står att med leverandørane og kjedene. Vi snakkar om Noregs største bransje i omsetning, og vi har i praksis berre tre matvarekjeder. Det er ein veldig konsentrasjon i ein veldig stor bransje. Og det igjen gjer behovet for å finna gode løysingar endå større.
– Kvifor fekk vi denne konsentrasjonen?
– Det var av di nokon fann ut at dei kunne droppa grossistleddet, kjøpa mange butikkar og verta sin eigen grossist. Det var sånn Rimi-Hagen vart rik. Her lyt det strekast under at dette har kome folk til gode. Daglegvarene vart billigare enn før. I tillegg har det kome ei differensiering. Vi har fått store butikkar som Meny, som sel litt dyrare varer, men har stort utval, og Kiwi, som har billigare varer, men mindre utval. Ein del peiker dessutan på at Noreg har dobbelt så mange daglegvarebutikkar som Sverige, som har dobbelt så mange menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.