JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Totalitære tendensar

Dei liberale rettane som ytringsfridom, politisk deltaking og organisasjons­fridom er kjernen i vestlege demokrati, og det er grunn til å heva røysta når dei er truga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6309
20211112
6309
20211112

Slike åtvaringar kjem i dag frå to kantar. Den såkalla wokerørsla, representantar for ymse minoritetar, åtvarar om at rettane deira står i fare. Det gjeld både etniske og kjønnspolitiske minoritetar. På den andre sida blir det åtvara mot at nettopp desse gruppene, i sitt forsvar for liberale rettar, i realiteten vil innskrenka både ytringsfridommen og rommet for politisk aktivitet.

I kampens hete kan det sjå ut som både minoritetsvernet og ytringsfridommen blir omdefinert. Det er nødvendig å tenkja gjennom dette.

Reelle problem

For det første må ein då slå fast at det finst faktisk grunnlag for begge synspunkt. Judith Butler, amerikansk filosof og ein av dei viktigaste ideologane bak oppløysinga av den biologiske forståinga av kjønn, uttrykte bekymring i ein artikkel i The Guardian nyleg («Why is the idea of ’gender’ provoking backlash the world over?», 23. oktober). For ei som har stått heilt sentralt i kampen for rettane til den såkalla LHBTQI-gruppa, er det grunn til uro. Ein vil oppretta «transfrie» stader i Polen, kunnskap om homofili blir kasta ut av skulen i Ungarn, homofili er straffbart i ei rekkje land, og mange i denne gruppa blir utsette for vald.

Tyrkia har til og med trekt seg frå ein internasjonal konvensjon mot valdsbruk mot kvinner og barn. Dette er heilt reelle problem. Og vi kan leggja til hets av etniske minoritetar, som er eit stort problem i mange land, også vårt eige. Det vil ein oppdaga om ein undersøkjer kven som opplever hets når dei engasjerer seg politisk. Ungdom (særleg jenter) med ikkje-norske foreldre blir hetsa i ein grad som majoritetsgruppene sjeldan opplever.

Ikkje ugrunna

Bekymringane for ytringsfridommen er heller ikkje ugrunna. Per Petterson skriv i den nye boka si, Mitt Abruzzo, om problem med den amerikanske omsetjinga av ein av romanane han har skrive. Han fortel om ein person som leikar indianar og kvit i ein barndom på femtitalet, og som identifiserer seg så sterkt med leiken at han vil vera indianar. Det kan ein ikkje skriva i USA, for det kan verka sårande på dei som faktisk har indiansk opphav.

Den franske feministen Caroline Fourest skriv i boka Generation Offensée (Den krenkte generasjonen) at ein avlyser yogakurs i Canada for ikkje å såra den indiske kulturen, og amerikanske pensumlister blir reinsa for eldre forfattarar som har hatt feil syn på rase og politikk, som til dømes Rudyard Kipling, Fjodor Dostojevskij og Gustave Flaubert. Også Petterson fekk problem då han nemnde Kipling, utan å å leggja til ein fotnote om at han var rasistisk imperialist.

Argumenterer ein mot desse tiltaka, legg Fourest til, blir ein møtt med skuldingar om at ein driv med «mikroaggresjon» – ei argumentasjonsform som har eitt einaste mål, nemleg å stoppa diskusjonen straks.

Slik ror forsvararane av minoritetar og diskriminerte grupper seg inn i ei vik dei ikkje kjem ut av; den einaste måten å fremja rettane til (tidlegare) minoritetar på, er å nekta majoriteten den elementære retten det er å ytra seg.

På denne måten oppstår det ein utilsikta likskap mellom dei som faktisk vil undertrykkja eller forby visse grupper, som organisasjonane til homofile eller transpersonar, og dei som forsvarer desse gruppene. Dette blir slåande illustrert i slutten av Butlers artikkel. Ho framhevar – med rette – at det på ingen måte er noka semje mellom feministar, talspersonar for LHBTQI-miljøa og dei ulike kjønnsforskarane. Men dette er ikkje tida for å strida med kvarandre, skriv ho. No er tida inne for ein felles antifascistisk kamp.

Vil bruka statsmakta

Éin ting er at Butler samlar alle innvendingar mot hennar syn på kjønn i éin sekk, og kallar ungarsk totalitarisme, katolsk familiemoral og otte for aktivisme i akademia for variantar av fascisme. Meir interessante er eksempla ho nemner. Taktikken til den fascistiske anti-gender-rørsla er «å oppmuntra statsmakta til å gripa inn i universitetspensum, å sensurera kunst og TV-program, å ta borgarrettane frå transpersonar, å jaga LHBTQI-personar bort frå offentlege stader», i tillegg til reine trugsmål om vald.

Det har ho rett i, særleg i land som vender seg bort frå dei demokratiske tradisjonane, som Polen, Ungarn og Tyrkia. Men når ein ser på denne lista, kan ein seia så å seia akkurat det same om dei rørslene som i dag er aktive i forsvar for desse minoritetane. Dei har laga ein katalog over standpunkt ein ikkje har lov til å ha, og dei vil nettopp bruka statsmakta til å gripa inn i universitetspensum, fjerna kunst og laga reglar for TV-program. I dag er det truleg vanskeleg å få offentleg støtte til filmar og seriar der minoritetar i kjønn og etnisitet ikkje er representerte. Og dersom nokon argumenterer mot desse tendensane, er det svært store sjansar for at dei blir jaga bort frå både offentlege stader og til dømes akademiske stillingar.

Dette er ein ulykkeleg situasjon av fleire grunnar. Det blir sjåande ut som ytringsfridom er ein ideologisk fane for det politiske (ytre) høgre, som ikkje alltid tek det så nøye verken med ytringsfridom eller liberale rettar når det gjeld kjernesakene deira (til dømes innvandringsspørsmål). Men ytringsfridom er ein kjerneverdi for alle demokratiske grupper.

Sterkt vern

Men det er eit større problem her. Alle undertrykte minoritetar som har kome ut or skuggane og funne si eiga stemme, har det til felles at dei har brukt ytringsfridommen. Det har vore deira sterkaste vern og deira sikraste forsvar. Det gjeld også dei seksuelle minoritetane, som har vunne ein plass i ålmenta nettopp fordi dei fekk rett til å tala og tok den retten i bruk. Difor er det så paradoksalt at ein grip inn i andre sin rett til å tala.

I kampen mot totalitære tendensar må ein ikkje tenkja totalitært. Det alle antitotalitære aktørar har felles, er trua på ytringsfridommen. Når ein nærmar seg ei innskrenking av denne fundamentale retten, bør alarmen gå, same kva slags gruppe ein høyrer til eller meiner seg å representera.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle undertrykte minoritetar som har kome ut or skuggane og funne si eiga stemme, har det til felles at dei har brukt ytringsfridommen.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis