JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Venstresidas kanonføde

Sist veke presenterte Klassekampen «venstresidas kanon», bøker som skal vere dei hundre viktigaste for den norske venstrerørsla. Mellom desse finn vi Astrid Lindgrens Pippi Langstrømpe, men ikkje ein einaste tekst av Henrik Ibsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
UTE: Henrik Ibsen – ikkje radikal nok?

UTE: Henrik Ibsen – ikkje radikal nok?

UTE: Henrik Ibsen – ikkje radikal nok?

UTE: Henrik Ibsen – ikkje radikal nok?

13533
20231027
13533
20231027

«Venstresidas kanon» er mindre ein litterær enn ein politisk kanon. Medan norske litterære kanonar, til dømes Gyldendals «Norges nasjonallitteratur», har vurdert norsk skjønnlitteratur med kvalitet som fremste kriterium, byggjer Klassekampens kanon meir på verknadshistoria til verka, om dei har «bidratt til å forme venstresidas sentrale ideer og problemstillinger», anten det er sakprosa eller skjønnlitteratur, norsk eller internasjonal.

Ein slik politisk litteraturkanon som listar opp verk som har forma venstrerørsla, fortel oss like mykje om statusen til desse ideane i rørsla i dag. Ein litteraturkanon er òg eit nasjonalt danningsprosjekt, ei tekstsamling som skal utgjera ei sams referanseramme som eit samlande idégrunnlag for særmerke og motsetningar til ulike grupper og individ.

«Venstresidas kanon» står fram som ein slik særkanon for eit bestemt politisk miljø, men studerer ein fråsegna til juryen og sjølve utvalet nærare, anar ein større ambisjonar.

Frå 60- og 70-åra hugsar vi slagordet om at «alt er politikk» og politiseringa av den tonegjevande norske skjønnlitteraturen, også av det litteraturkritiske miljøet, ikkje minst i kulturavisa Dagbladet. I Bjørgulf Braanens redaktørtid tok Klassekampen over rolla som tonegjevande kulturavis etter Dagbladets forfall.

Denne stoda som tonegjevande kulturavis gjev litteraturstoffet i Klassekampen ein allmenn tendens sjølv når det er sekterisk. Ein ny litterær kanon produsert av den fremste kulturavisa i landet kan ikkje gå fri for pretensjonen om å vilja vera allmenngyldig, sjølv om han aldri så mykje presenterer seg som ein særkanon for venstreorienterte.

Dagbladet vart redigert frå ein kulturradikal synsvinkel og påverka litteraturfeltet, men såg seg sjølv som eit allment kulturorgan, og ville aldri ha kome på tanken om å produsera ein «kanon for kulturradikalarane», ei samling av frisinna litteratur som skulle vera særleg eigna for dagbladlesarane, som deretter kunne styrkja fellesskapen sin ved å lesa seg opp på kvalitets- og innhaldssikra idear.

Men ein slik intern kanon skapar altså Klassekampen, for å styrkja «radikale fellesskap», som det vert sagt i presentasjonen. Det skapar kjensla av at den kulturelle og politiske utviklinga i det siste halve hundreåret har påverka venstresida – og Klassekampen – mykje mindre enn vi lenge har trudd.

Den nye «venstresidas kanon» kunne med relativt små endringar stått i avisa for førti år sidan med Sigurd Allern som redaktør. Den gong ville Espen Haavardsholms Historiens kraftlinjer om Albania, sosialismens no senka fyrtårn i Europa, sjølvsagt vore med, saman med Maos lille røde. Men Maos dikt er framleis med.

Fellesskap og særpreg

Om «venstresidas kanon» hadde avgrensa seg til å vera eit utval av den litteraturen som har påverka den norske venstrerørsla, ville prosjektet ha vore reint idéhistorisk og mest av fagleg interesse. Men ein kanon er som sagt òg eit nasjonalt danningsprosjekt, og nett kriteriet om danning synest å vera viktigare her enn i tidlegare litterære kanonar.

Klassekampens kanon inneheld «bøker og tekster som venstresidas beslutningstakere bør kjenne til og som menig politisk interesserte kan hente både krefter og argumenter fra», heiter det i juryfråsegna.

Noko liknande kunne stått i eit politisk partiprogram. Danninga ein vil oppnå, er ikkje berre avgrensa til kunnskap om skriftgrunnlaget for dagens liv og tenking; «venstresidas kanon» er òg eit pedagogisk prosjekt som skal hjelpa til med å utvikla gode agitatorar for venstrerørsla, eit lite bibliotek som Klassekampen tilrår særleg yngre, ulærde radikale som treng «veivisere» for å oppdaga grunnlaget for radikalismen sin.

Ein av desse vegvisarane er Hegels Åndens fenomenologi, som kan fortelja dei veglause ungdomane korleis «bevisstheten arbeider seg frem til sin sanne eksistens» og då når «et punkt der den legger bort sitt skinn av å være beheftet med noe fremmedartet som bare er for den og bare er som noe annet, et punkt der fremtredenen er lik vesenet og der dens fremstilling faller sammen med åndens egentlige vitenskap», som det heiter i innleiinga. Med all respekt for Hegel som vegvisar trur eg at denne teoretisk avanserte åndsvitskapen lett vil føra venstresidas avgjerdstakarar ut i avgjerdsvegring.

Så «venstresidas kanon» er langt ifrå berre er eit nærsynt utval av marxistiske tekstar. Han inneheld forutan Hegels hovudverk titlar av Henrik Wergeland og Ivar Aasen, dessutan Jens Bjørneboes Bestialitetens historie og Rune Slagstads verdikonservative De nasjonale strateger.

Men desse innslaga utvidar òg ambisjonane til kanonen. Ein vil ikkje berre ha med verk som har forma det politiske synet til venstrerørsla, men òg skapa eit bibliotek som kan utfordra dette synet og føra det vidare gjennom kritikk og sjølvkritikk. Dermed overskrid ein utvalskriteriet om politisk verknadshistorie, og «venstresidas kanon» byrjar å likna meir på ein konkurrerande, allmenngyldig litterær kanon.

Det allmenne

Denne likskapen vert forsterka gjennom juryens val av Ivar Aasens «Nordmannen», betre kjend som «Mellom bakkar og berg». Dette diktet er indirekte knytt til venstrerørsla ved at det vart brukt i politiske samanhengar der den radikale norske nasjonalismen spelte ei rolle, som i kampen mot medlemskap i EU.

Samstundes er det vanskeleg å sjå den leninistiske statskapitalismen i Aasens skildring av nordmannen, denne nybyggjaren og fiskarbonden som heller ville røysta Senterpartiet og lese Hamsuns Markens grøde enn Einar Gerhardsens Tillitsmannen, handboka for tillitsvalde i arbeidarrørsla som òg inngår i «venstresidas kanon», og der dagens unge radikale lærer korleis dei kan gå på dørene og verva «røyster ved vala, nye abonnentar til partipressa, nye medlemer til fagbevegelsen eller partiet», som det står i handboka.

Også Wergelands «Jødinden», som var ein del av Wergelands kamp for å gje jødar tilgang til Noreg, og dermed inngår i kampen mot diskriminering, ligg på grensa mellom spesiallitteratur for venstrerørsla og allmenn litteratur. Det same gjeld verk av Gunvor Hofmo, Sigmund Freud, Torborg Nedreaas, Alf Prøysen, Hans Børli og Jan Erik Vold.

Men når ein på denne måten fører allmennlitteratur inn i «venstresidas kanon», til og med litteratur som er eksplisitt antikommunistisk eller har blitt lese slik, som George Orwells Animal Farm, får «venstresidas kanon» tendens til å ekspropriera den allmenne litteraturen på vegner av eit politisk særstandpunkt. Verken i Klassekampens presentasjon eller juryutsegna vert det presisert at «venstresidas kanon» kjem i tillegg til, står ved sida av og er underordna ein større allmenn kanon.

Sjølvpromotering

Likevel har juryen sett trongen for å kommentera valet sitt av Hannah Arendts Om revolusjon, eit verk som ser både den franske og den russiske revolusjonen som overgangar til nye einevelde. Juryen seier dei har teke med Arendts verk for å gje «venstresidas historieskriving substansiell motstand». Kanonen inneheld òg Arthur Koestlers Mørke midt på dagen, som med temaet om Stalins terror og store lesarskarar – berre i Frankrike selde romanen i ein halv million – kan ha vore med på å hindra kommunismen i å spreia seg til Vest-Europa etter andre verdskrigen.

Ei slik bok i «venstresidas kanon» vitnar om at juryen vil distansera seg og miljøet sitt frå dei stalinistiske eksessane med hundrevis av slaveleirar og millionar av fangar spreidde over heile Sovjetunionen.

Men nettopp slike bøker som distanserer kanonen frå Stalin, styrkjer tilslutninga til to andre kjende diktatorar, Lenin og Mao. For i utvalet finn vi òg Lenins Imperialismen som kapitalismens høyeste stadium, rett nok med følgjeteksten at «det er verkets betydning som er bedømt, ikke hele forfatterens liv og virke som politiker».

Likevel vert kanoniseringa av Lenin styrkt med John Reeds Ti dager som rystet verden, som har eit rosande føreord av nett Lenin. Dermed er det blikket som bolsjevikane har på bolsjevikrevolusjonen, vi får i kanonen. Denne ukritiske haldninga vert understreka av Maksim Gorkijs propagandistiske Moren, som sovjetiske styresmakter såg på som det grunnleggjande verket innanfor «sosialistisk realisme».

Dette utvalet inneber ei helteskildring av Lenin og statskuppet hans i 1917, som kunne trenga like mykje kritikk som stalinismen. Eit nærliggjande framlegg ville vore anarkisten Emma Goldmans augevitneskildring frå 1920–1921, Mina två år i Ryssland, svensk utgåve frå 1924, som med stort truverd gjev ei skildring av korleis Lenin og bolsjevikane gjennom det nye statsapparatet lynraskt innførte eit nytt «slaveri» for det russiske proletariatet.

Skrekkvelde

Ei nyare og meir skremmande skildring av det kommunistiske skrekkveldet finn ein i Antony Beevors bok Russland. Revolusjon og krig 1917–1921. Her kan lesinga av Reeds skildring verta utvida med kapitlet «Rød terror», som fortel korleis bolsjevikane forsvarte revolusjonen ved hjelp av «hogging med sabler, stikking med kniver, koking og brenning av mennesker, skalpering av levende ofre, spikring av epålettar til skuldrene, utstikking av øyne, dynking av fienden med vann om vinteren slik at de skulle fryse til is, kastrering, fjerning av innvoller» – «Europa hadde ikke sett slikt ekstremt barbari bli brukt som terrorvåpen siden religionskrigenes tid», skriv Beevor.

I Mao Zedongs dikt ved Kjell Heggelund og Tor Obrestad er det gjeve ei tidsline som noterer hovudpunkt i Maos liv frå 1893 til 1968. Det er ei tidsline utan blodspor, bortsett frå massakrane til Chiang Kai-shek. Eigne massakrar går ein stilt forbi. Kampanjen «det store spranget» i 1958–1960 er nemnd, men ikkje hungersnauda som spranget førte til, og som tok livet av millionar av menneske. Kulturrevolusjonen er med, men ikkje terroren som kravde hundretusenvis, om ikkje millionar av liv.

Vondskap og massemord har følgt revolusjonane frå Paris på 1790-talet til folkemordet i Kambodsja på 1970-talet, då kommunistpartiet Raude Khmer tok livet av ein fjerdedel av folkesetnaden i landet. Det gjer ikkje saka betre at Maksim Gorkij, som er med i kanonen, forsvarte Stalins fangeleirar, eller at Jan Myrdal, som også er med i kanonen med si kraftfulle En illojal europeer bekjennelser, var i Kambodsja og fortalde at han ikkje hadde sett noko folkemord der.

Det er heller inga bruksrettleiing for Frantz Fanons nådelause Jordens fordømte med Sartres blodtørstige føreord som fråtsar i den forferdelege lagnaden som vil råka alle kvite europearar som ikkje går over til kommunismen.

I lys av denne mørke sida til venstresida kunne juryen for «venstresidas kanon» ha teke med Aleksandr Solzjenitsyns GULag-arkipelet, som på 1970-talet skaka delar av den europeiske venstrerørsla. Det venstresosialistiske danningsprosjektet kunne hatt nytte av Solzjenitsyns framstilling av korleis ikkje berre den raude terroren, men òg fangeleirane, byrja alt under Lenin, rettferdiggjorde som omskoleringsanstaltar der klassefienden kunne få endra på falsk medvit gjennom hardt kroppsarbeid.

Elles har etableringa av ein «venstresidas kanon» med sprikjande kriterium ført til nokre kuriøse resultat. Den norske litteraturens største kjendis gjennom tidene og ein meir ekte radikalar enn dei fleste på lista, Henrik Ibsen, glimrar som sagt med fråværet sitt. Derimot er Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? med, sjølv om fleire historikarar har vist at Michelet ikkje svara korrekt på dette spørsmålet.

George Orwells Animal Farm er presentert med forsikring frå juryen om at satiren i boka ikkje gjeld kommunismen i seg sjølv, men berre den mislukka sosialismen. Dag Solstad har kome inn på lista med sin desidert dårlegaste roman, den drepande keisame 25. septemberplassen. Men danning er ikkje noko ein får gratis. Ein skal keia seg.

Det kvite feltet

Litteraturprofessoren Frode Helmich Pedersen seier til Klassekampen at me ikkje treng nokon «venstresidas kanon», men kan halda oss til den kanonen me alt har, «fordi all stor litteratur alltid er radikal». Då er det ein tankekross at Noreg har fire nobelprisvinnarar i litteratur – Bjørnson, Undset, Hamsun og Fosse – og ingen av dei er funne verdige eller korrekte nok til å inngå i det radikale danningsprosjektet.

Det peikar mot det kvite feltet på verdskartet til venstresida, det uutforska kontinentet: kritikken av det moderne, tvilen på framsteget, interessa for og vendepunktet mot metafysikken og det eksistensielle.

Symptomatisk er det at ein så sentral roman innanfor samfunns­kritikken som Aldous Huxleys Vidunderlige nye verden, grunnverket for kritikken av moderne vitskap som maktmiddel og framsteget som undertrykking, ikkje er med.

August Strindbergs Lilla katekes för underklassen er med på lista, men ikkje Inferno med interessa for mystikaren Swedenborg. Venstresidas sjølvkritikk ville gått djupare gjennom Dostojevskis De besatte, som handlar om korleis radikalismen går over i drap.

At all stor litteratur er radikal, er ei innsikt som har gått ut på dato. Stor litteratur er ofte uventa både i form og innhald, men tidene skifter, og forventingane med dei. Venstresidas litteratur kan ikkje vera opprørsk og uføreseieleg i ein kultursituasjon der tenkjeviset til venstresida er vorte tidsånd. Motstand og overskriding må koma frå ein annan kant. All stor litteratur er reaksjonær.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis