Kommentar

Uklare klimatiltak kan hjelpe motstandarane mest

Får Industri- og Næringspartiet ufortent draghjelp av at dei store klimakutta Noreg skal ta, har for usikker effekt?

«INP er ikke et klimarealistisk, klimafornektende eller klimaskeptisk parti, like lite som det er et klimafokusert, klimahysterisk eller et klimafiksert parti», går det fram av programmet til Industri- og Næringspartiet.
«INP er ikke et klimarealistisk, klimafornektende eller klimaskeptisk parti, like lite som det er et klimafokusert, klimahysterisk eller et klimafiksert parti», går det fram av programmet til Industri- og Næringspartiet.
Publisert

Har eit klimafornektande parti slått seg ned midt i sentrum av norsk politikk – og det med så stor kraft at det har gjort seg fortent til ei eiga søyle i partibarometera? Ja, Industri- og Næringspartiet (INP) har iallfall fått dette stempelet hengande ved seg. Samstundes har det klatra over sperregrensa i fleire nasjonale målingar dei siste månadane og ligg an til å verte representert i mange av dei 138 kommunestyra der dei stiller til val.

Men stemmer det? Lat oss sjekke partiprogrammet. Klimakapittelet, som heilt medvite er skilt frå miljøkapittelet, byrjar slik: «INP er ikke et klimarealistisk, klimafornektende eller klimaskeptisk parti, like lite som det er et klimafokusert, klimahysterisk eller et klimafiksert parti.»

Ei rekke ord ein kan melde til Språkrådets nyordkåring der, altså, og leiarane i partiet har reagert kvar gong nokon har kalla dei noko som luktar av klimafornektarar. «Vi erkjenner at klimaet er i endring, og at vi må ta grep globalt for å gjøre kloden bedre for alle», sa partileiar Owe Waltherzøe til Klassekampen i juni. «Vi ser at klima er i endring, men tar ikke stilling til hvor mye som er menneskapt», skriv leiar og fyrstekandidat i Oslo, Inger Thorbjørnsen, i Vårt Oslo.

Likevel: INP er uklare i kva dei tenker om sanninga i rapportane til IPCC, og med det kor stor del av klimaendringane som er menneskeskapte. Dei vil melde Noreg ut av Parisavtalen, kutte alle avtalar om kvotekjøp, halde fram med å leite etter og bore opp olje («Utvikling, ikke avvikling» er slagordet deira), late vere å elektrifisere plattformer, stoppe all vindkraftutbygging, stoppe statleg støtte til karbonfangst og -lagring og alle andre klimatiltak dei hevdar har «symbolverdi».

Partiprogrammet deira er røysta fram av medlemmar sak for sak i ei Facebook-gruppe, og det er liten tvil om at det finst folk blant dei veljarane som ikkje hadde hatt noko imot at INP-leiinga hadde brukt meir fornektande omgrep om seg sjølv.

Symbolverdi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement