JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Takksemd og nasjonsbygging

Det sameinte kongeriket tok avskil med Elizabeth II med stil og ny debatt om arven frå fortida – og om det som skal skje no.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5989
20220923
5989
20220923

Som George Bernard Shaw eingong sa: «Kongar trer ikkje berre fram, dei vert skapte
av ein kollektiv hallusinasjon.»

– For fyrste gong på 70 år må britane no syngja «God Save the King». Og no er det igjen mogleg å tala om King’s English. Teatera i London vil verte omdøypte til His Majestys’s Theatre, slik dei også gjorde ved tidlegare tronskifte, i 1837, 1901 og 1952.

Det har vore ei underleg veke i øyriket. Ei bisarr blanding av trivialitet og britisk stil. Ikkje utan innslag av kongefjesk me er framande for her heime.

Sjølv for ein prinsipiell republikanar gjer det inntrykk å sjå gamle heiderskrona offiserar stå i gjevakt og helsa kista i djupt alvor. Også vanlege folk i det ein må kalla genuin sorg.

Grunnen er klår: Dronning Elizabeth har vore eit slags fast punkt for to–tre generasjonar i ei omskifteleg verd. Lat oss ikkje undervurdera det. For ein som heile livet har vore oppteken av formene for politisk autoritet, har dette vore ei fascinerande oppleving av politisk symbolisme. Og styrken i nett denne symbolismen, midt i all journalistisk dekonstruksjon og modernitet. At Charles spontant møtte folket direkte – det gjorde Elizabeth aldri – er eit viktig teikn.

Kontinuitet og omskifte

Kommentatorar her peiker på den enorme oppslutnaden rundt kista til Elizabeth II i Skottland. Dei ser det som teikn på at kravet på skotsk sjølvstende er svekt. Det er nok overflatisk sett. Nett uroa i Skottland og Boris Johnsons spel med Nord-Irland-avtalen vil verte Charles’ fremste oppgåve framover.

I det heile må Charles no finna ei ny rolle for monarkiet. Det er her sitatet frå George Bernard Shaw kjem inn. Det må ein viss kollektiv hallusinasjon til.

Tida hans vert å forma eit velferdsmonarki, ikkje med sverd og hangarskip og imperial nostalgi, men med saks som opnar nye hospital. Det er seks millionar i kø no for behandling i det britiske helsevesenet, NHS. Start der.

Soft power

Vi må ikkje gløyma at monarkiet enno har ganske mykje soft power – indirekte påverknadsmakt. Spenninga mellom Elizabeth og Margaret Thatcher kom til dømes av at usemja over Sør-Afrika. Elizabeth ville ikkje vitja landet under apartheid, og venskapen hennar med Nelson Mandela vart legendarisk. Han var den einaste som kunne kalla henne Elizabeth og ta henne i armen.

Og det skal Charles ha: Han var tidleg ute med økologisk tenking og praksis. At dronninga ville at nett folk frå NHS skulle gå fyrst i gravfylgjet, seier mykje. Og gløym ikkje at då Johnson ville senda asylsøkjarar til Rwanda, kom dei hardaste protestane frå kyrkja og monarkiet.

Den fyrste talen Charles heldt som monark, slo godt an. Der talte han om å koma alle trusoppfatningar i møte og tena folket som mora. Han ville forsvara faiths – ikkje the faith. Og talen var fri for sentimental imperiumsnostalgi. Han slo an mantraet til mora: å tena.

Kjensler

Kven kom i syrgjefylgjet? I møte med den store oppslutninga kring kista slo sosialpsykologane til og minte om kor mange behov og kjensler som vert lesne inn i køane kring henne.

Folk har trong til å verte lyft ut or kvardagen, seier dei. Gjera noko ut over ein sjølv. Mange les eigne sorgrøynsler inn i defileringa – ei form for projisering, med andre ord. Stephen Reicher i The Guardian skreiv at sorgferda minte han om sorga for hans eiga mor.

Monarkiet kan spela på kjenslemessige straumar som folk kan kjenna seg att i. Dei kjem opp nett ved høve som dette.

Storbritannia er eit multietnisk, multireligiøst samfunn no; den anglikanske kyrkja er ikkje lenger ei lokalavdeling av Tory-partiet, men ein kritikar av ulikskap og for sosial rettferd.

Enoch Powell, som i 1968 tala om «elver av blod» i rasekampen som ville koma, har ikkje fått rett. Men Storbritannia er framleis det mest ulike samfunnet i Europa. Den noverande statsministeren Liz Truss kjem ikkje eingong med symbolske fakter om å gjera noko med det. Her får Charles ei utfordring.

Under press

Folket er også langt mindre deferential, som britane seier det, altså mindre viljuge til å ta autoritet for gjeve, underdanige, enn i 1952. Den moderne, fragmenterte mediesituasjonen understrekar også dette.

Velutdanna britar av alle slag er meir innstilte no på å stilla dei tunge spørsmåla gjennom all kongeleg pomp og prakt: Er ikkje stunda no komen for å demokratisera landet og fjerna eit statsoverhovud som sit der som resultat av det tilfeldige spelet av gen? Ein mann som attpåtil er milliardær etter fiks bruk av unntak i skattelovgjevinga? Og som gjev alt vidare til slekta utan innsyn?

Den delen av folket som stør monarkiet, søkk med alderen; dei unge er mest skeptiske – ei anna utfordring for Charles.

Massesjela

Samstundes oppstod det ei slags karnevalsemning der folk stod i lag. Dei drakk te saman, dei fekk nye vener, men vart høgtidelege når dei kom nær Westminster Hall.

For over 150 år sidan slo den franske sosialpsykologen Gustav le Bon fast at folkemengder utviklar ei «massesjel». Ei felles oppleving bortanfor sitt eige sjølv. Det fører til at dei trur på dei enklaste slagorda og lèt seg driva med.

Det såg vi i London denne veka. Vi såg ein elementær etappe av nasjonsbygging tilpassa ei ny tid og ein ny monark.

Det vil ikkje seia at dei divergerande røystene vart borte. Britane oppløyste sitt kolonirike utan ein Algerie-krig. Men etterlét seg likevel ein arv av vald.

Mau Mau-opprøret i Kenya på 1950-talet kjem høgt opp i råskap frå Londons side, med konsentrasjonsliknande leirar.

Denne sida ved kolonialismen kjem no meir og meir fram. Og talet på historiske verk med titlar som «Kva britane gjorde med India» har ingen ende.

Historia tek ikkje slutt med Elizabeths bortgang, men ein epoke er over. Dei respektlause seier at suksessen til monarkiet kjem av at det er verdas lengste såpeopera.

Bernt Hagtvet er professor i internasjonale studier ved Oslo Nye Høyskole og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis