JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Valets tapar

Media var den store taparen i stortingsvalet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Det var to sensasjonelle valresultat: At Frp som juniorpartnar gjekk mindre attende enn Høgre, og at Venstre kom over sperregrensa. Frp gjorde det såpass bra grunna éin ting: Sylvi Lishaug og innvandring. Kor mange gonger tok NRK og TV2 opp innvandring? Så vidt eg kunne sjå, ingen gonger. Dei nemnde ikkje elefanten i romet», skriv Jon Hustad.

Foto: Lise serud / NTB scanpix

8339
20170915
8339
20170915

KOMMENTAR

jon@dagogtid.no

Det verste ein kommentator kan vera, er banal, men eg lyt likevel byrja med ei banal setning: Eg har aldri opplevd ein meir spanande valdag enn sist måndag. Men det var ikkje takka vera valdagssendingane. Det var to sensasjonelle valresultat: At Frp som juniorpartnar gjekk mindre attende enn Høgre, og at Venstre kom over sperregrensa. Frp gjorde det såpass bra grunna éin ting: Sylvi Listhaug og innvandring. Kor mange gonger tok NRK og TV2 opp innvandring i valdagssendingane? Så vidt eg kunne sjå, ingen gonger. Dei nemnde ikkje elefanten i romet, og det sjølv om TV2s eiga meiningsmåling synte at veljarane meinte at nett innvandring hadde vore hovudtemaet i valkampen. Det skal eg koma attende til.

TAKTISK RØYSTING

At Venstre kom over sperregrensa grunna taktisk røysting, vart eit tema, men det kom altfor seint. Eg rekna på førehand med at Venstre skulle kome over grensa grunna taktisk røysting, og det visste eg grunna Facebook. Eg har berre vel 100 vener der, men eg har ressurssterke vener som bur der eg bur: Oslo vest, Asker og Bærum. Mellom desse har det vore ei sterk, ja, nærast unison stemning for å røysta taktisk ved dette valet. Berre éin av venene mine har vore for Venstre, men det enda med at særs mange likevel røysta Venstre, medan dei – som éin sa det – «hadde med seg spyposen og heldt seg for nasen». Den taktiske røystinga vart då også særs avgjerande, og dette burde NRK og TV2 ha gjort til eit tema av frå starten av. Hadde Venstre fått like mange røyster i Oslo vest, Asker og Bærum som i landstrenden, skulle dei ha kome 9050 under sperregrensa; dei kom 8300 over sperregrensa. Høgre gjorde det til dømes dramatisk dårlegare i Vestre Aker enn normalt. Både Frp- og Høgre-veljarar stilte sterkt opp for Venstre. Taktisk veljing hjelper. Båe dei raudgrøne regjeringane til Jens Stoltenberg vart valde med eit mindretal av veljarane. No fekk Erna Solberg den same effekten. Trine Skei Grande takka likevel organisasjonen for at ho kom over sperregrensa. Det må ha vore ei av dei mest utakksame valtalene nokon gong.

TAPAREN I VALET

Om det finst ein tapar etter dette valet, så er det media. Valkampen har vore dekt på eit dårleg vis. Tak temaet som var hovudtemaet før Sylvi Listhaug kom attende etter fødselen, formueskatt, som vart dekt på eit rotete vis. Høgre hevda at vi treng lægre formueskatt for å få til ei omstilling av norsk næringsliv. Ap sa på si side at vi treng formueskatt for å få til omfordeling. Båe påstandane er langt på veg usanne. Staten har i dag ein finansformue på 10.400 milliardar, formueskatten er berre 13 milliardar av eit statsbudsjett på 1300 milliardar i utgifter. Omfordelingseffekten er dimed nær null. Men det er heller ikkje slik at desse 13 milliardane skapar store problem for norsk næringsliv. Private norske aktørar utgjer ein liten del av norsk næringsliv. På Oslo Børs eig utlendingar 40 prosent av aksjane, staten 35 prosent. Av dei resterande 25 prosent eig individuelle nordmenn berre 4 prosent, resten av den norske eigarskapen ligg i pensjonsfond og store institusjonar. Svært lite vert eigd av nordmenn som hamnar i formueposisjon. I det ikkje-børsnoterte næringslivet er den norske eigarskapen større, men korkje Rema eller Norgesgruppen har problem med å reisa kapital.

Tak oljenæringa, som alltid er den største investeringsaktøren i norsk næringsliv. Nesten alt av investeringar på norsk sokkel er det staten og utanlandske selskap som står for. Det har aldri vore vanskeleg å reisa kapital for lønsame felt på norsk sokkel, og det som gjeld på norsk sokkel, gjeld i næringslivet elles. Gode prosjekt i Noreg får kapital. Den einaste grunnen vi har for å kvitta oss med formueskatten, er nasjonal kontroll. Om nordmenn slepp formueskatt, vil gradvis meir av norsk næringsliv hamna på norske hender. Eg tviler sterkt på at veljarane forstod dette på basis av korleis media dekte valkampen.

DÅRLEG KLIMADEKNING

Det andre temaet eg meiner vart slett dekt i denne valkampen, er klima. Miljøpartiet dei grøne, MDG, fekk mykje merksemd med kravet sitt om å avvikla norsk oljenæring. Gong etter gong fekk vi vita at om verda skulle nå to-grader-målet, må norsk oljenæring avviklast. Fleire av dei store avisene stilte seg nærast på sida til dette kravet. Men det er eit meiningslaust krav om det er klimaet vi tenkjer på. Noreg slepper kvart år ut 53 millionar tonn CO2, og 70 prosent av energien vi nyttar på fastlandet, er fornyeleg. I EU er den fornyelege delen på ein femtedel av den norske. Men ein stor del av EUs energibruk kjem frå norsk gass. Alternativet til norsk gass er i hovudsak kol, særleg etter at Tyskland vedtok å leggje ned kjernekrafta. Om norsk gass vert erstatta med kol, vil utsleppa i EU gå opp med 300 millionar tonn, seks gonger dei norske utsleppa. Etter at Storbritannia byrja å erstatta kol med norsk gass, har dei eine og åleine av den grunn redusert utsleppa med 25 millionar tonn. Til vi får teknologi som kan lagra vind- og solkraft, er norsk gass ein særs viktig del i EUs energimiks. Heller ikkje dette fekk norske veljarar vita i valkampen. Det var aldri eit tema. Heller ikkje at norsk olje og gass utgjer berre 2 prosent av verdas oljenæring og lett vil verta erstatta av produksjon som i hovudsak er meir ureinande enn norske produksjon. No skal det seiast at veljarane i særleg Rogaland såg dette. Sjølv om Stavanger Aftenblad skreiv at no stod valet mellom Irma eller Erna, vart Høgre klart størst i Rogaland, og dei borgarlege vann Vestlandet så det song.

INNVANDRING

Så var det innvandring, då, eller Listhaug, som førte ein god valkamp – ein så god valkamp at Venstre og Krf kjem til å krevja at ho vert flytta til eit anna departement. Forteljinga som media og Ap fortalde, var at det var retorikken det handla om, men at sjølve innvandringspolitikken vart den same. Men dette er heller ikkje sant. I dag er det slik at dei som er under 18 år, og kjem til Noreg for å søkja asyl, i hovudsak får mellombels vern, og vert sende ut når dei fyller 18 år. Før Listhaug var det under 5 prosent som fekk mellombels opphald, resten permanent. Ap vedtok på landsmøtet sitt å gå attende til den gamle tolkinga av regelverket. Med ei ny regjering ville det dimed verta nær fri innvandring for personar under 18 år frå land i konflikt.

Det er heller ikkje slik at Listhaug og Frp vil føra same politikk som Ap på andre innvandringsfelt. Den store drivaren for innvandring frå den tredje verda, er familieattforeining. SSB trur at med mellomalternativet for innvandring vil Noreg ha over åtte millionar innbyggjarar i 2100, og at dei fleste nye nordmenn vil ha bakgrunn frå Asia og Afrika grunna familiesameining. SSB seier vidare at kvar innbyggjar i Noreg vil måtte betala 10.000 kroner frå 2025 grunna denne innvandringa. Men sidan mange nordmenn har låg skatteevne, særleg dei med innvandrarbakgrunn, hamnar mange nordmenn langt over ein kostnad på 10.000 kroner. Dei vanlege mellomlagsfamiliane må dimed ut med store summar i skatt. Frp har programfesta at dei vil ha ned familiesameininga gjennom høge inntektskrav. Ap tvinga i vår Listhaug til å setja ned inntektsgrensa for slik å gjera det enklare å få henta familie. Det er eit faktum at det er stor skilnad på både regjeringas og Frps innvandringspolitikk og politikken ei ny regjering ville ha ført.

SAKNAR ANALYSAR

Ja, valet vart spanande. Men sakene som dominerte valkampen, vart ikkje presenterte på ein god måte av media. Det store problemet til norsk media er at dei ikkje analyserer, men dyrkar meiningsmålingar og konflikt. Det er ein sterk motvilje i det norske redaktørkorpset mot sjølvstendige og tydelege journalistar. Det skal alltid vera såkalla talking heads som skal dominera. Journalistar har diverre som oppgåve å ringja ein som seier noko gale, så skal dei ringja ein som seier noko anna, og så kjem konfliktoppslaga. Ja, vi får meiningar, men vi får ikkje vita kva konsekvensar meiningane får. Om ein les internasjonale aviser, vert ein kvar dag presentert for analysar, gjerne over to sider, som fortel kva dette og dette vil føra til. I den neste valkampen vonar eg noko liknande kan koma til Noreg òg, men det er vel for mykje å vona på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det store problemet til norsk media

er at dei ikkje analyserer, men dyrkar

meiningsmålingar og konflikt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis