Kommentar

Tala som vart feil

Det gjekk ikkje som meiningsmålarane og NRK trudde. Og i Sogn og Fjordane lurte Ap- og Sp-veljarane seg sjølve og gav kandidaten frå Høgre ein plass på Stortinget.

Partileiarane står skulerett for Oslo-media etter valet. I ei ideell verd hadde det vore motsett.
Partileiarane står skulerett for Oslo-media etter valet. I ei ideell verd hadde det vore motsett.Partileiarane står skulerett for Oslo-media etter valet. I ei ideell verd hadde det vore motsett.
Publisert

Nokre var ekstra glade for at det gjekk som det gjekk i valet. På kvelden og heile natta etter at vallokala stengde, stod denne setninga på toppen av Nrk.no og grafikken dei hadde laga: «Venstresiden har vunnet!» Så kom tydelegvis ein gamal kynikar på arbeid. På formiddagen dagen etter vart ropeteiknet fjerna.

Men NRK var ikkje åleine om å bomma litt i valdekninga. Det gjorde også meiningsmålarane. Den beste målinga skal vera Norstats supermåling for NRK som vert publisert fredagen før valet. Der vert over 11.500 spurde, ti gonger så mange som i ei vanleg meiningsmåling.

I år burde supermålinga og andre målingar ha vore ekstra presise i veka før valet. For då førehandsrøystinga vart stengd fredag den 9. september, hadde heile 1,65 millionar røysta, noko som utgjorde 57,8 prosent av dei endelege røystene – ein kraftig oppgang frå 2017, då 36 prosent førehandsrøysta, som også var ein suveren rekord.

Feila

Meiningsmålingane i dagane før valet vart med andre ord langt på veg ei kartlegging av kva dei som alt hadde røysta, hadde røysta på. Det gjekk med NRKs supermåling som det gjekk med dei andre meiningsmålingane, dårleg. «NRKs siste måling før valet viser at det går mot regjeringsskifte, men at Jonas Gahr Støres ønskeregjering Ap, Sp og SV mistar fleirtalet. Valkvelden blir ein neglebitar for småpartia. Fire av dei har kara seg over sperregrensa.»

MDG skulle få 4,9, dei fekk 3,9. Sp skulle få 11,9, dei fekk 13,5. SV, som NRK utropte til valkampvinnar dagen før valet, vart målt til 8,9, dei fekk 7,6. Ap, på si side, synte meiningsmålinga, skulle få 24,7. Dei fekk 26,3. Trass i at så mange røysta på førehand og så mange vart spurde, bomma Norstat klart og tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement