JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Washingtons mann i Brussel

Vi reknar Stoltenberg som vår mann, og amerikanarane reknar han som sin. Dei har mest rett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ønsker president Joe Biden velkommen på Nato-toppmøtet i Vilnius i juli i år.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ønsker president Joe Biden velkommen på Nato-toppmøtet i Vilnius i juli i år.

Foto: Andrew Caballero-Reynolds / AP / NTB

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ønsker president Joe Biden velkommen på Nato-toppmøtet i Vilnius i juli i år.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ønsker president Joe Biden velkommen på Nato-toppmøtet i Vilnius i juli i år.

Foto: Andrew Caballero-Reynolds / AP / NTB

16629
20230825
16629
20230825

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kvar gong Natos generalsekretær Jens Stoltenberg kjem til Noreg, senkar ei spesiell stemning seg over landet. Situasjonen minner meg litt om klassiske skildringar i gamle bøker og filmar av då onkel kom heim frå Amerika til jul. Rundt han samlar familien seg, med fårete smil og stjerner i auga. Dei veit at amerikakofferten alltid er full av godsaker.

Stoltenbergs koffert er som regel full av stadig meir slagkraftige våpensystem. Alt skal vidare til Ukraina. No hadde han med seg klasebomber frå USA. At 120 land, inkludert to tredjedelar av Nato, har underteikna ein konvensjon som bannlyser denne typen våpen, var no så si sak. Ukraina treng ammunisjon, han skal berre brukast mot russarar, for å verne fridom og demokrati, sa Stoltenberg. Han såg ut til å vere nesten sikker på at ingen kunne vere ueinige i dette med klasevåpen, berre han la trykk på dei rette orda.

At det har oppstått ein slik aura rundt Stoltenberg, er forståeleg. Det er krig i Europa, starta av eit aggressivt og despotisk Russland, og mange er stolte over at Stoltenberg er blitt ein så prominent figur. Samstundes kan den overdrive servile haldninga journalistar og andre har til Nato-leiaren, dekke over problematiske sider ved både Natos og Stoltenbergs rolle i alliansen.

Vi har sett slikt skje tidlegare, i nokre av dei andre krigane Noreg har involvert seg i, som oftast med katastrofalt resultat, som i Afghanistan og Irak. Eller i Libya, som blei bomba i 2011, med Stoltenberg som statsminister.

Mandatet frå FN var å verne sivile, men Nato heva innsatsen undervegs og gjekk for regimeendring. Norske fly deltok i bombinga av Gaddafis hovudkvarter. Slik blei Libya ein anarkistisk og fragmentert fristat for mellom anna jihadistar, altså eit trugsmål mot vår tryggleik.

Torsdag førre veke var Stoltenberg i Arendal. På pressekonferansen sa han mellom anna dette: «Det er ikke slik at stormakter har rett til interessesfærer og kan bestemme hva små naboland kan gjøre.» Stoltenberg peikte på at dette er ein livsfarleg tanke, eit ekstremt viktig prinsipp, ikkje minst for eit lite land som Noreg, sa Stoltenberg – til spontan applaus frå salen.

Deretter gjekk Stoltenberg ut i gatene i byen og klemde folk. «Jens Stoltenberg hyllet i Arendal. Superstjerne», var Dagbladets ikkje utypiske overskrift om denne dagen.

Lat meg for ordens skuld seie at eg er einig med Stoltenberg. Interessesfærar burde ikkje ha eksistert, til liks med kreft. Russland har ingenting å gjere i Ukraina. Ferdig snakka. Men at leiaren for Nato seier dette, er såpass kontrafaktisk at det ropar etter analyse – kanskje til og med psykoanalyse, med tanke på fortrengingsmekanismane som må vere i sving.

II

Tilbake til Stoltenberg og Arendal kulturhus. Elefanten i rommet var: I over to hundre år har USA operert med stadig større interessesfærar der dei har bestemt kva som er akseptabelt av politikk, og kven som har rett til å vere der, alt med tanke på sine eigne økonomiske og strategiske målsettingar.

Det begynte med Monroe-doktrinen. Då snakkar vi ikkje om Marilyn Monroe, men om president James Monroe (1758–1831). I år er det nøyaktig to hundre år sidan han erklærte at Sør-Amerika frå no av skulle vere USAs interessesfære. Europeiske kolonimakter fekk kontant beskjed om å halde fingrane av fatet.

USA ville ikkje lenger godta at dei dreiv med regimeendringar, invasjonar og kolonisering på det amerikanske kontinentet. For som så mykje anna i ettertid var det idealisme blanda inn i den amerikanske retorikken, og Monroe-doktrinen hadde eit antikolonialistisk ideal i botnen. USA sa dei ville hjelpe sårbare søramerikanske statar mot europeisk dominans. Men resultatet blei at mange av dei måtte leve med USAs dominans i staden.

Sidan den gong har Honduras, Guatemala, Cuba, Nicaragua, Hawaii, Puerto Rico, Den dominikanske republikken, Mexico, Haiti, Grenada, Panama, El Salvador, Brasil og Chile blitt utsette for amerikanske invasjonar, intervensjonar, kupp og regimeendringar. Alt for å verne det som blei oppfatta som amerikanske politiske og økonomiske interesser, ofte ved at handplukka USA-vennlege diktatorar blei utnemnde til nye leiarar.

Under andre verdskrig var det, takk og pris, amerikanske soldatar over heile verda. Men då krigen var over, reiste dei ikkje heim. Dei blei verande og bygde permanente basar, som stort sett står den dag i dag, frå kanadisk Arktis til Australia.

Omfanget av USAs globale ambisjonar har rett nok variert med presidentane, men USA har i etterkrigstida involvert seg i nesten tallause kupp, krigar, regimeendringar og intervensjonar over heile verda. For å ikkje snakke om alle manipulasjonane av demokratiske val – inkludert i Russland i 1996 og i Ukraina i 2014.

At USA opererer med interessesfærar, og har gjort det i to hundre år, kan vanskeleg kallast anna enn ei kjensgjerning. Ein stor forskjell mellom Russland og USA i dag, med tanke på interessesfærar, er at Russland identifiserer sine snevrare enn USA, som har gjort mesteparten av verda til ein amerikansk interessesfære.

III

Forsvarsalliansen Nato hadde opphavleg tolv medlemsland. No er talet 31, etter at Finland blei med. I denne militæralliansen står USA bak den overveldande brorparten av den militære slagkrafta. I fjor nytta USA større ressursar på militæret (nesten 900 milliardar dollar) enn alle andre land i verda til saman.

USA er altså den overlegent mektigaste aktøren i Nato, vi skal vere glade vi er på same parti. I teorien skal Nato vere ein allianse av likeverdige partnarar, men ingen trur Albania, Noreg eller andre små europeiske land har mykje å stille opp mot USA. Nato er heilt avgjerande for forsvaret vårt.

USA treng ikkje Nato militært sett, og dei vernar ikkje Europa for å vere snille. Frå eit amerikansk perspektiv er Nato eit verktøy for å fremme USAs globale hegemoni.

Atlanterhavspakta starta som ein motsats til Sovjetunionen, som var eit reelt trugsmål for Vest-Europa. Då Sovjetunionen braut saman, kunne ein sjå for seg at meininga med livet forsvann for Nato. Warszawapakta blei oppløyst, russarane forventa at Nato skulle gjere det same.

I dei aller første åra etter 1990 var det uklart kva som skulle vere Natos misjon.

Europeiske leiarar som president Mitterand og Hans-Dietrich Genscher freista å skape ein ny tryggleiksarkitektur i Europa, utanfor Nato-paraplyen. USA ville ikkje ha noko av dette, dei hadde andre planar, nærare bestemt at Nato skulle ekspandere austover. Innlemminga av dei vestlege delane av det tidlegare Sovjetunionen starta. Nato fekk elleve nye medlemmer berre i perioden 2009–2014.

Frå første stund, altså frå Mikhail Gorbatsjov, har russiske leiarar åtvara mot denne utviklinga. Russland har heile tida sagt kor den absolutte, raude lina går: Ukraina kunne ikkje gå inn i Nato. Det ville Russland sjå som eit så stor trugsmål at det kunne samanliknast med ei krigserklæring.

På Nato-toppmøtet i Bucuresti i 2008 erklærte den amerikanske delegasjonen det strategisk målet om å innlemme Ukraina og Georgia i alliansen. Prosessen blei lagd på is då den Russland-vennlege Viktor Janukovitsj blei president i Ukraina i 2010. Fire år seinare starta Majdan-revolusjonen (som Russland kallar eit kupp). Janukovitsj flykta til Russland, og amerikanarane var på pletten. Dei oppretta militære samarbeidsprogram med Ukraina og gjorde det i 2021 klart overfor omverda at Ukraina var på veg inn i Nato.

Det var slett ikkje berre russarar som åtvara på det sterkaste mot den raske og omfattande Nato-ekspansjonen, spesielt med tanke på Ukraina. Historikaren M.E. Sarottes har skrive ein svært interessant monografi om temaet (Not One Inch: America, Russia and the Making of the Post-Cold War Stalemate, Yale 2021). I boka er det side opp og side ned med åtvaringar frå framståande europeiske og amerikanske politikarar, diplomatar og analytikarar.

Forbundskanslar Angela Merkel og den franske presidenten Nicolas Sarkozy såg kor farleg ekspansjonspolitikken kunne bli, spesielt med tanke på Ukraina. Det same gjorde William J. Burns, USAs ambassadør til Moskva, George Kennan, ein sentral arkitekt bak USAs kaldkrigsstrategi, og Brent Scowcroft, nasjonal tryggingsrådgivar under den første president Bush.

Trass i alle åtvaringane frå eigne rekker meinte dei som vann fram, at det var verdt risikoen. Logikken frå den kalde krigen, der stormaktene freista å oppnå kompromiss rundt sine «interessesfærar», gjaldt ikkje meir. Russland var svakt, og den amerikanske vinnarmentaliteten begynte å vise seg. I staden for å trappe ned den globale militære aktiviteten, som mange trudde var bygd opp for å stå imot Sovjetunionen, sette USA i gang med å fylle det militære vakuumet og bygge nye basar over heile verda.

For å oppsummere: USA ignorerte det Russland opplevde som sine heilt vitale tryggleiksinteresser. Dette høyrer opplagt med om ein skal prøve å forstå kva som skjedde. Ein kan leggje til at Putin, som aldri aksepterte nederlaget i den kalde krigen, kunne gjort noko liknande sjølv om Nato ikkje planla å innlemme Ukraina. Det får vi aldri vite.

Krigen kan ikkje rettferdiggjerast. Men i den verda vi faktisk lever i, finst det ein klar logikk bak han. Det var ikkje – slik som Stoltenberg gir inntrykk av – ei uventa, irrasjonell handling frå Russland si side. Som han sa i Arendal, var Nato heilt sikre på at krigen kom. Det var alle vi andre som ikkje trudde han var mogleg.

Det er heller ikkje slik at Nato og USA ikkje har gjort liknande ting. Også «vi» har starta krigar utan at dei har vore forankra i FN eller folkeretten. USA invaderte Panama i 1989, bomba Serbia på vegner av Nato i 1999, invaderte Irak i 2003 (ein «ulovleg krig», ifølgje FNs Kofi Annan) og bomba i samarbeid med Noreg og andre Nato-land Libya i 2011. Derfor kan Russland peike på at kritikken mot dei berre er tom dobbeltmoral, kvar gong dei får sjansen.

Alle dei store amerikanskleidde krigane sidan 1990, inkludert Afghanistan, har ført til «sivilisasjonssamanbrot», enorme sivile tap og lidingar, og har ikkje gjort noko for å betre tryggleiken til Europa eller USA – i den grad krigane i det heile tatt har vore motiverte av noko trugsmål mot USA eller Europa i utgangspunktet.

Ingenting av dette gav Russland rett til å invadere Ukraina, og den russiske retorikken er endå falskare enn den amerikanske. Men Stoltenberg lever i ei verd der Russland ikkje burde ha nokon interessesfære. Men i røynda har dei, til liks med USA, i høgste grad slik interessesfærar.

Berre som eit tankeeksperiment: Kva trur du USA ville gjort om Kina oppretta ein flåtebase i Veracruz eller flybasar i Monterrey i Mexico? For å hindre dette ville USA nesten garantert brukt alle tenkelege middel, inkludert krig, om nødvendig. Slik dei gjorde under Cuba-krisa i 1962, for å hindre at Sovjetunionen utplasserte mellomdistanserakettar på øya, som svar på at USA rett før hadde gjort det same i Storbritannia, Italia og Tyrkia.

Av slike årsaker er det dobbeltmoralsk av Stoltenberg å hevde at interessesfærar ikkje eksisterer for Russland, all den tid arbeidsgivarane hans i Washington ser sine eigne interessesfærar som sjølvsagde.

IV

At Stoltenberg er så populær i Washington, inneber éin ting: Han gjer som amerikanarane vil. Han fremmar USAs strategiske interesser. Han har heilt frå starten pressa på for å få dei europeiske Nato-statane til å bruke mykje meir pengar på våpen, inkludert amerikanske våpen.

Han frontar Natos engasjement på den amerikanske måten, med eit manikeisk verdsbilete mellom det absolutt gode og absolutt vonde. Han avviser kategorisk alle kompromiss som kan få slutt på krigen, slik at krigen som ikkje kan vinnast, også er blitt krigen som ikkje kan slutte. Iallfall ikkje før Putin-regimet er borte og Russland får ein president som aksepterer at Ukraina skal inn i Nato, og dessutan er villig til å gi tilbake Donbas og Krym. Sjansen for at det skjer, er mikroskopisk.

Er Europas interesser identiske med interessene til det amerikanske imperiet? Få vil svare kategorisk ja på spørsmålet. I Ukraina ser ein nokre klare interessemotsetningar. I ein viss realpolitisk og geopolitisk forstand tener USA på krigen i Ukraina. Krigen svekker og bind opp Russland. Krigen har òg spikra fast kor avhengig Europa er av USA militært sett. Nye medlemmer står og hamrar på døra og vil inn.

I Europa har krigen stilna all debatt rundt eit USA-leidd Nato. Der det tidlegare nærast var sjølvsagt at den europeiske venstresida var kritisk til Nato, risikerer ein i dag å bli ekskludert frå partiet Raudt for å vere det.

Frå eit kynisk perspektiv kan altså USA ha noko å tene på krigen i Ukraina (som ikkje er det same som at dei ønskte denne krigen). For Europa, derimot, er krigen på alle måtar berre eit tap, med enorme økonomiske, politiske og menneskelege kostnader, og i botnen ligg eit apokalyptisk trugsmål om at det kan eskalere til atomkrig.

V

I denne situasjonen kunne ein kanskje tru at Nato tok seg ein pust i bakken. Det er ikkje tilfellet. For no driv Nato og rotar seg inn i Asia og Oseania. Hugs at USA ser Kina, ikkje Russland, som den store geopolitiske konkurrenten, som nasjonen som framfor nokon annan skal haldast i sjakk.

På Nato-toppmøtet i Madrid i fjor var Japan, Sør-Korea, New Zealand og Australia til stades, og i januar i år drog Stoltenberg til Japan og Sør-Korea for å knyte nærare band mellom desse landa og Nato. USA har alt eit tungt militært nærvær i regionen og ser det i si interesse å involvere Nato. Det er ikkje like lett å sjå korleis Stoltenbergs nye, globale Nato tener Noreg og Europa. Den nordatlantiske pakta seier i utgangspunktet ingenting om Stillehavet, eller Svartehavet, for den saks skuld.

Australias tidlegare statsminister Paul Keating kalla i sommar Stoltenberg for ein «kronidiot» (a supreme fool) fordi han ville gjere Nato til ein aktør i Asia. «Stoltenbergs oppførsel viser at han handlar meir på vegner av amerikanske interesser enn som ein leiar og talsperson for europeiske interesser», uttalte Keating, ifølgje The Guardian 9. juli i år. Og Emmanuel Macron er svært kritisk til Stoltenbergs og USAs asiatiske Nato-planar. Han vil ikkje at Frankrikes og Europas relasjon til Kina skal militariserast.

Washingtons tillit til Jens Stoltenberg synest nesten grenselaus. Om USA og Europa ikkje har dei same interessene, inneber det at Europa bør vere meir skeptisk til nordmannen.

VI

Eg vil heller at verda skal bli dominert av USA, enn at Russland eller Kina skal dominere. Samstundes bør vi vere skeptiske til USAs sjølvbilde, til dei forkvakla og ofte religiøse ideane deira om retten til å styre over andre, til «eksepsjonalismen» deira og den sjølvpålagde rolla dei tar i verdshistoria. For denne retorikken – med Jens Stoltenberg som silkemjuk fortalar – tener meir enn noko USAs eigne interesser.

Landets krav om global dominans, om å bestemme spelereglane innan handel og politikk, opprører folk over heile verda – i Latin-Amerika, Asia, Midtausten og Afrika. Verda utanfor Nato tolkar krigen inn i denne ramma og nektar å gjere slik USA vil med tanke på sanksjonar og andre typar utfrysing. Dei ser på Russland og Kina slik vi ser på Saudi-Arabia, altså som usympatiske realitetar i verda, og at verda er full av gråsoner. Dei aksepterer ikkje automatisk hegemoniet til Vesten leidd av USA.

Eg seier ikkje at dette er godt nytt, berre at det er nytt. Under den kalde krigen var det berre to sider å velje mellom. I dag speler alle på fleire hestar samstundes.

Bakgrunnen for Ukraina-krigen er meir kompleks enn mange tar høgd for. Sjølve krigen er ikkje så ulik dei USA har starta dei siste tiåra: det vil seie brutal, ulovleg og til sjuande og sist meiningslaus. Og Stoltenberg? Det kan sjå ut som han heng igjen i eit verdsbilete frå 1990, då mange trudde at vestlege verdiar og kultur var skjebnebestemt til å erobre verda, fordi dei er overlegne alle andre sine. Det har dei fleste imperium alltid trudd, og også denne gong viste det seg å vere feil.

Verda av i dag liknar mykje meir på den Samuel P. Huntington skildra i den utskjelte The Clash of Civilizations and the Remaking of World Order (1996), enn på den Francis Fukuyama skildra i The End of History and the Last Man (1992).

USA har til liks med Russland imperialisme i blodet, begge nasjonane er bygg frå då deira eige landområde blei erobra, til stor kostnad for dei som blei koloniserte. Stoltenbergs indignasjon overfor russisk imperialisme, og blindskap for den amerikanske imperialismen, gjer han til den perfekte Nato-leiaren, sett frå Washington.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg
Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg
Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin
Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis