Kommentar

Eit dårleg eigna land for solceller

Solenergi er eit godt klimatiltak. Men ikkje i Noreg.

Solcellepanel på tak på Stovner i Oslo. Kjelde: Foto: Gorm Kallestad / NTB
Publisert Sist oppdatert

Det blir iblant sagt at Noreg må auke kraftproduksjonen kraftig om vi skal nå klimamåla, anten det er måla for 2030 eller lenger fram. Det er sjølvsagt ikkje rett at vi må det. Noreg bruker om lag 135 TWh i året, eit mykje høgare kraftforbruk i høve til folketalet enn mest alle andre land. Danmark bruker til dømes berre 35 TWh. Dagens norske kraftforbruk er større enn Danmarks totale energiforbruk, og Danmark er jo eit rikt og vellukka land.

Fleire alternativ

Viss vi likevel meiner at vi treng «meir kraft» i Noreg for å nå norske klimamål, er det fleire alternativ. Eitt er å kutte dei undersjøiske kraftkablane frå Sørvest-Noreg til England og kontinentet. Her nettoeksporterer vi mellom 10 og 25 TWh kvart år.

Eit anna alternativ er å redusere straumstøtta til kraftkrevjande industri, som bruker litt over 40 TWh i året. Viss denne industrien må betale høgare straumpris, vil han redusere produksjonen og frigjere kraft.

Likevel er det openbert slik at meir fornybar kraftproduksjon reduserer behovet for fossil energi. Eit omkvede er at dei to oppgåvene for å kutte alle utsleppa er å elektrifisere all energibruk og gjere all kraftproduksjon fornybar. I rapporten sin foreslo energikommisjonen at Noreg burde ha som mål å auke produksjonen av solkraft med 10 TWh innan 2030. Dette er mykje. I dag produserer Noreg 150 TWh med kraft totalt. Av dette er om lag 90 prosent vasskraft og om lag 10 prosent vind. Solkraft står for 0,5 TWh.

Solkraft og økonomi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement