Reportasje

Blant ekte brølapar

COSTA RICA: Vi reiste med julehåp til Costa Rica og vart overraska av villdyr, somme i menneskeham. På nyåret var verda som omsnudd, med krav om lydrike i nord og sør.

Brølape (Alouatta palliata) ved Playa Grande i Costa Rica.
Publisert Sist oppdatert

Det mørknar på jorda, i den nattsvarte jungelen eit urskrik. Gutturale brøl som i førstninga får småhåra til å reise seg, deretter ein lette når vi skimtar skuggane i trekronene over oss. Brølapar i luftige sprang og lyd av svart metall-kaliber markerer at dei var her først, vi er framande gjestar. Dei kastar kvist og nøtter etter oss.

Våre vinterveker på naturstiar i Costa Rica var meinte å handle om naturen på ein pressa klode, om ambisjonane til eit bitte lite land om å bli verdsmeister i å kontre naturtapet. Landet vil i tillegg gjerne vere utmeldt av eit militært kapplaup og tilnærma nøytralt i ein pressa politisk situasjon.

Kan Costa Rica nå målet sitt om å bli verdas første nullutsleppsland, kalle seg verdas første grøne land? Og kan det klare å halde seg like fredeleg og utan militære styrkar i framtida? Dette siste spørsmålet skulle i løpet av nokre januardagar få det til å krible i magen.

Urbanisering

Når du flyg nedover det amerikanske kontinentet, kan du kome i mørke tankar om skogar som forsvinn, tette byar og asfalt som tar over. Her ventar krig og pest, elvar i flaum, ville orkanar, kan ein tenke. Og innflyginga over San José gir næring til angsten, byen veltar seg ut over nye åssider som ein overgjæra brøddeig. Blant dei nybygde mastodontane skal etter planen eit gigafengsel ta form like nord for flyplassen, det skal eg snart kome tilbake til.

Eg har knytt eit håp til dette vesle landet. I ulike omgangar over dei førti siste åra har eg vandra på naturstiar her, late meg imponere av korleis den rike naturen blir forvalta, av motstand mot bruk av sprøytemiddel og av den utvida forskinga og jakta på økologiske alternativ. Landet har strenge reglar for viltforvaltning, og dei kan skilte med at 25 prosent av landets areal er nasjonalparkar og verna område. Costa Rica hevdar framleis at 60 prosent av landet er skogdekt, men etter å ha sett urbaniseringa rundt hovudstaden blir eg i tvil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement