Samfunn

– For mykje av definisjonsmakta ligg i Oslo

Ola Borten Moe (Sp) vil ha ein ny nærings-, energi- og klimapolitikk. Sivert Bjørnstad (Frp) vil slanke offentleg sektor. Men kva vil tidlegare Trønder-Avisa-redaktør John Arne Moen med den nye tankesmia Mime?
 

Sp-politikar Ola Borten Moe (t.h.) og Frp-politikar Sivert Bjørnstad (Sp) medverkar som skribentar i den nyoppstarta tenkjetanken Mime, leia av mangeårig pressemann John Arne Moen (i midten).
Publisert

Det er kjende namn den tidlegare Trønder-Avisa-redaktøren John Arne Moen har henta inn for å markere oppstarten til tenkjetanken Mime, som han sjølv skal leie. Skribentane som opnar showet, er Senterpartiet-politikar Ola Borten Moe, Framstegspartiet-politikar Sivert Bjørnstad og tidlegare redaktør i Bergensavisa – no dagleg leiar i Maritime Bergen – Sigvald Sveinbjørnsson.

Borten Moe skriv at sjølv planøkonomane i Moskva tidleg på 1930-talet truleg ville ha takka bestemt nei til energi-, nærings- og klimapolitikken Noreg har utvikla dei siste fem åra. Bjørnstad ber staten halde seg unna næringslivet, og Sveinbjørnsson skriv at sjømakta her i landet må byggjast opp. 

I tillegg kan vi lese om svært offensive tiltak for å få opp talet på barnefødslar, tilrådd av Erik Fløan, som har bakgrunn frå journalistikk, næringsliv og Trondheim Høgre.

Kva slags tenkjetank er dette? Ein leikeplass for høgtenkjarar til høgre i det politiske landskapet, med tyngdepunkt i Trøndelag? 

Tyngdepunkt langs kysten

Sjølv vil Moen definere tenkjetanken til korkje høgre eller Trøndelag, viser det seg, men tyngdepunktet skal liggje utanfor hovudstadsområdet. I ei Facebook-oppdatering skriv han: 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement