JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ut av Dagsnytt 18

Det norske forsvaret må få større løyvingar, men då skal menn i uniform kome seg ut av studioa til norske mediehus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oberstløytnant Geir H. Karlsen er ein av mange frå Forsvaret som uttaler seg om Ukraina-konflikten i norske nyhendemedium.

Foto: Knut Støvne / Forsvaret / NTB

4036
20220311
4036
20220311

Kommentar

jon@dagogtid.no

Ja, eg er for at Noreg skal setja av vel 2 prosent av BNP, og eg seier vel av di BNP varierer, og vi bør ha ein margin å gå på. Dessutan er 2 prosent eit mål, eit symbol, som Erna Solberg faktisk har forplikta Noreg til å nå, rett nok i møte i utlandet, men ikkje her heime i budsjett. Min påstand er at Noreg etter Ukraina-krigen ikkje kan reknast som ein truverdig alliert utan at vi når dette målet.

Likevel er det delar av meg som lurer på om Forsvaret verkeleg er i stand til å kunna nyttiggjera seg dei vel 30 milliardar ekstra kronene som trengst årleg etter langtidsplanen fram mot 2037. Då eg voks opp, då eg gjennomførte verneplikta og i mange år etterpå, når det var krig eller uro ein stad eller til dømes Nato-toppmøte, nytta sjølvsagt media høgtståande offiserar til å kommentera saker.

Det dei alle hadde til felles, var at dei var pensjonerte og sat i sivil. Desse pensjonistane pla snakka fritt, og dei visste kva dei tala om. Pensjonistar hadde slikt å gjera. No sit det tjukt av unge og halvunge menn på ulike skjermar, alle tilsette i Forsvaret, alle i uniform og alle med akademisk tittel.

Eit sameint forsvar?

Meiner dei det same? Snakkar Forsvaret med éi tunge? Kan lesarane og sjåarane vera trygge på at vi har eit sameint forsvar? Nei. Éin meinte på førehand at det var så godt som sikkert at Russland kom til å gå til åtak på Ukraina, at Noreg måtte rusta opp, og at vi ikkje kunne lita eitt sekund på Putin. Ein annan var trygg på at her kom det ikkje eit åtak, og om det likevel kom eit åtak, som altså var veldig lite truleg, så var det eit resultat av Natos aggresjon og ekspansjon austover. Dessutan måtte vi ikkje auka spenninga i nord ved å invitera amerikanarane inn eller plassera nye våpensystem der.

Og så har vi ein kar med trønderbart. Han er min favoritt. Han fortel om korleis ein med enkle middel frå låg høgde kan setja fyr på ei stridsvogn via luftekanalane på baksida. Men det dei alle har til felles, er at dei sit i Oslo og meiner høgst ulike ting om Forsvaret og kva som går føre seg, og kvifor, i nærområda våre. Også under den kalde krigen vart offiserar utdanna av andre offiserar, men dei førte ikkje seminar på NRK. Forsvaret stod fram som samla.

Er det eitt inntrykk folk sitt att med etter alle desse mediestunta, er det at det meste av norsk forsvarspersonell sit i Oslo, er djupt usamde og tek feil. Det fyrste som bør skje, er at Forsvaret ryddar opp internt og held offiserane unna media.

Løyv pengar

Nok om menn i uniofor. Eg vedgår det ope, eg er ingen ekspert på Forsvaret, og eg anar verkeleg ikkje kva som bør kjøpast inn for 30 milliardar ekstra i året. Det tippar eg Forsvaret sjølv heller ikkje veit. Prioriteringane kan vi trygt overlata til den nye forsvarskommisjonen. Men vi bør straks og med ein gong løyva desse 30 milliardane, og desse pengar bør takast frå mellom anna høgskulesektoren, som er vorten altfor stor og kjøper inn tenester frå First House for å syna at han er berekraftig.

I tillegg bør det no verta slutt på alle desse store samferdselsprosjekta som Solberg og Frp var så glade i. Verda går gjennom ei råvarekrise. Alt av metall, sement og anleggsmaskiner går gjennom ein kostnadseksplosjon. Vi treng korkje ein ny E18 til Asker eller ei ny jarnbane på kvikkleire gjennom Moss. Vi hadde ikkje råd til eller bruk for det før heller.

Mange av dei ekstra 30 årlege ekstramilliardane vi må setja av, bør stå på konto i utlandet i nokre år, og fyrst når vi har funne ut kva pengane skal gå til, nyttast til innkjøp av utanlandske våpensystem. Å pøse 30 milliardar inn eit forsvar som ikkje er klar for det, er ei oppskrift på sløsing og auka inflasjon. I mellomtida bør vi øva meir, vedlikehalda meir og flytta offiserar ut av Oslo og Dagsnytt 18.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan lesarane og sjåarane vera trygge på at vi har eit sameint forsvar? Nei.

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis