JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Velkomen til den vedunderlege nye verdsordenen

Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtids­dystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Signatarar etter fredsavtalen i Westfalen i 1648. Samtidig skildring av Gerard Terborch.

10934
20220422
10934
20220422

Sergej Lavrov har sagt det, Dmitrij Medvedev har sagt det: Det langsiktige målet for Russland etter invasjonen i Ukraina er å skapa ein ny verdsorden – saman med Kina.

Det vil i så tilfelle verta ein autokratisk dobbelallianse. No er det ikkje lenger naudsynleg å bruka tid på skodespelval og verbale nikk til FNs menneskerettskonvensjonar.

Nei, denne alliansen pretenderer ikkje eingong å vera eit «illiberale demokrati» à la det ungarske til Viktor Orbán. Vi talar om reindyrka diktatur. På sett og vis er det kome inn ein betongfast ærleg-realistisk tone i verdspolitikken. Ei drastisk illusjonsløyse, om du vil.

For etter Ukraina-krigen er det ikkje lenger tvil om det russiske regimet. Det skjer ei restalinisering der alle tillaup til politisk pluralisme skal drepast, og val blir føreseielege øvingar. Enno ikkje noko GULag, men rettsapparatet er blitt ein handlangar til regimet som dekkjer klede over politiske mord – med og utan gift.

Vi ser ei ny drastisk regimeform i Russland ta form: antivestleg, panslavisk imperialisme i kombinasjon med antidemokratisk maktsjuke, reaksjonær kristendom og rå, kleptokratisk kapitalisme.

Det er dette systemet, saman med Xi Jipings Han-kinesiske totalitære overvakingskapitalisme, som no skal bli framtida. Aldri har forsvararar av demokratiet vore livsviktigare.

Vi ser denne tendensen i språket også: Putinismen dehumaniserer ukrainarane og brennemerkjer dei som «nazistar», uverdige til eigen stat. Samstundes vert dei kalla «brør» og «veslerussarar». Med slike vener, kven treng fiendar?

Timofei Sergeitsev, kjend Putin-apologet i russiske medium, slo nyleg fast (sitert i Wall Street Journal) at ukrainsk suverenitet skal fjernast ein gong for alle. Sjølve namnet skal eliminerast, landet totalt «denazifiserast». Putin har òg tala om å ta «dei indre svikarane».

Det fyrste vi kan merke oss, er at Kreml tidleg tok til med denne totalitær-ideologiske offensiven. Lenge har Kreml tala om at russarane i Donbas var offer for «folkemord» (som openbert er eit falsum).

Samstundes vart ord som atomvåpen og kjemisk-biologiske våpen introduserte.

Det å i det heile teke ta i bruk slike uhyggelege ord syner forfallet i internasjonal politikk nett no. Heile den sinnrike liberale rettsordenen bygd opp etter krigen er drastisk svekt.

Eit sams tema for alle totalitære regime er å straumlineforma historia for aktuelle føremål. Stalins brotsverk har lenge vore nedtona i Russland, Memorial og andre menneskerettsorganisasjonar forbodne. Historia skal tilpassast regimet som skaft til øks. Her står Putin i ein hevdvunnen tradisjon med tradisjonelle despotar. Denne propagandaen er gjort endå meir effektiv i dag med den moderne, statlege kontrollen med media.

I intervju og artiklar har Putin lenge synt denne tendensen. Her er han ei open bok: Med Putin i Kreml er eg redd alt kan skje – også atomkrig, om enn i mindre skala.

Med den historia som Sovjet har, med deportasjonar og med retorikken Kreml no nyttar, er det i dag grunn til å stille spørsmålet om kva intensjonar Putin har med dei ukrainarane han skal «denazifisera».

Kor mange gjeld det? Skal dei sendast austover til nye GULag-liknande leirar, eventuelt under dekke av å vilja det sjølv?

Vesten har undervurdert Putins valdsberedskap før (Tsjetsjenia, Syria) og til fånyttes sett etter streif av rasjonalitet. Vesten bør no problematisera kva lagnad dei ukrainarane som vart førte vekk til Russland, fekk i nokre av desse korridorane. Vart dei sette på som «nazistar»? Er det tale om Stalin-liknande deportasjonar om att?

Denne tanken, om kva han vil med dei som ikkje føyer seg, må no setjast i omlaup. Å brennemerkje heile folk med etikettar som innbyr til handling, veit vi kva kan føra til. Ideologiar er handlingssentrerte idear på marsj. Med store konsekvensar, især i eit regime som Putins.

Spørsmålet for resten av verda no er temmeleg avgjerande: Kva inneber denne nye verdsordninga?

Her er eitt perspektiv:

Det 20. hundreåret kan grovt sett delast i to. I 1945, etter katastrofen under verdskrigen, såg vi ein periode av tunge freistnader på å sivilisera politikken og krigen.

Nürnberg-domstolen i 1945–47 bygde ut den internasjonale humanitære retten med lovparagrafar som gjorde åtakskrig ulovleg, og som dømde toppnazistane for brotsverk mot menneskeslekta. Domstolen bygde også ut det juridiske forsvaret mot krigsbrotsverk.

Ein særs viktig arv frå Nürnberg er det individuelle ansvaret: Ein kan ikkje krevja frikjenning for udådar berre fordi ein handla «etter ordre». Dette er aktuelt med tanke på Putin og mennene hans i ein eventuell Haag-domstol.

Å bruka FNs folkemordkonvensjon frå 1948 er problematisk fordi lovgjevinga føreset klare prov på «intensjon» om fysisk å tilinkjegjera heile grupper på etnisk, religiøst eller kulturelt grunnlag.

Slobodan Milosevic kom inn under desse paragrafane først då det vart klart – og nokon ville vitne om det – at han hadde til føremål å utsletta bosniarane som etnisk og religiøs eining.

Dette vert vanskelegare med omsyn til Putin. Kven i den indre krinsen kan tenkjast å vitna mot han?

Då er det meir høveleg enn folkemordkonvensjonen å bruka andre delar av folkeretten, reglane om brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk, mot han.

Det er ikkje lite, det som no er sett i spel. Ved sida av Nürnbergprosessen kom heile normgrunnlaget for ei meir menneskeleg verd etter 1945: FN-pakta, verdserklæringa om menneskerettane i 1948 med heile tradisjonen om innsyn i kva styresmaktene gjer med eige folk, folkemordkonvensjonen same år, styrkinga av Genèvekonvensjonane om rettane til sivile og krigsfangar og forbod mot særskilde øydeleggjande våpentypar, til dømes kjemisk-biologiske. Seinare kom Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), som står i same tradisjon.

At Putin no i det heile teke talar om atom- og biokjemiske våpen, er teikn på kor langt vi er komne – og kor djupt fallet er frå det krevjande oppbygde traktatsystemet av sivilisering av krig.

Dei fleste har vore nokså illusjonslause, om enn håpefulle, om kor motstandsdyktige desse traktatane har vore, konfronterte med rå maktpolitikk. No har vi svaret. Få såg dette koma, iallfall ikkje med dette omfanget.

Så kva vil Russland og Kina med den nye «verdsordenen»? Vi anar konturane av ein restitusjon av grunndraget ved freden i Westfalen etter religionskrigane i 1648: nasjonal innestenging. Då vart det slutt på innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt.

Statane vart lukka einingar i eit system av skiftande alliansar utan noko normverk til regulering av framferd, og altså utan menneskerettslege krav til staten.

I den nye lavrovske verdsordenen vert menneskerettsverdiane sette på som ei overleving frå den liberale tida og elles som sentimentalt vås og ei støykjelde.

Dette liknar stoda før fyrste verdskrigen: Kvar stat er nærast seg sjølv utan frykt for internasjonale domstolar og innsyn og – NB – med klare interessesfærar med rett til påverknad, slik Putin og Xi talar om no. Putin har tilmed gjort gjeldande at Russland har rett til påverknadssfærar vis-à-vis Finland.

Vi såg kva det førte til i 1914–1918. Vi må ikkje gløyma at verda også kan gå attover, ikkje berre framover.

I romanen 1984 skisserer George Orwell framtidsdystopien etter at Storebror har drepe den siste resten av fri tanke i verda: eit betongfast, stilleståande universelt redsleregime med underkua «prolar» som et seg til daude og blir haldne i age av tynn, tabloid underhaldning og billeg sex.

Om Vesten legg seg i stabilt sideleie og lèt demokratiet verta svekt endå meir, er Oseania vår framtid. Velkomen til vår vedunderlege nye verd!

Ein diagnose som denne må supplerast med motførestillingar. Kva skal til for at denne framtidsdystopien ikkje skal slå til? Det springande punktet her er Kina. Kina har sin eigen agenda. Kina ser ikkje på Russland som den viktigaste handelspartnaren sin.

Difor er det ikkje sikkert at Kina vil fylgja med Russlands ambisjonar i internasjonal politikk, til dømes spreia sin samfunnsmodell ut over eige land – med unnatak av, tragisk nok, Taiwan.

Kina vil øve økonomisk påverknad over heile verda, men neppe spreia den statskapitalistiske modellen sin, iallfall ikkje dersom ein slik strategi trugar dei økonomiske interessene til landet. Her er det stoff til splid mellom desse maktene.

At Kina har halde seg tilbake og ikkje støtta Russlands invasjon utvitydig, kan vera teikn på ei indre uro i leiarsjiktet i det landet. Her ligg ein særs viktig dimensjon for å skjøna om ein restitusjon av Westfalen-freden blir ein realitet.

På eitt punkt er det semje mellom Kina og Russland: Dei vil i aukande grad skjerma seg mot menneskerettsleg kritikk. Her er arven frå Westfalen aktuell: Ingen har rett til å kritisera oss for det vi gjer med folket («indre anliggender» er mantraet her). At undertrykkinga vil bli skrudd opp, er sjølvsagt, og undertrykkinga vil bli gjord meir drepande av moderne informasjonsteknologi og sentral kontroll med sosiale medium. Demokratisering er ikkje på dagsordenen.

Om eg skal freista å setje meg inn i rolla som strateg for å svekkja den verdsordenen eg her har skissert, vil desse punkta i europeisk samanheng vera viktige:

z Føra konstant debatt om kva demokrati er, og styrka demokratiske institusjonar, ikkje minst innan EU, især vis-à-vis Ungarn og Polen. Ungarn kan ikkje lenger få pengeoverføringar frå EU så lenge dei ikkje respekterer EUs grunnlov.

z Nekta Russland å gje pengar til europeiske ytre høgre-parti og gjera meir for å hindra Russland i å manipulera val gjennom kyberkrigføring.

z Framskunda arbeidet med å etablera ein EU-hær.

z Auka Natos beredskap i grenselanda, sjølv om det provoserer Russland.

z Tilby Ukraina medlemskap i EU, men ikkje i Nato (altså ei austerriksk løysing).

z Tilby Sverige og Finland medlemskap i Nato.

z Gjera det klart at det er uaktuelt med Nato-medlemskap for Georgia.

z Følgja opp Natos mål om styrking av forsvaret, men halda fram med avspenning i nordområda.

z Ingen atomvåpen i Noreg og nordområda.

z Gjera oss mindre avhengige av kinesisk teknologi og produksjon.

z Ein kjepphest til slutt: Hindra at vi får ein generasjon som manglar dei intellektuelle og moralske reiskapane for å skjøna samfunnet og ikkje lenger har grunnleggjande førestillingar om vitskap og sanning.

Men om Trump kjem tilbake i 2024, veit ingen kva som kan koma til å skje. Måtte lagnaden spara oss for det!

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein særs viktig arv frå Nürnberg er det individuelle ansvaret: Ein kan ikkje krevja frikjenning for udådar berre fordi ein handla «etter ordre».

Kina har sin eigen agenda. Kina ser ikkje på Russland som den viktigaste handelspartnaren.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis