Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Vi aksepterer at politikarar seier ting som ikkje er sanne.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Heiko Junge / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Heiko Junge / NTB

4350
20250103
4350
20250103

Det er morgon, det er Politisk kvarter på P2, statsministeren er kalla inn og må svare for både dårlege meiningsmålingar og sviktande partitillit. «Vi må jobbe hardare», seier han. Om dei jobbar hardare fram mot valet, så skal det nok ordne seg, trur Jonas Gahr Støre.

Ifylgje statsministeren og partileiaren er det altså meir som skal til når vi no går inn i eit stortingsvalår. Meir av det same, då, må vi tru? Det kom i alle høve ikkje eit ord frå statsministeren om at noko av det som har vore gjort, kanskje ikkje var så lurt. At meiningar, standpunkt, oppfatningar og ikkje minst politikk kanskje må endrast for at Arbeidarpartiet skal få folket attende på si side.

Trur statsministeren at årsaka til at folk ikkje vil røyste på partiet lenger, er at dei ikkje veit kva det står for? At å seie det same høgare og fleire gonger vil få Ap-veljarane til å vende attende?

Nei, han trur vel ikkje det.

Ein må spele spelet

For det er jo eit spel, det heile. Uttalane frå statsministeren på Politisk kvarter er styrte av uskrivne, men ikkje mindre veldefinerte reglar for kva ein styrande politikar kan seie og ikkje seie. Vi veit jo det. Vi kjenner så godt til det politiske spelet at vi ikkje lenger finn det på sin plass å stille spørsmål ved det.

Vi aksepterer at politikarar seier ting som ikkje er sanne. Det vil seie, om det ikkje er løgn, er det heller ikkje full sanning, for dei nyttar gjerne høvet til å fortelje berre dei delane av sanninga som gagnar dei, og slike høve gjev vi dei heile tida. Når Støre seier om avgangen til partisekretær Kjersti Stenseng at ho har gjort en «stor jobb», veit vi alle at det ligg meir bak. Likevel får innhaldslause uttalar som dette fylle alle nyhendesendingar – frå alle politikarar i alle parti.

Dei seier noko som tyder noko anna, og difor må vi ha politiske kommentatorar som kjenner folk i korridorane og kan hjelpe oss å tyde det politikarane seier.

Meir «eg veit ikkje»

Eg er ikkje ein slik kommentator. Eg har vore inne på Stortinget berre éin gong, og det er fleire tiår sidan. Men eg har i det minste, éin gong, prata med ein minister i ei regjering – i ein samtale der vedkomande orsaka seg for at hen opp gjennom oppdragingsåra orsaka seg for mykje til borna sine.

Ja, det går an å orsake for mykje. Likevel er mitt ynske for valåret 2025 politikarar som orsakar seg meir – i profesjonell karakter. Som innrømmer feil og står ved dei.

Vi veit faktisk ikkje korleis vi skal klare å få ned straumprisane utan at Europa vert fyk forbanna på oss, kunne dei til dømes seie. Vi skjøner ikkje kvifor matprisane stig og stig langt utanfor generell prisvekst, og dessutan manglar vi verktøya vi treng for å regulere daglegvarebransjen på ein måte som monnar. Nett no klarar vi ikkje stogge flyttestraumen frå bygd til by. Vi tør ikkje ta dei politiske grepa som skal til for å få ned bustadprisane, for vi er redde for kva som vil skje med den delen av bustadmarknaden som fungerer – og ikkje minst kva dei han fungerer for, vil seie og gjere.

Alle veit at det er slik, men ingen seier det.

Ja, sjølv ein mangel som rammar oss alle nærast kvar einaste dag, at vi ikkje rekk å gjere alt vi har sagt – endåtil lova – vi skal få til, er umogleg å innrømme for ein politikar eller eit departement. «Nei, i Justisdepartementet vart det ikkje tid til å gjere ferdig framlegget til ny samtykkelov i år heller», seier ingen justisminister nokosinne.

Kultur, ikkje person

Dette handlar jo langt ifrå om berre Støre, det handlar om mange fleire enn politikarar i Arbeidarpartiet. Det handlar om ein inngrodd kultur. Når eg i starten av denne teksten ymtar om at politikk bør endrast etter folkemeininga, kjenner eg kor det buttar imot samstundes som eg skriv orda. Vi seier jo ikkje slikt (lenger). Vi ynskjer oss ikkje politikarar som snur kappa etter vinden. Slikt er definisjonen på populisme og det motsette av ansvarleg styring.

Det kan vere det. Men det kan òg vere det Erik Bye i si tid uttrykte: «Politikarane må ein gong lære, både i Noreg og andre stader, at dei ikkje er våre herrar. I demokratia skal dei vere klare over, kvar einaste dag dei vaknar, og kvar einaste kveld dei går og legg seg, at dei er våre tenarar. Elles er demokratiet berre dillball.»

Siri Helle er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis