Kommentar
Tida for store utbyggingar er over
Vil du vinne stortingsvalet til hausten? Då bør du tenke smått.
Eg trur vi kan slå det fast alt no: Stortingsvalet 2021 vert valet då ein ikkje kjem utanom distrikta.
Om Høgre kanskje ikkje har vore like heldig med distriktsminister Linda Hofstad Helleland som SV har vore med sitt distriktsalibi, Torgeir Knag Fylkesnes, er dei alle misunnelege på Trygve Slagsvold Vedum, som ikkje treng å snakke distriktspolitikk lenger fordi alle veit kva han meiner. Han er på det distriktsvenlege laget. Og i valkampen 2021 er det der ein vil vere. Men kva inneber eigentleg det? Kva er det denne distriktsbølga inneheld?
Lat oss byrje i andre enden – med kva ho ikkje ber med seg. For det vil diverre ikkje seie at folk i distrikta jublar for kvar ei stor satsing som kjem vår veg. Om det er ferjefri E39, Nord-Noreg-bane, nytt stort, fint sjukehus eller nysamanslått, stor høgskule, universitet eller region – fleirtalet slår ikkje hælane i taket for noko av det.
Begeistringa etter vedtaket om Tromsø-toget var meir lågmælt enn dei fleste ja-stemmene nok hadde sett føre seg – sjølv i nord. Og eg trur mange møringar og romsdalingar ynskjer sjukehuskamp dit peparen gror, sjølv om nokre av dei vann til slutt.
Fortryllinga som brest
«Tiden for de store vannkraftutbyggingene er over», sa ein statsminister ein gong. Eg trur tida no er inne til å gjere den setninga endå meir generell: Tida for dei store utbyggingane i Noreg er over.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.